søndag 5. mai 2013

Kom mai, du kalde, våte....


Feltsøk.  Foto: Gry H
4.mai var ei kald oppleving. Kari, Gry og eg møttes på Skjæveland. Trudde vi hadde kledd oss godt, men måtte etterkvart innrømme at vi mangla både votter og varmeputer.. Men det hindrar ikkje oss frå å trene med dei firbeinte. Vinden var sterk inne i skogen og svak ute på vegen. Dette gjorde det vanskeleg å velge midtline. Gry og Kari bestemte seg for vegen.
Eg tenkte at eg skulle nytte høve og trene overvêr. Gry og Kari gøymte seg godt. Eg slapp Ekko laus og bad han passe på. Han fekk kjapt ferten av Gry. Ut og hente lausbitt og inn for å melde. Kjempebra!
Gry leika han inn til vegen igjen. Så var det å gå nederst i skogkanten for å sjå om vi fann Kari. Ekko ser heilt uinteressert ut. Snuser, tisser, grev i jorda. Og eg blir i tvil. Så set han nasen høgt, spring litt innover, men stoppar opp. Fortset med snusinga. Men endeleg. Full fart innover. Det viste seg at Kari var langt inne i skogen så det tok nok litt tid før ferten var tydeleg. Men fin melding og funn.
I mellomtida hadde Gry gøymt seg på nytt. Vi kryssa vegen og Ekko såg like uinteressert ut som før. Eg byrjar å mase på søk. Skjønar ikkje kvifor eg masar slik. Han pleier jo å ha kontrollen. Og jadå. Midt i uinteressa, går nasen opp og innover med han. Full melding. Kari var på ny gøymt i skogen. Medan vi søkte etter henne, dukka det opp ein laus hund. Fekk Ekko inn før han oppdaga det og fekk gitt Kari beskjed om at Ekko skulle rett i leik om han fann henne.
Heldigvis gjorde vi det slik for medan han var i leik hjå Kari kom ein familie inn i skogen. Ei lita jente prøvde å halde to bordercolliar i band. Såg ikkje enkelt ut. Dei sleppte dei rett etter at dei var gått forbi oss, men då var heldigvis vi ferdige med økta.

Det var ikkje snakk om store matpausen mellom dei to øktene. Var for surt og kaldt til det.
Premie! Foto: Gry H
Alle tre hadde lyst til å prøve feltsøk i økt to. Så vi inn i skogen og prøvde å tenkje vindretning og lage oss ein korridor på best muleg måte. Den blei ca 5 meter brei og minst 50 meter lang.
Nicole var først ute. Gry vifta med gjenstanden langt der ute. Så kom ho inn og Nicole sette i gang. Morsomt å sjå kor godt ho jobba. Eit vellukka funn. Så skulle ho få ei utfordring. Eg gjekk ut med eit lite tøystykke. Så lite hadde ho aldri leita etter før. Men Nicole fann det og plukka det opp, men å springe inn med noko anna enn ei leike var ikkje lett. Ho fekk premie for å gjere funn.

Ekko var neste ut. Han sette i gang, men fekk ferten av Kari, som var ved bilen og slo inn på overvêrsøk i staden. Måtte ropast inn. Dette skjedde to gonger. Då gjekk Kari ut med ein hanske og gøymte den. Kom inn igjen. Då kobla Ekko og søkte innanfor korridoren. Fann hansken og kom inn og leverte. Så ut igjen for å hente tøystykket som no hadde lege der ei stund. Ikkje noko problem. Gjenstand funne og levert.
Medan eg premierer og står med ryggen til, går Kari ut med siste gjenstand. Den ligg heilt ute ved slutten av korridoren. Ekko held seg no fint i korridoren og finn gjenstanden og avleverer fint.

Eg som hadde gløymt ut at det var gøy med feltsøk. No skal det bli meir av det framover.

Det var godt å kome seg heim for å tørke og varme meg. Men som alltid: kjekt å trene og ha ein trøytt hund i heimen.

onsdag 1. mai 2013

Varierande trening på ein kald 1.mai.

