mandag 20. april 2009
Burleiken og nye konkurranseformer...
lørdag 18. april 2009
Ein flott treningsdag
I dag var vi på Skjæveland. Vi var Ingeborg & Sander, Marit, Jan Inge & Punky, Marina & Kira, Kari & Evita og oss.
Alle hundane arbeidde veldig godt i dag, men dei blei varme og tørste. Vi fann ut at vi måtte ha med oss ei vass-skål på midtlina. Den blei flittig brukt.
Etter pausen var det Marit, Jan Inge, Kari og eg som var igjen. Vi bestemte oss for å trene meldetrening. Ekko og Punky på lausbitt og Evita på å halde bittet heilt inn.
Utfordringa mi er å få Ekko interessert i å ta heile runden. Han syns siste delen (der han spring ut for å leike) er topp, men at han skal springe frå figurant og inn.... nei koffor det, ser han ut til å lure på. Her må eg drille moment utan å knekke gleda. Punky har litt av same problematikken, men ho hadde i alle fall meir fart enn "eg skal bare lukte på blomane og tisse litt"-Ekko.
Treninga var nyttig og god, veret var fantastisk. Då var det bare å ta med seg overskotet inn i køa på Plantasjen. Ut kom eg i alle fall med litt sommar....
fredag 17. april 2009
Snurre rundt - går det an?
I lang tid har eg prøvd å få han til å ha alle beina i ei eske, no slo han til. Då måtte eg bare premiere!
I går var det ny kurskveld. No skulle vi begynne å snurre rundt (hunden altså). Deretter skulle hunden gå slalom og åttetal mellom beina våre. Dei to siste oppgåvene fiksar vi (sjøl om det ser litt komisk ut når matmor er liten og Ekko er stor). Men å snurre rundt er verre. Aller først måtte eg arbeide med at fingertarget ikkje betyr at han skal ta fingen min i munnen. Så gjekk eg over til targetstick sidan han er såpass stor. Han prøvde å spise den òg. Arne gjev meg tips om å gøyme targeten til både hunden og eg er klar. Ein liten detalj som gjer heile susen. Kor tar den mannen det frå?.. No fulgte Ekko roleg targetsticken. Imponerande. Vi kom ikkje langt. Prøvde litt i kveld òg.
Lekse til neste gong er:
- Finne på forskjellig vi kan shape med eska
- Hunden skal gå opp på ein stol, krakk eller liknande (den greier vi)
- Fortsette med apportering
- Snurre høgre og venstre. (den blir tøff)
- Hunden skal gå slalom utan hjelp. (Den må vi fikse)
- Gå bakover med kontakt og begynn å gå rett fram. Hunden skal følge både på venstre og høgre side. (Begynte litt på den i kveld.)
- Og så motsatt. Først fot så begynne å gå bakover (Mannen er sprø..)
- Og toppen av kransekaka... få hunden til å snurre medan eg går bakover og går fot.......
Vi har nok å trene på. Trur eg må slutte å jobbe, eg.
onsdag 15. april 2009
Sporkurs og bøker
I kveld har vi hatt teorien på sporkurset vi skal ha brukskomiteen. Det var veldig kjekt. Gro og eg hadde det saman. Gler meg til å ha praksistimar saman med denne flotte gjengen med unge retrieverar. Bruksarbeid er topp!
Det fins to gode bøker om spor. Og mange artiklar som de finn i margen min... Men altså bøkene:Den første boka er norsk og er skriven av ein erfaren minehundtrenar, Anne-Lill Kvam: "Nesearbeid for hund". Denne opplever eg som ei svært praktisk bok i nasearbeid. Rett på sak og det er bare å setje i gang! Her er gode forslag til deg som vil lære hunden å bruke nasen.
Den andre boka er svensk. "Nosarbete - en bok om spor og uppletande". Marai Hagström er forfattaren. Enkel og grei forklaring på korleis du kan jobbe med spor. Boka har gode illustrasjonar.
Begge bøkene gjev gode praktiske forslag.
Trykk på boka (biletet) og du kjem rett til bokomtale og bestilling :-)
tirsdag 14. april 2009
Nå e verden blitt rar!
Eg har vore ute ei stund i kveld. Matmor trener sånne problemhundar og eg ser på. Lærer ingenting av det for eg er jo ikkje sånn. Trur eg... Dei var ikkje kome ut av dataskjermen nå heller. Rart.
Matmor har forresten gjort det litt enkelt for dykk. No kan de trykke på boka til Arne når de vil kjøpe den - og vips kjem du til bestillinga. Og så kjem du til Canis og kan handle, diskutere osv viss du trykker på den reklamen som står der. Var ikkje det smart? Eg trur ho har tenkt å gjere noko liknande med dei bøkene ho syns er bra. De får vente og sjå :).
Dama det er bilde av, er mor mi, Alpha. Ho var ganske søt då ho var litt yngre...
