søndag 23. mars 2008

På tur med Faya

Eg har vore ei veke på kennel. Hadde det ganske kjekt der, men då eg høyrte stemmen til matmor forstod eg at eg hadde lengta veldig etter henne. Det var så vidt eg ikkje sprang gjennom døra! Endeleg var ho her.

Ho har visst vore i Berlin. Det er mange hundar der så eg skjønar ikkje kvifor eg ikkje få vere med. Særleg etter at eg såg bilete av dette skiltet. Det der kunne eg og nokre vener ordna opp i ganske fort.

For å toppe det at eg skulle heim frå kennelen, kjørte vi til hundeskogen. Og der var FAYA og Elisabeth. Så kjekt! Eg sprang og sprang. Og etterkvart forstod Faya at eg var kjekk å leike med. Vi sprang etter kvarandre. Den eine hadde pinne i munnen og den andre prøvde å ta den. Dei tobeinte hadde med godbitar, Faya syns spesielt Aud Venke sine var best ( det syns eg òg). Karbonader av kalkun eller kylling eller ka det var.

Då vi kom opp til eit vatn var det ender der. Det var spennande, men så var det litt dumt òg for det var litt is på vatnet. Verken Faya eller eg hadde lyst til å symje gjennom det. Elisabeth seier at Faya skal drive med tolling, eller var det at ho skulle oppføre seg som ein tulling? I alle fall såg vi ingenting av det. Ho har ikkje heilt fått det med seg at ho er skapt til sånt. Eg er skapt til å melde frå at dei er der, trur eg.

Etterpå sprang vi ned til elva. Her var det ikkje is på vatnet og eg fekk bade. Kaldt, men deilig.

Etter to timar var vi ferdig med runden og eg var ganske trøytt. Det skulle bli godt å kome heim. Heime låg det to bæreposar det lukta Bergen av. Eg sprang gjennom heile leiligheita for å sjå om Randi og Håkon var her. Det lukta jo dei. Men nei, det var visst bare posane som var komne på besøk. Håper dei dukkar opp snart for dei er veldig kjekke.

lørdag 22. mars 2008

søndag 16. mars 2008

Runderingshelg med SOL

Høgdepunktet i helga er rundering. Det liker eg kjempegodt!

På laurdag var det 6 hundar som runderte og ein som gjekk spor. Då rakk vi ein runde, men runden blei god i følge matmor. Eg holdt farten, fann alle og gjorde det godt.
Trur matmor går og tenkjer på at eg må vidare, må lære meg enkeltslag, levere lausbitt osv. For meg kan ho tenkje ei stund til. Syns det er kjekt slik det er eg. Men vi fekk i alle fall trent på baklengskjeding av lausbitt. Det var det ei stund sidan eg hadde gjort. Forstod ikkje med ein gong kvifor eg måtte halde i lausbittet før eg fekk springe ut til figurant for å leike. Men tok teikninga etterkvart.


I dag var det palmesundag og flott påskevèr. Thelma, Era og eg hadde fått matmødrene ut av senga og ut i skogen. Eg fekk rundert langt i to omgangar, fekk bada meg i myra og kunne tenkt meg meir.

Kanskje eg skulle lært meg sånn ID-spor som Trofast driv med? Eller feltsøk? Same det forresten, bare vi er ute og har det kjekt så kan eg lære det meste.

Nå må eg kvile litt og sjå på matmor som prøver å pynte litt til påske. Ho hadde visst ikkje heilt sansen for myrlukta eg hadde med heim..


Det flotte bilete av meg i arbeidsantrekket er tatt av Anne Norheim. Bilete av Era er tatt av matmor.

torsdag 13. mars 2008

Atferdstrening

Tysdag var dag med sol. Ein perfekt dag for atferdstrening fann eg ut. Lommane fulle av kjempegode godbitar og radarblikket på. Tid for å gå rundt Mosvatnet. Og eg hadde tenkt rett. Vi møtte mange hundar. Ved kvart møte gjekk vi tilsides og trente "kinderegg". Eg trur nok at det er mest for min del at vi går langt ut til sides. Ekko reagerte lite på dei fleste hundane. Men nokre kribla tydeleg litt så akkurat då var eg glad eg hadde gått så langt ut. Og skravlande damer med hund i flexibånd er ikkje heilt til å stole på. Dei oppfatta lite av det eg dreiv på med, dei skravla og hunden kom nærmare og nærmare....