Lise, Gry og eg hadde avtalt å møtast på Sviland i dag. klokka ti slik at vi ikkje hamna borti det store vårsleppet (MC-gjengen på 1.maitur) på motorvegen.

Heldigvis drog vi så tidleg for etterkvart dukka det opp ein mengd redninghundfolk som skulle trene.

Eg hadde ikkje kobla hjernen inn på at ein treng walkie til rundering på ein onsdag òg... Det gjorde det mykje vanskelegare å få gitt kvarandre meldingar undervegs. Og når eg midt i alt mistar mobilen, blei det litt kaos. Men alle tre hundane fekk seg ei runderingsøkt før redningsfolka overtok området.

Ekko fekk framleis drive med flying og rett i leik. Denne gongen leika han vilt hjå Gry, men ville ha godbitar og kos hjå Lise. Såg ut til at han likte begge deler like godt for han kryssa i god fart over begge retningar. Kondisjonen er tydeleg blitt betre dei siste vekene. På siste slaget ut til Lise, sprang han fort ut. Lise sa at han stoppa der skogen slutta og stod litt før han snudde. Det eg såg, var ein hund som kom i full fart for å drikke i ein stor pytt. Sendte han på siste slaget opp til Gry.
Nå skal eg begynne forsiktig med meldingar igjen og samstundes prøve å halde kondisjonen oppe.
--
Klokka 12 kjørte vi ned til området til retrieverklubben. Vi forstod fort at det ikkje var aktuelt å utvide områdebruken for "overalt" dukka det opp redningsfolk. Ok. sporet vi hadde tenkt på, måtte gjerast på ein annan måte. Gry tok grusspor på vegen, Lise spor med vinklar nederst på området og eg grusspor på parkeringsplassen. Eg trur jo at hunden min får til alt så at eg måtte legge sporet slik at det kryssa spor eg nettopp hadde gått, bør han vel ta? At det var på grus som vi sjeldan går, gjer vel ingenting? Som pedagog har eg lært at vi skal utfordre utanfor flytsona/komfortsona til eleven....

Ekko starta fint bak bilen til Lise, tok første vinkel, men på nest vinkel ville han ligge litt til høgre for der eg hadde gått (oppdaga jo då at vinden hadde auka og at lukta av meg nok var sterk der), men han var ikkje i tvil om retningen. Brått var det ut for å tisse ved eit tre, men sidan eg stod stille så kom han tilbake og fortsette sporet (no nøye) i le av vinden til han bak brakka fann tennisballen. Konklusjon: Han tar grus greit, men trenaren må følge meir med på vindretningen (sjølv om den innimellom hadde ein liten pause) viss ho vil ha hunden til å gå nøyare.
fotograf: Lise Lunde

Gry og eg ville ha feltsøk. Ekko hadde ikkje prøvd det sidan området var nytt og han var ein unghund. Lise hadde òg lyst til å teste Scott på det. Han hadde aldri prøvd feltsøk.

Alle tre tråkka området før start. Det er fascinerande å sjå at alle tre hundane forstod at det var dumt å søke utanfor området. Hamna dei der, var dei fort inne igjen. Tenk om det var like lett å lære menneske slikt?
Eg la ut ein hanske og ein tøybit på området. Henta hunden og gav han beskjed om å søke felt. Flinkaste hunden fann hansken, leverte og fekk godbit og kos før han sprang ut igjen for å finne neste gjenstand. Ikkje vanskeleg det heller. Så var det to rundar der Gry la ut og Ekko måtte finne. Gjekk strålande det òg. Flinke sporhunden!

No skal det innrømmast at vi ikkje arbeidde med eit nøye feltsøk der hunden jobba jamnt og tok for seg heile området strukturert. Det var ingen av våre trent på. Vi ville bare ha dei til å leite rundt for å sjå ka dei kunne finne.

