torsdag 22. mai 2008

I dag har eg brukt hovudet mykje

Takk skal du ha for at du meldte frå om at du sakna røysta mi, Elisabeth. Matmor var på veg til å skrive igjen, men så minna eg henne på at det jammen var på tide at eg fekk kome til orde.

Det er ganske travelt å vere meg. Stadig ting eg må øve på, altfor lite fri leik og fri fart. Men eg har det nå ganske så kjekt for det.

I dag til dømes har eg brukt hovudet så mykje at eg er litt sliten no i kveld.
Først så måtte eg stå opp i natt for eg syns det kom innbrotstjuvar, men så viste det seg at det bare var nokon som ikkje har vett til å gå roleg når dei går heim frå fest. Så blei det dag og då hamna eg i den dumme bilen. Mor prøver med veldig gode godbitar, men eg er nå i tvil om dei er gode nok. Eg liker ikkje å hoppe inn i bilen. Vi kjørte avgarde og då vi kom fram, skjønte eg at her blei det skogstur. Trudde eg...
Nei, brått forsvann dei tobeinte. Dei kom tilbake etter ei stund og då fekk eg endeleg kome ut. Då skulle eg vere med på ein rar leik. Eg sprang inn mot skogen, så ropte mor. Eg snudde med ein gong. Trudde jo det var noko alvorleg som hadde skjedd. Og det var det jo, ho hadde gløymt å gje meg godbitar. Dette gjorde ho to gonger. Koffor gav ho meg ikkje alle på ein gong? Så kom vi inn i skogen. Og der var det kjekke folk. Eg sprang mot dei. Då ropte jammen mor då òg. Nå begynte eg å forstå: Snu fort og det blir mange karbonadebitar i premie. Veldig kjekk leik. Eg sprang mot dei andre og snudde med ein gong mor ropte. Og full pott! Dei kalla det visst innkallingstrening.
Etterpå måtte eg i bilen, men då blei dei andre trent på same måten. Her kan du får eit kort glimt av Era og eit av Punky. Punky måtte ha ekstra rening på tannvisning (det ser du på bilete over). Ho skal på utstilling snart. Stakkars henne.

Etterpå skulle vi alle ut på tur. Vi gjekk fram til eit område der det viste seg at dei hadde planlagt noko eg ikkje hadde vore med på før. Nemleg feltsøk ( ho ropte i alle fall "søk felt" då eg sprang ut). Det virka sånn at eg sat og venta. Marit lokka med ei leika, Punky klynka og så gjekk Marit avgarde med leika. Brått kasta ho den. Så skulle eg ut, finne og kome inn igjen med leika. Det gjekk veldig fint då mor forstod at eg bare bytar mot ei ny leike. Sånn gjorde vi det tre gonger, trur eg. Så skulle eg sjå på medan Punky gjorde det. Ho kunne visst meir for dei kasta fleire leiker ut. Eg var bunden til eit tre og prøvde å ule litt slik som Punky for eg trur at det må til for at denne leiken skal fungere.
Punky, ho er rar, ho kom springande bort til meg. Eg er jo ikkje heilt god på sånt til vanleg og særleg ikkje når eg står i band. Så eg knurra. Men veit du ka ho gjorde. Ho bare rulla seg rundt og rundt. Ho sprang ikkje vekk i det heile. Til slutt gadd eg ikkje bry meg med henne lenger. Så gjekk ho og arbeidde vidare. Rar dame. Vi gjekk forresten ved sida av kvarandre eit stykke på tilbakevegen . Trur dei tobeinte ville forsikre seg at vi var vener. Og det er vi jo. Eg syns bare ho er litt kjekk og litt masete.

Endeleg fann mor fram langlina og gjekk ned dit ho hadde forsvunne for 2 1/2 time sidan. Eg vasa litt rundt. Skjønte eg skulle snuse, men greidde ikkje heilt å få klarert rett lukt. Men så var det som det sa pling i hovudet. Sjølvsagt! Det er matmor sine fotspor eg skal finne. Og då blei det jo kjempeenkelt. Eg avgarde i godt tempo (passe fort syns mor), tok svingane som ein konge og brått fann eg ein boks med mange godbitar i. Fekk mykje skryt så eg trur ho var stolt av meg då. Eg har jo ikkje gjor dette så mange gonger.

