onsdag 6. januar 2010

Eg fann endeleg beinet mitt


Trudde de at eg stakk hovudet i snøen for at de ikkje skulle sjå meg? Akkurat som ein dum stork.

Nei du, eg visste eg hadde lagt eit bein der. Men det kom altfor mykje snø og eg måtte gje opp. Har dagleg vore borte og sjekka, men ikkje napp. Nå etter to veker greidde eg å få tak i det. Det var like kaldt som når eg får det av matmor. Tabbe. Eg plar legge det ut for at det skal tine. Men det smakte godt :-)

Matmor har forresten lese i avisa at hantikkene ligg under snøen og koser seg.... Det hadde ikkje eg tenkt. Trudde dei ville dødd no når det er så kaldt.

Kaldt ja, matmor frys i kinna og på nasen så det er korte turar eg får. Trur ho innbiller seg at eg ikkje bør vere ute så lenge. Men de er bare tull. I NKK står det at korthåra hundar treng kler på seg ute. Men at langhåra hundar som Maja og dei kunne springe fritt. Då såg matmor på me. Pøh! eg er ikkje korthåra, bare så ho veit det! Det er ho som frys, ikkje eg!

Eg er forresten spent på koss det vil bli å rundere på laurdag.....

mandag 4. januar 2010

Den første treninga i 2010.

Så var vi i gang. Første trening og godt oppmøte i kulda. Anne Lise og eg jobba saman og vi tok oppgåver som fekk både hund og menneske aktive.
  • Meldetrening med snø som utfordring. Ekko sprang fint ut, helsa på Anne Lise og tok seg ein tissetur. Blei ropt inn igjen. Då gjekk det fint. Så hadde han ei kaninjakt, men alle dei andre øktene var fine. Scotty var òg ivrig og flink.
  • Innkalling. Første gongene var det utan forstyrrande element. Han kom som ei kula. Etter pausen fekk han to økter med Scotty og Faya som forstyrringar på sidelinja. Han oversåg dei heilt og hadde god fart mot meg.
Det er tid for å setje opp måla for våren. Eg har ikkje kome så langt, men fann eit blogginnlegg av Maria Hagstrøm med gode råd. Her finn du dei:

Att närma sig målet?
• Vad har du idag som hjälper digs att nå dit du vill?
· Vilka delar behöver förbättras?
· Vilka nya moment behöver jag lära min hund/ eller vilka nya saker behöver jag själv lära mig?
· Vilka delmål kan jag ha på vägen?

Strukturera upp dina planer, kortfattat eller omfattande beroende på vad som känns bäst för dig. Det viktiga är att du uttrycker dig tydligt. Behöver du tillexempel ha ett bättre kryp för att lyckas med målet, skriv vad i krypet som behöver bli bättre. Tillexempel din hund behöver lära sig krypa med korta bakbenssteg för att få en teknik där han blir låg. Precis som vid ett kriterium är det viktigt att kunna tala om exakt vad jag ska lära min hund. Konkret och kortfattat. Skriver du bara att jag ska ha ett bättre kryp är det mycket svårare att hitta rätt träningsdelar och helt omöjligt att utvärdera . Var tydlig även när du sätter attitydsmål. Hur vill du att hunden ska se ut i olika delar, precisera!

Samma sak med dig själv- precisera vilka delar du behöver tillexempel för att bli en bättre tävlingsförare. Lika konkret och i delar som går att utvärdera och följa upp.

När du vet vad du behöver göra för att börja röra dig i målets riktning är det dags att göra en taktik.

•Vad ska du träna på och när?
•Vilka delar är prioriterade?
•Hur ser tidsplanen ut för mål och delmål?
•Hur och vid vilka tidpunkter ska du utvärdera?

Från och med nu är allt viktigt som du gör på träningen- fråga dig efter varje träningspass om just detta träningspass lett dig framåt! Om inte - ny taktik!

Vil du lese heile så finn du det her.

fredag 1. januar 2010

GODT NYTT ÅR! Vi overlevde..

Denne juleferien har vore deilig. Skikkeleg vinter ute. Måltid og samtalar med menneske som eg er veldig glad i. Og det kjekkaste av alt, syns Ekko: romjul og nyttår i Bergen. Ekko elskar å springe opp og ned trappene, vere velkomstkomite kvar morgon, få turfølge, ha hage å tisse i, kjøkkenbord med god plass under og gode matlukter... Livet har vore heilt topp, syns han.

Eg grudde meg til nyttårskvelden. Ekko har vore så var etter den dagen med skot rett utanfor kjøkkenvinduet. Sist gjekk det veldig fint å la han ligge under kjøkkenbordet medan vi koste oss med brettspel. Denne oppskrifta skulle vi bruke denne kvelden òg. Til vår overrasking begynte oppskytinga tidleg og det var tydeleg at alle naboane var heime og hadde handla stort... Det smalt og smalt. Ekko blei uroleg, men med litt pølser og kos roa han seg og somna mellom slaga. Eg skulle ikkje gå nokon plass. Han låg med snuten på foten min. Reiste eg meg fulgte han etter. Klokka 24 var faktisk ikkje reddare enn at han kunne leike med forkulene, men eg måtte ikkje kaste dei langt bort frå meg. Han skulle vere nær.
Når eg tenkjer på dei 2 første julane der han skalv, ikkje ville ha mat, klynka, var kvit om munnen osb så er dette skikkeleg framgang.

No er vi snart klar for trening, turar og hundeliv i 2010!

Godt nytt år!

søndag 20. desember 2009

GOD JUL


Vi ønsker alle våre gode hundevener ei flott jul!
Takk for eit triveleg, nyttig og lærerikt samarbeid i 2009.

Helsing Aud Venke og Ekko

lørdag 19. desember 2009

Det snør, det snør og vi trener og trener

I dag vakna eg og hadde absolutt ikkje lyst til å dra på trening. Men eg kom meg heldigvis avgarde for på Skjæveland var Marit, Jan Inge, Kari L. og Silje.

Under heile treninga snøa det. Skikkeleg vinterstemning!
Ekko var 4.hund ut. Figurantane var Jan Inge og Silje. Eg ville prøve enkeltslag på første slag. Jan Inge sprang inn i skogen medan Ekko såg på. Eg ville at han skulle bli litt gira. Ekko sprang fint ut, tok bittet ,kom i full fart inn, sette seg i utgangsstilling (men litt langt frå meg), sprang i full fart ut til Jan Inge. Kjempefint! Eg er strålande nøgd med enkeltslaget!


Resten av runderinga (ca 10 slag) gjennomførte han fint med flying. Holdt god fart og jobba godt. Eg var visst litt kjapp til å rope han inn eit par gonger. Hadde ikkje tenkt å rope, men såg at han slurva litt med å drive framover på veg tilbake frå figurant. Alt i alt ei god arbeidsøkt av den firbeinte. Kan ta runderingsjul med godt samvit. Kanskje blir det litt enkeltslagtrening i ulike miljø i jula, men bare visst vi får lyst ;)

Det har snøa heile dagen og ikveld måtte eg ta nokre bilete av terrassen. Her er eit av dei.