No regnar det, Ekko søv tungt og matmor er nøgd med treningsøkta.

lørdag 27. april 2013

To gode bruksdagar.


 Sist laurdag var vi på Skjæveland og trente rundering. Der hadde vi same opplegget som veka før. Flying og rett i leik. Her skulle det trenast på fart. Farten var kjempegod på den eine sida av midtlina, men på den andre.... Oppdaga det same med dei andre hundane. Det vi trudde var omtrent vindstille, var nok ikkje det. Den eine figuranten låg perfekt i nasen. Den andre ikkje i det heile.

I andre økta hadde eg 4 lausbittmeldingar og resten rett i leik. Han melder fint.

---
I dag var det spordag på Dale. Gry&Silja, Eldrid&Alfred møtte opp i sola. Eldrid la to korte spor, Gry 4 beine spor på ulik lengde. Min plan var klar: Eit par korte spor, beine. Og eit langt. Skulle trene på spornøyaktighet.
Ok. Ut for å legge spor. Startar med det første. På grunn av terrenget må eg legge inn nokre vinklar, hoppe over ein bekk, men pytt. La ein pose med godbitar i ei grop. Gjekk så vidare. Ut på vegen og eit stykke nedover før eg starta på det lange sporet. Sleppe meg ut på tur, er ikkje bare, bare... Eg vandra avgarde i eigne tankar. Slapp ned ein godbit i ny og ned. Brått tok eg ein 90graders vinkel for å gå inn i ein skog. Så ut på eit meir fuktig område, før det stig oppover. Hjelp, eg kjem visst til ura, tenkjer eg og tar ein sving bort frå det. Og slik held eg på. Nei, no må eg stoppe. Nei, kanskje litt til. Til slutt finn eig ei djup hole. Der går eg nedi og gøymer ein tennisball.
Så er det å nyte sola ute saman med Ekko.

Etter vel ein time bestemmer eg meg for å gå sporet. Eldrid vil vere med for å sjå på.
På med selen og fokuset er klart. Sporing. Eg strevde litt med å finne starten då det viste seg at ein eller annan med svart/gul plastikkmarkering, hadde meir enn eit merke hengande etter seg i skogen. Men vi fann det rette og Ekko gjekk sikkert avgarde. Tok første vinkel bra, men så kom nasen høgt. Eg stod stille og lot han jobbe. Etter litt virring, var han skråsikker. Denne vegen, mor! Bekken hoppa han over akkurat der eg hadde gått og slutten stoppa han ved. Snuste grundig. Her var det noko. Premie og skryt!. 

Eg tok ikkje av han sporutstyret, for eg ville at han skulle binde desse spora saman. Det gjorde han flott. Ut på vegen, venta for å sleppe gåande forbi. Gjekk langs veggrøfta ei stund og akkurat - her skal eg inn. Riktig. Då bar det innover, oppover, med vinklar, skogbotn, litt myr, litt sti, litt tett, litt av mykje. Eg hadde sikra meg på 3-4 punkter ved å henge opp sløyfer. Så då eg syns vi gjekk rart, hadde eg alltid feil. Sløyfa dukka opp kvar gong. 
Ein stad kalla eg han tilbake for eg var skråsikker på at eg ikkje hadde tatt den svingen han tok, men gått rett fram. Han såg litt oppgitt på meg, men kom tilbake. "Søk spor", sa eg. og han sette nasen i bakken gjekk to steg og fann ein godbit han hadde oversett. Jadå, den låg i den retningen eg meinte var feil...

På slutten visste eg akkurat kor eg hadde gått for det var inne i ein skog og eg såg steinen eg sikta mot. Då såg eg kor rett han gjekk. 
Slutten var ei oppleving. Han gjekk rundt hola med nasen høgt. Fleire gonger. Her er det noko. Eg stod bare og venta. Var litt redd for at han skulle gå glipp av premien etter så solid arbeid. Men brått var det ein som hadde skjønt at han måtte nedi hola. Jippi!!