Etter alt dette drog vi heim for å kvile. Men så sendte Anne ein SMS. Ho hadde kome til treningsplassen kl 17 og lurte på kor vi var. Ho er ikkje heilt med altså. Hadde det vore Thelma hadde eg skjønt det, for ho luktar så rart for tida, men matmora hennar. Ja, ja ho har blitt veldig tjukk i det siste så kanskje det påverkar hugsen? Vi prøvde å forklare henne at vi ikkje skulle trene før kl 1830. Men vi pakka sekken og drog avgarde vi òg så fekk ho i alle fall selskap frå kl 1730.

Trur ikkje matmor syns vi var heilt ferdig med å kvile for det første ho gjorde, var å finne fram stolen, ta meg ut og så sat vi der. Mor i stolen og eg på sida. Og litt bortanfor sat Anne i stolen og Thelma på sida. Ja, ja grei øving det, men vi skulle vel noko meir?

Jo då, ho hadde tenkt litt lenger. Først var det å gå fint i band og sjå beundrande opp på gamlemor. Alt dei tobeinte finn på for å få beundrande blikk! Og eg lar meg kjøpe.....

Så var det ein ny runde med innkalling. Eg har visst for lite eksplosiv start. Ka nå det betyr. Eg vil ikkje eksplodera og forresten så har dei tobeinte tendens til å trø på langlina og då blir det bråstopp. Nei, eg likte betre sånn vi leika tidlegare i dag.

Eg trur det kom mange fleire etterkvart. I alle fall kom Maja og Gro for dei trente vi saman med. Maja trener òg på den der dumme bakparten. Eg vil helst ikkje snakke om den, men eg rygga nå litt og det blei nokre godbitar.

Så har dei funne ut at hundar skal krype. Ka då for? Eg kjem meg under det eg vil og er det ikkje nok at eg går som ein gud? Neidå, ned i dekk og kryp. Heldigvis er Gro ganske smart så ho fekk lokka matmor med ut på graset. Var betre å krype der. Asfalten var vond den. Og eg fekk til litt. Det begynte faktisk å bli litt kjekt.

Eg gløymte jo at vi hadde fellesdekk. Eg tok nokre susande "sittopp" og "dekk" i utgansstilling. Lyden av matmor kunne du høyre langt. Eg var litt stolt då. Men koffor gjere det rett? Eg hamna sjølsagt i bilen....
Det kan godt hende at vi trente på meir, men det susar rundt i valnøtta mi så eg hugsar ikkje meir.

onsdag 21. mai 2008

Kjekk hund på tur

I dag skulle vi gå ein tur og nyte sola og den intense grønfargen. Samstundes ville eg arbeide med Ekko som turkamerat.

Målet var Mosvatnet og turområdet der. I tillegg til at dette er eit nydeleg område så er det stor sjanse for å møte andre hundar, fugleliv, barn, vaksne, motoriserte rullestolar, syklistar og joggarar. Altså perfekt område for turtrening.

Resultat:
Bandtrening:
Ekko går veldig fint i bandet når han er ferdig med dei første 200m med lukting og tissing. Han er lett å få kontakt med, oppsøkjer ofte kontakt og dreg ikkje i bandet. Unnatak er når han luktar noko veldig, veldig spennande, men til og med då opplever eg at ein kontaktlyd får han til å kome til meg.
Møte med menneske:
Vi møtte mange folk. Når ungar skal forbi, går halen ivrig. Då er det vanskeleg å sjå på meg, men han greidde det i to av tre gonger. Når vaksne går forbi, tek han kontakt med meg. Veldig bra.


Vi møtte òg hundar.
Eg var spent for han har hatt fleire utfall i det siste. Det var så lenge sidan så eg var så overraska då det skjedde. Altså bestemte eg meg for å gå langt ut og trene Kinderegg.

Første hund: Vi går til sides og stiller oss opp. Men det kom jo aldri ein hund... Det viste seg at hunden hadde bestemt seg for å ha eit stort toalettbesøk akkurat då og det tok visst tid med innsirkling av plassen osv. Men omsider kom han. Ekko såg bort, men var jo så gira på maten etter denne ventinga at det var ingen reaksjon.

Hund nr 2 kom like etterpå så vi var ikkje komne ut frå plassen vår ein gong. Denne var Ekko litt meir interessert i, men godbitane var betre. Han var roleg sjøl om vi gjekk tidleg ut på vegen igjen.

Hund nr 3 var utruleg vakker syns Ekko. Og eg trur at den andre syns like eins. Eg fekk Ekko lett ut av vegen, men ikkje i godbitstilling for kindereggøvinga. Dette måtte han bare sjå på. Fekk mata han frå sida. Kroppen stod parat, men ingen lyd, ingen rykk. Den andre hunden såg og såg etter Ekko. Og Ekko såg.... Men like etter er han lett å få med seg vidare og ikkje stressa.