Onsdag gjentok vi det same, men gjekk ein annan tur. Vi møtte færre hundar, men hestar og folk. Dei største utfordringane var to søte jenter som ville klappe, men som hadde finkjolen på for dei skulle i selskap. Det blei mykje mjukost i premie på Ekko den stunda. Og møtet med ein katt.... Då blei det liv i hunden. Eg registrerer òg at han er flinkare til å ta kontakt med meg når vi møter noko (menneske og dyr). Det liker eg og han blir premiert for det.

I dag har vi vore på trening.Vi har trent på bakpartskontroll (rygging). Ekko er blitt kjempeflink til å rygge. Til stor frustrasjon begynte vi òg på eit lite triks. Ekko ville bare rygge, ikkje noko anna. Men så smått fekk vi begynte på trikset "vinke". Vi ser for oss kongeleg vinking frå altanen 17. mai....:-)
Karin hadde med seg rotta "Ludolf"(?) til miljøtrening/atferdstrening/ sosialisering. Eg var spent på Ekko og ei rotte. Men guten viser talent. Han snuste, dunka litt borti i håp om å få litt leik i gang. Kom bort til meg for å kose, prøvde seg med dempande signal og ville ha litt kontakt med rotta igjen. Veldig positiv oppleving.

Litt oppsummering etter fokusdagar på atferd:
- det er eg som er den mest usikre av oss to. Eg stoler lite på han ( og har kanskje grunn for det?)
- han blir stadig enklare å gå tur med. Drar lite i bandet, tek kontakt
- vi må gjere dette oftare slik at eg får trent på raske reaksjonar. Og kanskje våge meg litt nærmare det farlege.

mandag 10. mars 2008

Eg har fått ny ball!.. og så har eg trent litt

Det har vore ei travel helg syns matmor. Det syns ikkje eg. Vi har vore på kurs. Arne i Siddis hundeskole skulle lære henne å vere medhjelpar på atferdskursa han har. Så skulle dei heldigvis øve litt. Eg trudde eg skulle bli verande i den der bilen i to dagar. Det er ikkje det kjekkaste eg veit akkurat. Då eg kom ut, tok eg dei for meg, lente meg inntil og jammen fostod dei at det var kos eg ville ha. Masse kos.

Eg har forresten lært noko nytt i helga. Det er folk på jobben. Frå nå av skal det bli forbode å reise på jobb utan at eg er med - i alle fall i helgene -. Mor syntes så synd på meg som måtte bu så mykje i bilen (ho skulle jobbe etter treninga) at eg fekk bli med inn. Og der var det jo fleire som kunne kose med meg. Eg kunne snuse litt og så fekk eg litt tid til å sjekke forholda rundt i kring. Og takk til den som hadde lagt igjen maten sin på eit fat. Litt tørt var det, men kjempegodt smakte det. Trur øverstkommanderande begynte å tenkje på at eg kanskje skulle trene på å vere på jobb og ligge i ro. Ja til det første og tja til det siste. Det kan nok ta litt tid og 1000 godbitar å trene det inn.

Men til viktigare saker:
Faya sjå ka eg har? Heilt lik ballen din bare litt større. Det passar jo sidan eg er litt større enn deg. Vi fann han på dyrebutikken ved IKEA slik som Elisabeth sa. Eg har brukt han på trening i dag. Heilt topp! Vi trente stå under marsj med den.

Elles trente vi på rygging. Eg syns det er nok med 4-5 skritt. Ingen vits i å overdrive. Men det er vi visst ikkje heilt einig om. Vi trente òg på fri ved fot. Eg er blitt ganske god, men nokon må lære matmor å snu mot venstre. Det blei bare tull. Men mot høgre og å setje meg kvar gong ho stoppar, gjekk fint.

Eg blei sur på sjefen i dag. Ho leika med Pia mens eg sat i bilen. Sånt skulle ikkje vere lovleg. Ho skal leike med MEG. Heldigvis gjekk det opp for henne at vi hadde leika for lite så på slutten blei det Kvakki ei stund og drakamp med kong ei stund. Eg vil ha ei økt med leik kvar gong!

Til alle som lurte på koss Kvakki ser ut, her er han: