søndag 11. september 2011

Mor mi vil selga meg te eit sirkus!

Eg trur matmor mi har skumle planar. Dokker må hjelpa meg sånn at ho ikkje får fullført dei. Fysst så trente vi mykje med fotballar. Eg viste at eg var dyktig ballmottakar og vann dei fleste duellane. Eg veit ho var i kontakt med Viking ei stund. Dei slit visst med å få tak i ein stødig på mottak og duellkrigar. Men heldigvis, så forstår ikkje det fotball-laget sitt eige beste, så eg er framleis ein fri fant. Og slik har eg levd ei stund med god mat, slappe turar og mykje kos.

Men no er det fare på ferde. Matmor har begynt å røre på seg igjen. Først var det kondisjonstrening. Greit nok at ho treng å få opp kondisen og fjerne sommarfeittet. Men eg. Eg er jo akkurat passe slank og vakker som få. Og kondisen....ok. Ser at eg slepp å dra tunga etter meg på runderingane om kondisen blir betre. Kjøper den. Men eg mistenker henne for å ha andre planar. Sist måndag til dømes, då skulle det trenast på vippe, slalom (elendig utstyr på området forresten), hopp og balanse på ein stubbe. Eg hadde lagt litt andre planar, for Silja viste endeleg litt interesse for meg. Og så godt som ho lukta. Matmor syns ikkje vi skulle leike sånn vi ville, så ho fjerna meg. Dumme henne. Ho skulle bare visst koss det kribla ein stad i kroppen min....

Eg trur at ho, etter ferieliv i sus og dus, leitar etter måtar å tene ekstra pengar på. Og at eg er offeret. Viss eg ikkje passar på, så er eg redd for at eg er på Sirkus Arnardo si lønningslista til våren.

Så hjelp meg å boikotta oppplegget. Det er fare for at eg gløymer meg ut og lærer triksa ho vil øve inn. Eg er jo så lettlurt bare ho lokkar med litt godbitar. Sukk....

søndag 4. september 2011

Trening i veke 35

Måndag var vi 5 ekvipasjar på runderingstreninga. Kjempekjekt! Eg fortsette med det gode innspelet frå forrige veke. Og det funkar perfekt.
Først 2 flying, rett i belønning. Figurantane er blitt dyktige til å arbeide med han. Ekko elskar jaktleiken og det krev fart og engasjement. Så full melding med lausbitt. Han fiksar veldig bra overgangen. Etter 4 slike, er dei 3 siste rett i leik igjen. Tunga heng som eit slips, men farten er på plass. Veldig godt jobba.

I går var det trening i Sælandsskogen. Vi var fire ekvipasjar. Fascinerande kor ulike hundane er og måten dei jobbar på, men du og du for ein innsats av alle fire. Kira som endeleg var på trening etter fleire månader, var så ivrig at matmor nok må tidleg opp kvar laurdag framover ;). Maja som syntes det var så kjekt å få rundere at ho ikkje brydde seg så mykje om ka matmor ville, men sprang frå side til side og jobba som ein helt. Det blei eit godt samarbeid ut av det ganske fort. Men for ein fryd å sjå henne vere så glad for å rundere og vise at ho kunne systemet. Måtte tenkje på den forsiktige, redde hunden vi jobba med for nokre år sidan.
Silja er som alltid ein jetmotor. Denne dagen skulle det trenast på bein linje ut og framdrift. Det gjekk så det suste. Herleg energi i den labradoren.

Så var det bajasen min då. Figurantane blei lagt ut slik at vi kunne utnytte vinden. Ekko sprang langt ut og jobba godt der han ikkje gjorde funn med ein gong. Brukte same metode som måndag, men denne gongen bare 2 fulle meldingar. På den eine såg eg at han kom til å springe rett i elva (tunga var omtrent i bakken) så figurant fekk beskjed om å sitje heilt stille og la han plukke opp meldinga når vasspausen var over. Og det gjekk som smurt. Han hugsa ka jobben var. Avslutta med fleire flyingar. Økt to var bare flying. Dette som del av opptrening av kondisjonen igjen.

Ekko oppførte seg som ein overtrøytt unge resten av ettermiddagen. Begynte å lure på om han verka i kroppen for han fann ikkje roen.  Eg som tenkte han var sliten etter treningsøkta.

lørdag 27. august 2011

Sportrening


Dei har heile denne veka meldt at akkurat den dagen er den siste med godver. Men kvar dag er blitt varmare og finare. Nettene nærmar seg tropetemperatur. Men altså dei meldte den gråe helga så eg tok på meg regnty.
Det var Gro og eg som ville legge spor på Dale denne laurdagen. Vi tok oss god tid til prat i sola.
Eg la ut to spor. Hadde tenkt å ha godbitdepot for å sikre at han hadde nasen i bakken, men då eg såg at det var mykje flittig maur i skogbotn, gjekk eg vekk frå den. Fekk nok satse på at han hadde spornasen på plass. Første sporet var langt i høgt skogsgras, glatt fjellgrunn, skogssti og barnålsbotn. Ganske mange vinklar.
Spor 2 var kortare. Det gjekk ein del på tursti og ned til sjøen. I periodar gjekk eg ved sida av turstien. Slutten låg heilt nede ved sjøen på eit svaberg. Var spent på den.

