søndag 8. juni 2008

Eg er glad Canis ikkje kjem kvar veke.

Kvar gong bladet kjem, blir eg inspirert til å trene på noko nytt. Og når ein ikkje driv med hundetrening på full tid, kan ein jo bli ganske frustrert over alt ein skulle ha gjort og kor lite ein fekk gjort.

Eg har ikkje lese heile bladet enno, men har stoppa opp ved den første artikkelen. "Trening med forstyrrelser". Morten Egtvedt stiller spørsmål ved om det er forstyrringane som er problemet. Vi burde heller flytte fokus over på det å få flyt på så mange åtferder som mogleg. Har hunden fått flyt på dei i rolege omgjevnader, vil han lettare automatisere dei i nye omgjevnader. Altså kan vi trene mykje heime samstundes som vi miljøtrener hunden utan å tenkje på øvingane. Og bruk gjerne andre til å trene inn forstyrringar.

Nå er jo Ekko ganske flink til å fokusere sjølv på nye plassar, så det var ikkje den delen som opptok meg mest, men alt han skriv om flyt. Her ser eg at vi kan ta mange økter på stovegolvet framover. Kor mange ferdigheiter har Ekko på flytnivå? Definisjonen til Morten er: åtferda er ikkje innlært grundig nok før du har nådd eit ambisiøst flytmål. Td 20 ligg på 60 sekund. Greier eg bare 5-6 repetisjonar på eit minutt, eller hunden er avhengig av lokking i større eller mindre grad eller manglar flyt på andre måtar så kan han ikkje øvinga flytande.
Gjett om Ekko har pest i dag? Eg tok ikkje tida, men det blei mange sitt på kort tid i alle fall. Det var ingen vits i å prøve på dei andre øvingane for der er det ikkje flyt. Men no er eg altså på nytt minna om kor dumt det er å slurve og kor smart det er å bruke tid på dei enkelte grunnferdigheitene. Vårt problem er at altfor mykje skal innom den vesle hjernen til Ekko. Det er som om han må tenkje gjennom ka eg sa før han gjennomfører det. Og poenget er jo å få det som ein refleks.

Kvifor er det så viktig?
  • Er åtferda flytande blir den lettare generalisert i nye situasjonar.
  • Åtferda er lettare å hugse sjølv om det er ei stund sidan vi trente på den (hugs hjernen deira er ikkje så stor)
  • Åtferda krev mindre energi å utføre, både fysisk og mentalt
  • Åtferda er lettare å kombinere med andre åtferder
  • Åtferda er meir motstandsdyktig mot fråver av forsterking.

Måtte jo tenkje på kor flink Ekko er heime til å legge seg i ro og la oss spise i fred og kor vanskeleg det var då vi grilla og folk sat rundt på bakken og åt. Kan vel seie at han greidde det halvveges. Må nok trene endå meir på å ikkje forstyrre eit måltid (og trene dei tobeinte på å ikkje servere undervegs..) Det er jo eigentleg trening av bli liggande over lengre tid utan godbit før det er over.

No er det altså fram med grunnferdigheitsskjemaet og skrive ned kor mange repetisjonar pr minutt Ekko greier på kvar åtferd. Og då skal eg vere nøye med ikkje å bruke hjelp i det heile ( ekstrakommando, lokking...). Det er kun korrekt utførte åtferder som skal teljast. Kan bli ineressant det.

Eg har begynt å forstå at det nærmar seg ny kurshelg...

.. og med den mange oppgåver som skal løysast. Nå har eg laga ein teoretisk plan for gjennomføring av kurskveld der deltakarane skal lære grunnferdigheita STÅ. Så er det om teori og praksis kan koblast når eg skal teste det ut på "kursdeltakarane" mine i helga. Nå har eg "bare" igjen eit foredrag på 15min. om habituering (viss du lurer på ka det er, så kan eg kanskje hjelpe etter helga :-)) og få grunnferdigheitene bakpartskontroll, utgangsstilling og kryp i boks, så er eg klar for ny kurshelg.......................... (hjelp). Kanskje det er positivt at det er litt kaldare i lufta no?

lørdag 7. juni 2008

Rundere i varme - då er det betre med bad...

