onsdag 16. januar 2008

Eg pines....

Både matmor og eg er frustrerte i kveld. Eg fordi det luktar altfor godt i huset og går rundt og grin for eg har så lyst på. Matmor er frustrert fordi eg går rundt og grin. Vanskeleg dette her for eg vil jo ikkje at ho skal slutte å lage verdas beste godbitar, men eg greier ikkje å la vere. Eg bare må lage lyd. Nå har vi endt opp på arbeidsrommet og døra til kjøkkenet er stengt. Eg prøver å ligge fint sånn som ho vil, men greier det cirka eit halvt minutt. Må opp for å sjekke om ikkje døra til kjøkkenet sånn brått har opna seg. Mor har med godbitar, men eg syns ho forlangar for mykje av meg før eg får. Eg vil ha ein jamn straum.

Du lurer kanskje på ka det er ho har laga? Jo, det er levergodbitar. Ho kuttar lammelever opp i terningar og har det oppi ein maskin som bråker som eit uvèr. Så har ho visst oppi litt mjøl og bakepulver. Når ho syns det er nok bråk, smører ho alt utover ei plate og steiker det i omnen. Det er SÅÅÅÅ GOOOOODT.


Når eg ikkje har pint meg gjennom kvelden på grunn av godluktene eg ikkje får spise opp, har vi trent litt. Eg har tatt eit par dekk på kort avstand og trent på å halde lausbittet. Vi begynte med apportbukken, men eg trur mor syns det bråkte for mykje då eg slapp han i bakken (eg prøvde jo å treffe beina hennar - he, he). På bilete sit eg og ser på ein levergodbit. Har lært at det smartaste er å halde fast og vente. Greier eg det, blir det premie.


Det blei kort tur på meg i dag og det er mest min eigen feil. Vi var på veg mot Sørmarka, men eg ville snu og gå heimover. Trur eg begynner å bli vèrsjuk. Det regner jo heile tida. Då er det faktisk like kjekt å leike med ball inne (eg får lov når det er liten ball) og trene litt. Trur matmor syns eg er litt rar for tida.


Nei, eg må ut og sjekke om døra til kjøkkenet har opna seg........

tirsdag 15. januar 2008

Trening veke 3



Eg er litt seint ute med å skrive treningsplan for veka. Men betre seint enn aldri....

Aller først så må eg innrømme at hovudet har vore fullt av Chico og Elisabeth (begge to på bilete). Chico skada foten på tur for ei stund sidan. Han blei aldri god og no meinte dei at leddbåndet var gått. Dyredoktoren meinte det var dårlege prognoser for operasjon på ein hund som er 10 år. Han anbefalte avliving.
Elisabeth stilte på trening i går. Chico var med og fekk lufte seg litt. Vi snakka og diskuterte, ka nå? Silje meinte at ho ikkje skulle høyre bare på ein dyrlege, men sjekke fleire. Og i dag kom gladmeldinga. Elisabeth hadde sjekka med veterinær Lande på Karmøy. Han forstod ikkje at det kunne vere eit problem og ville sjå på Chico. Fekk melding i kveld om at Chico blir operert i morgon. Så no kryssar vi fingrar og labbar og sender tusen helbredande tankar til Chico i morgon. Måtte dette gå godt! Lande er forresten den dyrlegen som tok i mot Ekko og dei 16 søskena hans.

Nå har eg tørka litt tårer og er klar for planen for veka:
Grunnferdigheiter:
  1. Targeting. Vi har gløymt det litt i det siste, men Karin minna oss på det så no er det på programmet igjen. Targetpinnen går bra, pekefinger òg. Det einaste med begge, er at han av og til lurer på kvifor pinnen/fingeren forsvinn vidare. Han lurer på om det er ein ny test... Eg skal ha han til å følge etter, men det er han ikkje alltid like med på. Utfordring i denne veka.
  2. Sitt. Sitt på avstand begynte vi på denne veka. Det var vanskeleg. Han vil springe bort til meg før han gjennomfører det.
  3. Bakpartskontroll. Vi fortset med vinklar
  4. Utgangsstilling. Den kjem automatisk inn som treningselement i løpet av vekene.
  5. Galopp mot fører. Eg begynte på den i forrige veke og ser at det trengs. Han lar seg altfor mykje forstyrre på vegen inn. Eg er passe interessant. Og det vil eg jo ikkje vere.
  6. Holde fast. Denne er ein del av grunnferdigheitene og eg trener på den i forhold til brukshund. Eg vil ha sikker apportering.

Bruks:

  1. Apportering. Eg har no lese artikkelen om bringkobbelmelding. (Du finn den i høgre marg under "Gode artiklar"). Her stod det mykje fornuftig. Mellom anna må hunden apportere sikkert før eg set i gang med innlæringen av brinkobbelmelding. I tillegg må han synast at det å leike med figurant er noko i nærleiken av himmelriket på jord..... Akkurat den delen kan vi lære fort :-).
  2. Blindslag. Nå er det kanskje på tide å prøve blindslag? Ekko runderer svært godt, men har til no alltid funne nokon når han fyk ut. Kanskje eg skulle ta ein test på laurdag? Må få nokon til å hjelpe meg med korleis dette skal gjerast.

Nå ut og trene atferd.

mandag 14. januar 2008

Våt, men kjekk trening

Plaskregn.... eg byrjar å bli lei. Greit at eg er glad i vatn, men treng det kome ovanfrå? Mykje kjekkare når det held seg på bakken.