Medan spora låg der og godgjorde seg, fann eg eit inngjerda område der eg kunne trene kondisjon på den firbeinte (ja, eg kunne trengt det eg òg). Hadde fått tak i ei slik kjekk kasteslynge. Perfekt for folk som blir ledd av når vi kastar ball ;). Ekko fekk springe og la seg til slutt ned.

Ca 1,5 time etter var det på tide å gå spora. Ekko slo fort på starten på sporet. Sette sikkert i gang. Han gjekk stødig. Litt høg nase syns eg, men han var på sporet. Rota seg litt bort då vi skulle krysse ein sti, men var kjapp til å ta seg inn. Fjellgrunn gjekk så det suste. Men på ein del av grasbotn, gjekk han ved sida av sporet. Var det på grunn av at vinden hadde ført ferten slik? Det var kraftig fønvind. Skråsikker stod han ved sida av slutten. Skikkeleg bra.
Ut på vegen og la han gå for å sjå ka som skjer. Flinke hunden. Reagerte straks og svingte av for å begynne på nytt spor. Han gjekk riktig heilt til vi kom ned til stien ved sjøen. Her var det litt søppel som sjøfolket hadde kasta frå seg. Det var spennande. Men ein liten lyd frå meg var nok. På sporet igjen.  Gjekk fint heilt til vi nærma oss slutten. Denne gongen gjekk han vidare og svingte ikkje ned til sjøen. Hm. Ka var dette? Obs. Eg hadde rota til slutten sjølv. Hadde rett og slett gått i mine eigne bakspor tilbake til stien for å gå vidare. Men som sist, ein liten lyd og Ekko endra kurs og svingte ned til sjøen. Der var slutten. Flinke hunden.

Eg er nøgd med innsatsen i dag. Lenge sidan vi har gått skikkelege spor.

torsdag 25. august 2011

Det går opp det går ned

Denne veka har vi fått trent litt. Først måndag. Ekko fekk ein god tur før treninga. Han var ganske gira der han sprang i skogen, så eg burde kanskje lukta lunta..
Eg hadde bestemt meg for at han skulle bruke fastbittet. Det hadde gått greit forrige trening. Men denne gongen blei det bare tull. Ekko gadd så vidt springe ut til figurant. Det einaste positive var at han sprang fortare inn til meg for å kome seg ut att. Det har han ikkje gjort kvar gong. Han slapp bittet når det passa han og eg begynte å bli frustrert. Gjekk over til flying og direkte i leik. Tenkte at det fekk vere kondistrening. Då vakna guten. Fullt firsprang og han sprang til han spydde.

Etter slik ein måndag, var eg spent på om eg kunne stille krav til han i dag. På parkeringsplassen stod vi og diskuterte, Isabelle, Lise og eg. Isabelle kom med tips om å kjøre flying først og kaste inn ei fullmelding før han blei trøytt. Hm. Eg hadde ikkje heilt trua, men hadde ikkje betre forslag sjølv. Ekko fekk ligge i bilen og vente for å vere sist ut. Då hadde han jo roa seg etter luftegiret og var kanskje klar?

Aksel (son til Lise) gira Ekko litt opp på parkeringsplassen med leika. Det førte til at hunden stod gira på startlina. Fullt firsprang ut til Aksel og rett i leik. Så i resertempo over til Lise. 3.slag er framleis flying, men no skal han hente lausbitt. Eg er spent. Men der kom faktisk kjekkasen i god fart inn med melding og har så vidt tid til å kome seg rundt meg før han spring ut på vis.
4.slag er enkeltslag rett i leik for Lise har ikkje lausbitt. Går veldig fint. 5.slag er enkeltslag med full melding. 6.slag er full melding. Likeeins 7. og 8.slag. No heng tunga som eit slips, men farten er framleis fin. Siste er rett ut i leik hjå Aksel.
Ein sliten hund og ei stornøgd matmor. Ekko har fint driv framover og blir meir og meir glad i jaktleiken hjå figurantane.
Altså var ideen til Isabelle glimrande. Takk skal du ha.

På laurdag blir det vel spor, men neste veke er det meir rundering. Det er kjempegodt å vere i gang.

lørdag 13. august 2011

Viljen er sterk, men kondisen må opp

I dag var Isabelle, Gry, eg og hundane på Sviland for å trene. Sol og sommar. Hundane var herleg ivrige i arbeidet. Ein fryd å trene alle tre.

Ekko fekk flying denne dagen. Målet var å sjekke ut kondis og sjå på arbeidsmåten. Konklusjon: hardt arbeidande hund som blir fort sliten, men som vil arbeide. Han var totalt utslitt på slutten. Og det beste av alt: Han har kjempegodt driv i søket. Flyttar seg framover på perfekt måte. Stolt trenar :)

I andre økta trente vi på fastbittet på sti ved parkeringsplassen. Eg må få til fastbittet slik at Ekko kan plukke det opp enkelt. Ikkje enkelt på stor hund. Han jobba godt med fastbittet. Isabelle hjelpte han å få det i munnen. Han fiksa å gjere feil og måtte gjere det om att. Det var veldig bra. Får fortsetje vidare med det på måndag.