søndag 14. mars 2010

Endeleg trening igjen

Det har blitt lite trening på Ekko og meg. Ikkje hans feil akkurat, men matmora har vore sliten og trøytt etter lange med jobb og tobeinte forpliktingar.

Trøytt fekk eg pakka hund, godbitar og meg sjølv i bilen. Her skulle det rundereast. På vegen mot Sviland, begynte eg å få kalde føter. Ein ting var å kjøre her på skikkeleg vinterføre, men dette var høg slush med is under. Opp kom eg og der var dei andre parkert ganske så kronglete så her trengtes både tenking og samarbeid for at alle skulle greie å snu og setje snuten heimover etterkvart.

Ekko var hund nummer 3 ut. Etter oppvarminga var han klar. Dei to første skulle vere enkeltslag med lausbitt. På første tok han den, men prøvde på ein liten lurevariant: Snu ryggen til figurant for så å sjå ut som om han var tilbake og skulle ha premie. Forstod at her måtte det alvor til og kom fint inn, avleverte og ut i høgt tempo.
På slag nr 2 gjorde han litt av same feil som sist. Hentar lausbittet og tar det med seg inn, men vil forbi og over på andre sida (flying). Blir ropt inn for eg ser ka han har tenkt. Resten av slaget går fint. Etterkvart må eg trene meir på utgangsstillingen ved avlevering.

Resten av slaga var flying. Farten er kjempefin, han er ivrig, har driv framover og krysser meg nære.

På nest siste slaget vil eg ha blindslag. Kari får beskjed om å kome seg langt vekk. Over elva og ut på vegen. Erfaringa tilseier at ho ikkje kan kome til midtlina for det oppdagar Ekko og melder på henne der. Då vi får melding om at ho er langt borte, blir han sendt frå Jan Inge og krysser fint over leiter innover, men så ser Gro (som er midtlinesjef) at han har driv bakover i sporet til Kari. Eg roper han då inn og han blir sendt over til Jan Inge som er nære. No er han så sliten at han stopper på midtlina for å drikke.

Då han var ferdig møtte vi vesle Vicky til Marit og Jan Inge. Det var heilt greit for Ekko at ho stod og snuste på han, men ho måtte halde seg unna leika hans :).  Blir spennande å sjå utviklinga på den søte spanielen der.

Vi greidde å finne måtar å snu bilane på så alle kom seg ut og alle kunne kjøre nøgde heim.

3 kommentarer:

Elisabeth sa...

Så kjekt du fekk komt deg på trening igjen. :-)

På torsdag ska eg og trena. Det blir gøy. :-) Føle dei to ukene vare ein evighet te tider.

Så flott at det gjekk bra med Vicky og Ekko. Bra han får øvd seg. For han e forplikta te å bli venn med Bella og :-)

Gro sa...

Det var bra du fikk trent litt igjen. Forstår du har det travelt for tida.
Var så kjekt at begge de to meldingene gikk bra. Det er ikke så rart at han "blander korta" litt etter å ha trent veldig lenge på rett i belønning ute i skogen.
Misunner deg den nære passeringa hans, koss har du fått til det?? : )

Aud Venke sa...

Koss, fekk eg det til. Må tenke litt over den.