Totalt blei nok dette sporet (som i utgangspunktet var to) godt over 1000meter. 
Eg er knallstolt av han! 

Ja, sånn ser altså to korte, beine spor og eit litt lengre ut når eg set teori ut i praksis.

søndag 14. april 2013

Runderingstrening med vekt på fart

No var det lenge sidan vi hadde trent rundering. Sist helg var det sporkurs, før det påskeferie og før det... Men denne laurdagen skulle det vere rundering på Sviland saman med Gry & Silja og Lise & Scott. Veret var fint (som det har vore denne vinteren) og mildare enn på lenge. Herleg.

Planen min var at Ekko skulle arbeide med farten sin. Meldetrening har vi hatt fokus på ei stund så denne gongen var det kun fart og leik. Altså god, gamal (og det kjekkaste Ekko veit) flying. Tenkte figurantane og trengte litt trim. Vi nærmar oss, trass alt, bikinisesongen.....

Ekko var først hund ut. Lise og Gry hadde gøymt seg i skogen med leike og godbitar. Full fart ut på 1.slag. Han likar så godt å leike for tida at det blir lite pause når han har gjort funn. Fin kryssing over til til 2.slag. I går var det veldig tydeleg at han oppsøker meg og krysser midtlina ved sida av meg. Kjempebra!

Etterkvart hang tunga langt ute. Tempoet blei senka. Då var det å kjøre på med ulik påverknad. Svært effektivt med ein figurant som brått lagar lyd og spring innover i skogen. Då blei det girskifte på Ekko. Opp fjellsida i fullt firsprang. Og fullfart ned igjen og over på andre sida der det òg var noko som rørte på seg i terrenget.
Skikkeleg sliten hund på slutten. Han stakk til elva for å drikke litt på ein av dei siste postane før han kom springane tilbake for å fortsette jobben. Tenkte litt på at eg burde hatt med meg vatn (det er tørt i skogen), men samstundes ser eg at hundane kan springe langt utan vatn når det er noko dei vil.. Men neste gong stiller eg vel med vatn for han blei tørst. Skikkeleg tørst.

På veg til bilen gjekk beina omtrent i kryss for han.

Etter litt kvile var det trening i pausen. Alle tre hundane var ute. Skulle ligge ved sida av stolane våre og trene på å vere der utan å bry seg om andre. Det var enkelt, syntes Ekko. Men matmor kunne jo trenast litt. Sjå meg. Sjå meg. Var målet han hadde for økta. Så for såvidt nådde vi målet begge to.

Andre økte var lik første. Det var leik på alle funn, unntatt siste. Då var han stuptrøytt.

Etter treninga gjekk vi ein tur med Gry &Silja. Det var tydeleg at dei var trøytte for dei gjekk å snofla ved beina våre. Ikkje mange sprell ut i skogen på dei to. Silja prøvde å få litt liv i leiren ved å ri Ekko, men det fekk ho roleg og tydeleg melding frå bajasen om at det kunne ho bare gløyme. Trur ho er den første som har prøvd seg på slikt på Ekko. Jaja, såg det ut som ho tenkte, og så vandra dei vidare.

Resten av dagen hadde eg ein hund som stort sett såg slik ut:
Ei herleg treningsøkt.

onsdag 13. mars 2013

På sporet.

Eg viser Ekko starten
I helga var brukskomiteen på motivasjonskurs med Merete Stokkenes. Det var Marina m/Kira, Gry m/Silja, Kari L m/Nicole og Ekko og meg som fekk den store gleda å få gå spor og lære for kvart steg.

På laurdagen starta vi med eit kort, beint spor. Merete ville sjå korleis hund og førar jobba.
Sporet eg la ut hadde 3 godbitdepot (3 pølsebitar i kvar) og på slutten hadde eg gøymt yndlingsleika.