Kveldsbjeff frå ein undrande Ekko
søndag 12. april 2009
Påskeferie er kjekt!
onsdag 8. april 2009
Ein liten rapport frå Ekko
.jpg)

Men tilbake til turen. Det var ein fin dag. Kari hadde til og med tatt for mykje klede på seg. Så her trener Dea på å sitje fint mens Kari tar av seg genseren.
Era skal alltid vise at ho er så flink til å ligge fint ved sida av matmor si.
.jpg)
Det var ein kjekk tur. Dea brydde seg ikkje om syklistar, joggarar eller barnevogner, men trenger meir trening på å oversjå endene, så eg trur det blir fleire sånne turar. Men så er det så dumt for matmor jobbar jo når dei går tur til vanleg. Eg òg vil vere med på tur rundt Mosvatnet. Eg treng trening i mykje, eg!
Nå har eg reist på ferie. Det er veldig kjekt. I går fann eg meg ein haug med gamle hagemøbelputer. Dei la eg meg på og såg på at dei tobeinte bar på materialer, sagde og styrte på. Blei ganske trøytt bare av å sjå på.
På kvelden møtte eg ei labradortispe på 8 månader. Ho kom i full fart mot meg. Då blir jo matmor redd for eg er i band og ka kan skje.... Ho er redd for all ting ho. Det var ikkje farleg i det heile. Ho var jo heilt lik Punky og Era. Kom i full fart og gjorde akkurat som Punky då ho kjem mot meg. Eg var heilt grei, eg. Men dette var visst ingen leikeplass så vi fekk ikkje leike, bare snuse litt på kvarandre og trene på å slappe av sjølv om vi var i nærleiken av kvarandre. Det gjekk veldig fint sjølv om dei tobeinte prata ei stund.
.jpg)
Morgonkos frå Ekko
søndag 5. april 2009
Innlæring av bringkobbelmelding
Typiske problem som kan dukke opp når hunden bruker bringkobbelmelding er:
- Hunden slipper bittet for tidleg
- Feilmelding
- Hunden vil ikkje vise figurant etter meldingen
- Hunden kjem ikkje heilt inn og i utgangsstilling
- springe på kommando ut til figurant, Ekko er flink
- ta bittet, returnere til førar, Stort sett flink, men i det siste tendens til at eg kallar inn
- sette seg på plass, Ikkje flink. Vi helst stå
- holde fast bittet til førar seier "takk" Veldig flink
- førar skal koble hunden det greier eg
- på kommando skal hunden raskt og effektivt påvise figuranten. Ekko flink
Alt dette skal skje utan ekstra innkallingssignal, hold fast-kommandoar, ros frå førar osb. Einaste forsterkning er leik med figurant i slutten. Dette skal han greie på sitjande. liggande, ståande og gåande figurantar.....
Ekko sitt svake punkt pr i dag er altså punkt 2 og 3.
Eit av krava før vi i det heile byrjar med innøving av bringkobbelmelding, er sikkert apportering (og den må vere sikker helst på nivå 8 og over i lydnadskonkurranse i følge Morten E.). Og så må hunden synast at det å leike med figurant er toppen på jord.
Trinn 1: Påvisning Ha hunden sitjande på plass og hold i halsbåndet. Figurant viser belønningen og går ca 50 meter ut. Set seg på huk eller legg seg på bakken. Sei kommandoen "Vis" i det same du slepp hunden. Hunden bør omtrent slite seg laus for å kome fort til figurant. Når hunden spring raskt ut, gjeld det å få den til å sitte stille på plass og vente på kommandoen. Det er viktig at dette er spikra. Nå hadde eg tenkt å skrive at trinn 1 er i boks for Ekko, men eg trur eg skal ta eit stopp her. Kanskje det er her eg skal drille inn punkt 3 i oppramsinga lenger oppe, nemleg det å sitje på plass? Resten av trinn 1 er i boks.
Trinn 2: Holde fast lausbittet - påvise Figuranten byrjar som sist: Viser premien, går ca 50 meter ut og set seg. No skal hunden stje roleg på plass. Hold lausbittet framfor hunden og ver tolmodig :). Når hunden tek bittet, seier du "vis". Hunden MÅ halde bittet når du seier "vis". Etterkvart kan du la hunden sitje og halde fast bittet nokre sekund, eller ta to steg fram og holdt før han får kommandoen "vis". Auk vanskegraden. Ekko er sikker i det å halde lausbittet (apporteringa er god), men for å fortsetje med sikker sitt så skal eg teste det med å gå eit par steg med bittet for så å sitje igjen.
Så er det å få lausbittet inn i søket i skogen. I følge Morten E så går det fort å lære inn VISS eg har gjort grundig forarbeid.
lørdag 4. april 2009
Det er VÅR!
Vi vakna til skikkeleg morgontåke i dag. Det lova ein flott dag. På veg mot Bore, måtte eg bare stoppe og ta bilete av tåka som låg over låglandet, medan Ullandhaug var i sol. Då eg kom fram til Bore, hadde eg alt fått skikkeleg vårlukt inn i bilen (møkkalukt) og sola hadde vunne over tåka. Blå, blå himmel!