Hund nr 4 kjem vi mot bakfrå. Dei går sakte og vi nærmar oss. Ekko er veldig klar over hunden. Eg byrjar trene på kontakt mens vi går. Han ser på meg kvar gong kontaktlyden kjem, men er fort stirrande framover. Etter kort tid er det Ekko som tar kontakt for godbit. Han ser stadig bort på den hunden vi nærmar oss sakte, men vel å sjå ofte opp på meg. Eg går så sakte at eg er sikker på at vi ikkje kjem for nære hunden framfor. Den vimsar i veg i fleksilina med matmor i mobilen, så her er eg ikkje trygg på at vi bør gå forbi. Eg hadde òg mobil, men den blei brukt til fotoapparat.

Hund nr 5 møter vi på eit smalt område og vi må snu og gå tilbake. Ekko kjem villig med og vil meir enn gjerne snuse på ny plass. Eg får han til å sitje. Han observerer den andre, men søkjer stadig kontakt med meg.

Sitt når eg stoppar opp.
Dette er vanskeleg. Ekko strever med å forstå at han skal gjere det når vi går og luftar oss. Han har tidlegare lært at han då skal stoppe og la bandet bli hengande slapt. Og det er jo godt at han kan. Men no vil eg altså at han skal setje seg når eg stoppar opp. Øvde kvar gong vi kryssa ei gate i dag, men det er ikkje lett for bilførarane er kjappe til å sleppe oss fram :-) . Når han har tenkt seg om bitte litt, er sitt faktisk forslag tre. Først stoppe opp, så sjå på meg og så .. sitt.

Når vi møter folk vi kjenner, er det mange andre ting han vil FØR sitt og kontakt kjem, men det går sakte framover. Det kjem i alle fall som eit tilbod.
Fuglelivet.
Ender er kjempespennande syns Ekko. Kontaktlyd var nok til å få han vekk frå det fokuset. Minus ein gong. Då skulle eg fotografere og tar hunden med meg ut i eit ormåde der fuglane bare låg og venta på oss... Gjett om eg fekk brannsår i handa då bandet stramde? Men ingen fugl skada og Ekko var lett å få i modus som fotoobjekt.
På slutten var vi så blide begge to at det blei drakamp med bandet og lov til å bere kong-en heim.

mandag 19. mai 2008

Den evindelege bakparten

Det var mange på treninga i dag. Ingeborg og eg ville trene på bakpartskontroll. Stakkars Sander og Ekko. Det er eit mas med den der rygginga. Ingeborg klikka og eg rygga saman med hunden. Det gjekk etterkvart ganske så bra, men akkurat då eg syns dette går så det susar, så svingar rompa ut. Eg skulle hatt vegg på begge sider.... I periodar sette Ekko opp farten. Dette måtte han få unnagjort litt fort. Godbitane til Ingeborg var betre enn mine. Det minna meg om leveren eg har i frysa. Må få laga skikkeleg gode bitar av den. Etter to rundar som eg var ganske nøgd med slutta vi av denne treninga. Eg slit med at vi ikkje kjem lenger, men eg trur eg vil prøve litt vinkel snart. Får sjekke "bibelen" ka råd den gjev.

Tredje økt var kryp. Vi er heilt i startfasen. Eg kutta ut targetsticken for Ekko reiste seg heile tida. Nå sat eg på huk og brukte fingen. Vi kom så langt at han kraup bitte litt. Han reiser seg veldig ofte.

Nå trengte hunden og eg litt fart og liv. Eg tok ut musematta. Veldig lenge sidan sist, men Ekko var ikkje i tvil om ka den skulle brukast til. Han hadde mange god sprint mot den og sette labben på. Det var viktig å klikke før munnen òg kom..... Må utvikle den vidare snart.

Eg hadde òg ei lita økt med drakamp med kong bare for at han skulle få ut energi og samstundes trene på å gje frå seg ved ordet "takk". Det går passe bra. Eg får han ikkje til å oppfatte at eg har blitt passiv og når han er på det mest intense, sklir ikkje ordet takk inn, men elles går det fint. Kan trene meir på det.

Bilen har vore eit mareritt i det siste. Han vil bare ha framlabbane inni, ikkje heile seg. No har eg endeleg fått dei varene eg bestilte av Karin og håper på at kyllingnakkar kan vere med å hjelpe på frivillig hopp inn i bilen.