I dag skulle vi endeleg rundere igjen. Trur nesten det er to månader sidan sist. Til Bore med oss. Eg sette meg fast i sanden, men fekk heldigvis hjelp av ein sterk ung mann. Det var Marit og Jan Inge med Punky og Ekko og meg i dag.

Første økt var enkel flying. Ekko sprang direkte ut når vindretningen var til hjelp. Men han tok spor den andre vegen. Han starta med god fart, men på den sida der han ikkje hadde vinden til hjelp blei han fort usikker. Stoppa han etter 5 slag.

Andre økt var med lausbitt. Her var begge figurantane synlege. Dei sat med lausbittet i handa. Eg sendte Ekko ut på enkeltslag. Han plukka fint opp bittet, men kan springe fortare inn. Går roleg inn på plass og i 2 av 3 gonger venta han med å spytte ut lausbittet til eg sa takk. Sat til eg hadde tatt på han bandet og bede han "vise mann". Då kom farten. Han sprang til figurant for å få godbit. Eg kan skulde på varmen, men eg er ikkje sikker på om det var den heller. Trur eg kanskje skal gå litt tilbake og premiere stort når han kjem inn med bittet. Eg vil ikkje miste farten der. Men eg er jo glad for at han greier heile prosessen.

Dette blei òg ei kort økt på grunn av varmen.

I kveld har vi vore ved Åsvatnet og grilla. Det var kjekt både for tobeinte og firbeinte. Vi var saman med Alpha og hundane storkoste seg både på land og i vatn.












Eg har blitt inspirert av bloggane til Morten og Fanny om motbetinging og har no bestilt DVD til Kathy Sdao (Cujo meets Pavlov). Diverre var den ikkje på lager så eg må vente. Men den som ventar på noko godt.... I alle fall verkar det spennande det dei skreiv om i bloggane sine.

torsdag 5. juni 2008

Det er så varmt, så varmt - då er det godt med hundeis

I desse dagar er det ikkje lett å gå tur eller trene hund på dagtid. Ekko pesar bare vi går ein liten luftetur. Men vi har ordna oss med is for hundar! Det var suksess det.
Her er oppskrifta:
Finn fram yoghurt-boksar eller andre små, kjekke boksar (eg brukte plastglass då eg ikkje fann noko i farten).
Oppi desse legg du fòrkuler/ kjøtbitar/pølsebitar... alt etter ka du trur hunden har lyst på.
Tøm på vatn og set det i frysa.
Ekko storkoste seg med fòrkuleisen sin. Det er ingen vits i å fylle opp alt med godbitar, det skal trass alt vere for tørsten òg dette.


Ellers har vi mest vore i ro. Vi har trent litt på kryp og sitt på avstand. Det var akkurat som om hunden vakna til liv om kvelden og blei treningssugen.

Ein kveld drog vi til sjøen for å bade. Det var ei underhaldande oppleving. Eg er van med at vi må kaste noko for å få Ekko uti. Jo, eg gjorde det denne gongen òg, men no kom retrivergleda over vatn fram. Han trengte ikkje fleire grunnar for å gå ut i. Han symde avgarde, kom innom oss og måtte uti på nytt. Tydeleg at dette var fantastisk godt. Etter fleire symjeturar fekk ha så mykje energi at han sprang som ein villmann rundt og rundt. Vill i blikket og full av glede. Han kom på innkalling, men straks eg slapp han måte han ta eit par rundar til. Og så ut i havet igjen. Oppdaga heldigvis eit par kajakkpadlarar som var vel nære land, så eg fekk hanka han inn. Dei var jo kjempespennande. Ser for meg overskrifta: Kajakkpadlarar angrepne av hund!

Etter så mykje salt vatn og villskap måtte han ha føde - nemleg gras.