Så var det avgarde med oss. Eg viste Ekko starten. Han gjekk roleg, men auka etterkvart farten. Til han kom til pølsene. Då åt han og venta på meg. Så bar det avgarde igjen. Jo, nærmare vi kom slutten, jo fortare gjekk det. Han trødde eit steg forbi slutten, men snudde seg og fann leika.
Og ka såg så Merete?

  • Ekko auka fart og eg hang på
  • Stopp ved depota. Såg ut som om han venta på min respons (naturlegvis: Han har jo fått respons på gjenstandar i sporet før)
  • Eg må passe meg for å ville vise han slutten. Finn ikkje hunden slutten, så finn han den ikkje.
  • på sporet
  • Ekko er ein sikker og sjølvstendig hund i sporet som veit ka han skal
Neste spor skulle òg vere enkelt, men lengre. Denne gongen skulle eg ikkje lage pølsedepot, men gjerne ein bit i ny og ne (mest for matmor som har behov for å vite om vi er på sporet).
Merete hadde i mellomtida snakka ein del om å ligge bakpå og ha kontrollen på farten.

Då var vi i gang med spor 2. Tempoet var fint (terrenget enklare), pølsebitane oppdaga og ingen stopp for å vente på meg. Slutten fann han greitt. Veldig bra spor!
På slutten av dagen la vi eit siste spor. Starten blei markert og 10m etter slutten. Så reiste vi heim.

18 timar etterpå skulle hundane gå sporet. Den yngste, Nicole, viste at ungdom var ingen hindring. Ho gjekk sporet sitt stødig som bare det.
Ekko blei vist starten og gjekk like stødig som han avslutta dagen før. Eg greidde å halde tempoet. Og slutten var han skråsikker på. Kjempebra. Han har faktisk aldri gått så gamalt spor før.

slutten funnen!
Neste spor var utfordrande for oss alle. Ekvipasjane fekk ulike utfordringar. Dette sporet var langt og krevde at vi stolte på hunden. Eg fekk beskjed om å starte ved Kari sin bil (ho hadde parkert langs vegen). Ekko snuste og markerte at vi skulle gjennom ei grind. Her gjorde eg første feil (gjekk inn porten først). Vi gjekk mot ein gravemaskin. Her markerte Ekko på eine hjulet (fekk etterpå vite at Kari hadde tatt seg ein pause der). Eg ville vidare framover (det er jo naturleg..), men Ekko svingte brått mot venstre og over ein sandhaug. Eg protesterte litt, men blei med på ferda. Så hamna vi i ei grop. Der markerte Ekko ka retning vi skulle, men eg trudde visst framleis at eg visste vegen. Det endte med at Ekko virra rundt meg før han gjekk i sin retning på sekundærsporet (sterkt sidevind) og inn på sporet straks han fekk fert av pølsebiten. 
Marina og Kira
Merete spurte meg om eg visst kor sporet gjekk. Måtte innrømme at eg ikkje gjorde det. Stol på hunden, var rådet. I ein periode var det tydeleg at Ekko gjekk på sekundærsporet. Nasen var høgare og hovudt vinkla litt mot venstre. Eg bør følge med på den rørsla vidare for då kan eg kanskje få han inn på hovudsporet.
Men då vi skifta retning, var han rett på sporet igjen. Han gjekk stødig. Eg måtte i blant halde igjen på farten. På slutten auka farten kraftig. Lukta av funn var visst sterk. Og der, langt inni buskaset, låg Kari. Gjett om det var ein lukkeleg hund som fekk leike og få med seg Kari tilbake til bilen.
Eit kjempekjekt spor!

Silja har levert ein pinne og får premie
Det siste sporet på kurset skulle vere med vinklar. Eg la ut eit greit spor, syns eg, men gløymte vinden. Det førte med seg at eg ikkje fekk testa vinklane skikkeleg denne gongen. Men eg fekk med meg tips om korleis eg kunne finjustere det til neste gong. Denne gongen fann ikkje Ekko slutten, men såg både sliten og nøgd ut for det.

Takk til Merete for eit lærerikt kurs! Eg har fått mykje inspirasjon og er klar for fleire spor.