Eg kjente meg sliten (og kald.. det er alltid slik ein vind på Sola..) då eg kom heim, men treningsvidunderet mitt syns at økta var for kort. Så den som måtte slå til med meir trening, var meg. Det starta med frivillig sitt då eg stoppa midt i stova. Det blikket Ekko sendte var tydeleg: "Kom igjen -eg er klar". Ja då blei det nokre på plass, dekk og litt kryp. Dei to første var svært fine, den siste likna på det eg såg før i dag. Akkurat no trener han på å ligge stille under skrivebordet. Heldigvis er fòr god premie innomhus. Eg trur jammen han somna.....

søndag 18. mai 2008

Hente avisa og andre kjekke øvingar

I dag har eg vaska jærbunaden ( den fora dressen). Tenkte at no kan eg vel vere utan den i ein periode...
Ekko har vore treningslysten heile dagen. Han kom til og med inn med eit lausbitt han hadde funne i sekken. Kom igjen og tren meg! Og eg gav meg jo og trente litt på det. I tillegg begynte vi forsiktig med å krype.

I dag oppfordra eg klikkarfolket: Kom på trening og eg finn på utfordringar! Vi blei ein fin gjeng. Utfordringane var: Innkalling, hopp, balanse på benk, tunnel, hente avisa, gå bak og slalåm mellom beina.

Anne&Thelma, Anne Lise&Scotty, Silje&Pia, Lili&Biko, Ingve&Aron og Elisabeth tok i mot oppfordringa. Elisabeth utan hundar, men ho blei fort fotograf og medhjelpar.

Ekko prøvde seg først som avisbud. Og jammen slo all trening på apport inn. Han sprang fort til Lili, tok med seg avisa og avleverte i handa mi. Eg fekk han til og med til å springe tilbake til Lili med avisa etter at han hadde gitt meg den. Avisbudet blei filma, sjå her.

Biko prøvde òg å vere avisbud. Han hadde ikkje trent apport slik at på han trente vi kun det å kome borti avisa. Men aller helst ville han sjå på matmor og bli beundra :-).
Innkalling var neste post på programmet. Eg brukte fløyte denne gongen og hadde yndlingsballen klar. Kjempereaksjon! På dei siste innkallingane brukte eg kong - det var ikkje fullt så gjevt. Det kan nok vere ein blanding av at han var trøytt, men tydeleg òg at ballen har ei ekstra stor stjerne.
Alle hadde minst ei økt med innkalling. Det var pipelydar rop og ymse anna rundt ikring. Dei fleste opplevde at hunden kom fykande. Det er deilig å vere på parkeringsplassen ved OD for der er det så god plass. Fleire blei filma, her finn du Pia. i aksjon.
I tredjeøkta skulle Ekko trene på å gå bak. Eg bruker det i blant på tur i skogen. Treng at han går bak ned bratte sider og liknande. Men eg har ikkje trent noko på det. No skulle eg bruke target på fing. Lili skulle klikke. Det gjekk greit med fingen bak. Han forstod den, men då eg skulle premiere kom han fram. Og så skulle eg vere kjapp for ikkje å få han fram mellom kvar gong. Gjett kor eg gøymde handa - akkurat- bak ryggen.
Altså blei det tendensar til lokking i staden for target. Må trene meir på det der. Skjønte på Anne at ho og Thelma hadde det same problemet.
Nest siste økt var hopp. Ekko hoppar fint over og han syns det var ekstra kjekt då vi småsprang mot hoppet. Men han hopper for nære meg. Det er slik at eg er redd han blir spidda av stanga på hoppet. På slutten var han så gira at han beit i bandet. Han var tydeleg trøytt. Vi avslutta med litt kryptrening. Eg kom ikkje lenger enn at han kjem borti targetsticken og kryp 1/2 cm.. Men det er ein start.
Eg storkoste meg i kveld. Litt fri frå lydnadstreninga samstundes som dette er nyttig trening det òg. Men eg kjenner eg har nok brukt hovudet eg òg for no er eg trøytt.

Aron og Biko var med oss for første gong. Det var veldig kjekt. Sjeldan å sjå kvite gjetarhundar her så dei blei ekstra beundra. Her Ingve og Aron.

fredag 16. mai 2008

Behov for ein i forsvar?

Skulle Viking eller eit anna lag ha behov for å styrke forsvaret, er Ekko klar. Han reagerer kjappare enn lynet og gjev ikkje frå seg ballen utan kamp. Akkurat den forsvararen Viking hadde trengt!

Trur ikkje han forlangar høg løn heller. Kun real kamp og MAT.