Vi har hatt med oss ein ungdom som er redd Ekko (ja hund generelt), dei siste dagane. Ekko syntes akkurat han var jo den mest spennande og ville bort til han stadig vekk. Men etterkvart blei eg litt imponert over hunden. Han prøvde på alle måtar å dempe seg. Han sette seg, la seg og håpa på klapp frå den redde. Og han fekk litt, men som regel var det andre tobeinte som trødde til og oppmuntra hunden til å fortsetje med roen. Men så var det andre stunder då han vill ebort til han som han ville til oss. Og guten løfta hender og det var jo spennande. Men det gjekk over all forventning godt.

søndag 1. juni 2008

Eg er hekta på gulerøter!

I dag har eg sløva - det er enormt varmt!

Men i kveld har eg arbeidd litt. Matmor, Torhild og Marit syntes visst at Era, Punky og eg trengte litt hjernearbeid i varmen. Og det sa vi jo ikkje nei takk til.

Først trente vi på fellesdekk. Matmor gjekk ikkje langt frå meg. Trur ho var redd eg skulle spise opp dei to ungjentene. Eg legg meg visst litt skeivt for etter ei stund blei eg plassert inntil ein mur og så sa ho sitt, dekk, sitt opp ein del gonger. Så flytta vi ut på plassen igjen. Og då jubla mor. Eg la meg beint og sette meg opp etter frambeina. Gjør eg ikkje det til vanleg? Hm. Eg trur eg plar ta eit ekstra hopp når eg set meg opp. Syns det er ganske stiligt eg. Når eg får kommandoen dekk, legg eg labben over matmor sin fot eller i alle fall såpass på skrått at eg får vist at eg passar på henne. Ho likte visst ikkje det heller. Det skal visst vere å smelle ned i dekk frå sitt og så løfte framlabbane når eg skal opp. Jammen, eg er jo så glad så kvifor får vi ikkje poeng for gladhopp? Verda er ikkje heilt fornuftig.

I dag prøvde matmor å gå fortare då vi dreiv med bakpartskontroll. Ho fekk eit par gode råd frå Marit som vi prøvde. Trur dei verka litt betre, men eg syns framleis sånn trening er keisamt.

Kryp på asfalt gjekk bra (eg kryp ikkje særleg langt, men vi er akkurat no opptatt av at eg skal få inn krypeteknikken).

Så kom Faya og forstyrra oss. Eg hatar å gå inn i bilen og no ville eg det i alle fall ikkje. Det var jo andre hundar ute. Trur Faya hadde treningsfri i dag. Men ho hadde nok lyst til å bli med... Ho var forresten litt rar i dag. Først gadd ho ikkje sjå på meg ein gong, så blei ho sinna på Punky og så spydde ho. Forstår godt at ho reiste heim eg.

Marit og Punky reiste òg heim. Era og eg fekk trent på innkalling. Det var kjempekjekt. Matmor tok den kjekkaste ballen under armen og gjekk. Eg SPRANG då ho ropte. Sånn må vi gjer mykje av. Det gjorde Era òg då Torhild ropte.

Era trente på å sitje medan Torhild gjekk vekk. Matmor mi skulle passe matskåla. Era var kjempeflink til å sitje stille og vente på beskjed om at ho no kunne ho forsyne seg.
Eg trente på bråstopp mens vi går. Fekk det ikkje heilt til tidlegare på kvelden, men no tok mor med seg ballen. Det var noko anna det. Bråstopp ville ho ha og bråstopp fekk ho.

Trur ho blei litt inspirert av at eg blei meir gira for etterpå kom Kvakki fra. Og då fekk eg til nokre flotte dekk òg.

På slutten innynda eg meg med Torhild. Fekk smake godbitane til Era. Veit de kan ho et? Gulerøter! Eg spytta den første babygulerota eg fekk, ut. Men så fekk eg litt i småbitar og då måtte eg jammen ta opp den eg hadde spytta ut. Smakte jo godt. Eg blei hekta. Måtte bort til Torhild i ett sett for å få meir. Trur eg vil ha gulerøter eg òg.