onsdag 6. april 2011

Triveleg trening i regn

I dag møtte bare Kari L og eg på området. Det fekk nok Evita og Ekko mykje glede av for dei fekk vere ute mykje og trene i lange periodar.

Det plaskregna heile tida så eg tok det meste etter innfallsmetoden. Det blei derfor ein del leik rundt agilitybanen. Ekko er ein reser på bommen. Vippa er visst òg ganske gøy. Særleg når eg får han til å stoppe akkurat i det han skal vippe. Då står han til vippa har kome ned og han kan spasere heilt ned. Førebels er godbiten drivkrafta.
Slalom er best å ta når han byrjar bli trøytt. Når han er ivrig tar han bare halvparten av pinnane. Ikkje lett å få med seg alt når ein er så stor :).

Så blei det litt musemattetrening og diverse stopp på kommando der eg fortset å gå medan han skal sitje, stå eller det eg elles måtte finne på.

Og så blei det tid til leik.
Her er nokre filmsnuttar frå iPhonen. Ikkje direkte proffe, men syner i alle fall ein som tok bommen med glans. Den første er då eg la godbitar på bommen. Skulle vere smart og stå på avstand å filme...
Denne er kjekken på tur over bommen. Opptatt av om matmor er med.

Ellers så har eg eit lite prosjekt på gang som eg vil reklamere for. Nemleg "Nytt liv av daude gror". Frå snø og brunt til full bløming på terrassen. Sjå oppstarten: http://www.oesterhus.net/18151184

3 kommentarer:

IKS sa...

Så ut som Ekko koste seg ja :)
Lurt å følge ham opp, de fleste hunder synes dette er best når eier går ved siden av på hinder som bommen og vippen :)

Lise sa...

Hei, lurt også å sikre at han går første og siste trinn også, og ikke hopper ned halveis. Godbiter på slutten kan jo forsterke det.

Eller ble det helt feil Isabelle?

Aud Venke sa...

Du har heilt rett, Lise, men det opptok meg lite akkurat då eg filma. Han hadde trass alt bare sett den bommen ein gong før. Men eg skal nok vere meir detaljert framover (men då kan eg ikkje filme samstundes ser eg :))