lørdag 7. november 2009

Flinke hundar på Skjæveland

I dag skulle det vere med to frå runderingskurset vårt på vanleg trening. Og dei imponerte! Her var det ingen som hadde gløymt lærdomen frå kurshelga! Molly sprang som ein strikkball mellom figurantane. Kjempebra! Balder på 5 månader var ikkje langt bak han heller. Han kryssa fint mellom figurantane. Desse to kan bli flotte runderingshundar så eg håper dei heng med framover.

Ekko hadde ikkje rundert skikkeleg på lenge. Og kondisjonen er laber med ei travel matmor. Han sprang fint ut til første, kom ikkje skrått inn til meg ( det stod mange bilar der så det kan jo vere med å påverke), kryssa fint. Men så sa det stopp. Han såg i lufta. Lot han stå slik, men då eg skulle be om lyd, gjekk hunden for å gjere viktigare ærend...
Fekk ropt han inn og frå då arbeidde han godt. Bruker tydeleg overvêr og planlegg løypa. Eit minus såg eg og det er at han stoppar opp like etter han har kryssa meg. Eg vil ha han til å springe automatisk, ikkje stoppe for å sjekke ut via nasen om det kan vere vits i å springe.

Heldigvis rakk vi to økter så no fekk eg konsentrert meg om fin flyt mellom figurantane. Denne økta var veldig bra. Han fekk ikkje lydpåverknad eller innkalling. Kryssingane var fine og han sprang ut fort. Eg hadde fått figurantane til å vere halvveges synlege slik at det ikkje skulle friste til stopp.

Etter runderinga fekk han seg eit novemberbad og tur saman med Maja.

Dagen tok tydeleg på oss begge for vi slokna etter maten begge to. Han søv tungt enno...

1 kommentar:

Gro sa...

Veldig lurt å ta den andre økta med fokus på flyt mellom figurantene.
Sikkert greit å variere litt hvordan vi trener og spesielt etter litt lengre treningsopphold.

Kan også huske på dette med klapperekke først av og til, slik at det går litt tid mellom påvirkning og utsending.

Jeg må selv nå huske på å variere mellom å trene passering og å sende ut fra stillestående, slik at de ikke blir avhengig av å alltid få påvirkning etter å ha stoppet på midtlinja.

Ser ut som din blogg "henger igjen" i et gammelt innlegg for tiden.... vet ikke hva en kan gjøre med det??