I dag var det 5 hundar og 4 kvinner som skulle rundere. Silje og eg ville ha overvêrsøk først. Var litt spent for det var ikkje mykje vind. Men det betra seg. Først ut var Pia. Ho er skråsikker på overvêr. Fann alle og storkoste seg.
Ekko hadde eit godt tempo han òg, men eg stoppa eit par forsøk. Var sikker på at dei var tull. Dumme meg. Det viste seg at det var ein figurant der. Han sleit litt med å finne den eine figuranten, men jobba godt og gav ikkje opp. Vinden endra seg litt i løpet av overvêrssøket, noko som gjorde det litt meir innvikla.
Her er Dea og Sita i arbeid. Dei var flinke begge to. Dea måtte ta seg ein ekstra tur for å sjekke ut traktoren, men greidde å snu før ho var framme. Det var visst skikkeleg spennande med motordrevne saker :-)
Andre økta runderte vi. Då var Gro Anita og Sita reist så vi hadde ingen på midtlina. Det gjekk greit det òg. Ekko kom på innkalling, hadde fin framdrift og passert like ved meg. Det blei ei god økt.
Etter runderinga måtte eg bare ta litt våronn i terrassekassen. Fram med T-skjorta! Ekko slokna på terrassegolvet. Det var godt og varmt. Etterkvart så varmt at han rømte inn.
fredag 3. april 2009
Vi shaper i veg
Den andre shaping oppgåva på kurset var å få hunden til å ha begge labbane i stolen og snuten i stolryggen (heilt forgale å lære Ekko det, han har jo ikkje lov å gå i stolane...). Fram med campingstolen. Ekok tok fort at snuten skulle i stolen. Etterkvart kom ein labb. Så langt kom vi.
Leksa i påsken er å drive med luktdiskriminering. Vi fekk ei oppgåve til, men den hugsar eg ikkje.
Bileta er ikkje frå kvelden, men forrige helg.
onsdag 1. april 2009
Blodspor, meldetrening og leik
Jan Inge la eit lang og godt blodspor for meg. Her var det vinklar, sårleie, avhopp osv. Det fekk ligge i nesten 2 timar før vi gjekk det.
Meldetreninga - tja det har jo alltid vore eit lite sjansespel for Ekko går fort lei. No starta eg på trinn 2: Delmomentet "Vis" med lausbitt. Her sit Ekko i utgangsstilling, får bittet og skal springe til figurant på kommandoen "vis". Det går perfekt. Vi går til delmoment 3: Ta bittet hjå figurant og returner til førar for så å få påvise. Eg tok òg eit forsøk på heile runddansen. Men då var det nok syns Ekko og såg seg rundt (Scotty hadde pipeball, naboeigedommen hadde småhundar osb). Artikkelen og filmen til Canis bør nok lesast nøye ein gong til for dette skal vere på plass før eg set det inn i runderinga. Artikkelen finn du her.
Deretter tok vi ei lita økt med apport. Eg fekk låne metall apporten til Punky. Ekle greier syns Ekko, men tar den i munnen. Han plukkar den ikkje opp frå bakken, men eit par centimeter over. Hentar treapport og begynne rå tygge rett før han er i utgangsstilling. Har litt å jobbe med der ser eg.
Så var det sporet. Dette er kjekt syns Ekko. Og han er sporsikker. Går veldig bra (ein stad rotar han litt, men tar seg fort inn). Sårleie markerer han, men ikkje eg for eg er for langt bak i lina. Han lar seg ikkje distrahere av avhopp. Alle vinklar går fint. Dennen gonge hang eg bare på slep (holdt igjen) ein gong, men det betyr ikkje at han gjekk seint, bare at eg småsprang. Som Jan Inge sa: "Ekko er ein sporsikker hund, men skulle han bli brukt for å få tak i eit skada vilt, var det få jegerar som kunne følge han. Det måtte vere Bjørndalen (skiskyttaren)". Så no tenkte eg at eg skulle få tak i Bjørndalen for det er vel enklare enn å få Ekko til å gå sakte :-).
Trefte jo på Arne og sa at det var litt for høg fart i sporet. Og då får eg jo passet påskrive: "Du har ikkje gjort skikkeleg grunnarbeid". Plagsomt med slike folk som treff blink stadig vekk. Han meinte eg måtte tilbake til pølsesporet og arbeide for at hunden stoppa ved alle pølsebitane. Deretter sjeldnare pølser,men med fokus på tempoet. Han har jo heilt rett, men det er så kjedeleg med pølsespor. Men skal eg ikkje alltid måtta vente på at sporet er mange timar gamalt, så må eg til pers igjen. Pølsespor, here we come!
----
For tida er det ein spennande diskusjon i bloggen til Håkon Groven. Han tar for seg det same som vi har diskutert, nemleg leik. Skal vi forlange leik, korleis skal vi avslutte osv. Les og tenk. Ka syns du? Dette kan bli eit spennande tema framover.