I dette plaskregnet har den harde kjerne trent. Pia, Era, Scotty, Faya og stakkars Chico stiller like trufast opp som eg. Og eg syns vi blir betre og betre eg. Mor har sagt at sola går ned kl 1730 i midten av februar. Det betyr visst at då er det ikkje mørkt når vi skal begynne å trene. Lurer på om det har slutta å regne óg då? Eg gler meg i alle fall til eg får sett litt ka som foregår der ute på parkeringsplassen.

I dag hamna eg i gruppe med Faya og Scotty. Vi trente på 3 ting.
Det første var å få til ein skikkeleg "frys fast stå", altså ein stå der vi stoppar brått straks kommandoen kjem. Faya først. Ho tok eit par ekstra skritt etter kommandoen. Men den dama er jo ikkje dum. Ho forstod kjapt at det kom ein ball i full fart viss ho fraus fast. Og vips så gjorde ho det. Scotty hadde òg sånn ein kjekk ball så han òg fekk det til. Eg fekk låne ballen. Og sånn ein vil eg òg ha. Eg stod som eg var spikra fast. Dette var kjekt. Mor syns det gjekk for bra, så ho begynte med sitt og dekk kommando. At ho ikkje lærer. Her er eg perfekt på stå-kommandoen. Kan ho ikkje nyte det i 2 minutt? Eg var ikkje klar til å sitje. Eg ville fryse fast og få ein stilige ball gjennom lufta. Kjøp sånn ein ball til meg!

Oppgåve nr 2 var vanskelegare. "Sit" på avstand. Eg syns det er vanskeleg. Eg vil sitje hjå deg mor, skrik heile meg. Men Elisabeth holdt i tauet så eg måtte ta kommandoen på avstand. Det var rare greier. Likte det ikkje heilt. Matmor gjekk jo lenger og lenger vekk. Skal vi seie at karakteren blei sånn midt på treet?.

Oppgåve 3 var innkalling der vi med god fart skulle kome på plass. Anne Lise holdt meg ved startpunktet. Elisabeth sat på sida med ei skål med godsaker. Mor ropte "På plass" Eg sette opp farten og svingte innom Elisabeth, men forstod teikninga. Første gongen var eg så på tuppa at eg ikkje sette meg ned, men sprang til premien med ein gong. Det var visst feil. På tredje forsøk, gjekk det betre. Eg sette opp farten, svingte eit par grader mot premien, men tok meg inn og sprang på plass. Sånn Doggie Zen er veldig kjekt. Akkurat som premien smakar betre når den ligg i skåla.
Faya er så avansert at ho kunne ha Scotty ståande på midtlina utan at ho brydde seg då Elisabeth ropte. Det hadde aldri eg fiksa.

Etter all denne treninga fekk vi firbeinte kvile ut i bilen, mens dei tobeinte var så våte at dei likegodt stod ute ei stund til.

søndag 13. januar 2008

Runderingstrening er kjempekjekt!!

Denne helga har vore heilt topp! To dagar med rundering! Eg trur eg er skapt til brukshundstrening.

I går var det rundering med retrieverklubben. Då såg mor blant anna på at Trofast gjekk ID-spor. Det såg visst spennande ut det òg. Eg er klar eg, det er bare å lære meg det.

I dag starta vi ei ny brukshundsgruppe. Og det var kjempekjekt! Då var det hundar som kunne så mykje som meg og hundar som var heilt i startfasen. Dei tobeinte storkoste seg. I dag var Oskar og Rasmus òg med. Dei var flinke figurantar. Eg fekk rundert til tunga hang ut av munnen. Og så fekk vi prøvd oss på henting og levering av lausbitt. Syns eg var ganske flink eg.

Her er noen glimt frå dagen i dag (det er litt mørkt i skogen og vi spring veldig fort så det er visst ikkje lett for matmor å ta gode bilete).


Scotty i farta!

Era skal ha på arbeidsantrekket. Det sprang ho av seg i iveren i dag.

Oskar og Pia ute på post

To gode figurantar

lørdag 12. januar 2008

Oppsummering av veke 2

Matmor evaluerer:
Det har vore ei veke der vi endeleg er i gang med trening. Det har vore flotte vinterdagar og ufyselege regndagar.
Så ka har vi fått gjort av det vi tenkte denne veka?

Grunnferdigheiter:
Vi er i gang med å rygge i vinklar. Ekko slår til med ein flott og neste blir bare kaos. Eg bør visst kun ta ein om gongen når det gjeld dette.
Vi pirkar på utgangsstillingen. Han har mange fine innkomstar, men bør nok få fart på seg.

Lydnad:
Eg kommenterte måndag korleis eg opplevde tannvising/ utgangsstilling og fellesdekk. Eg held fast med at vi ikkje må gå så fort fram. På fellesdekk-delen må eg fokusere på dei enkelte delelement.

Bruks:
Ekko har begynt å hente lausbitt hjå figurant om er nære. Hentar, kjem på plass og viser figurant. Trener førebels det og rundering kvar for seg. Vil at han skal halde på farten i flyingen ei stund. Vil så gjerne at den skal overførast til enkeltslaga. Men eg reknar med at han snart er klar for å prøve seg på melding.
Luktdiskrimineringa har vi fått gjort lite av.

Triks:
"Skjems du?" går framover, men han syns ikkje det er så veldig kjekt.