torsdag 24. juli 2008
Gata vår
onsdag 23. juli 2008
Spor og apporttrening i varmen
I dag møttes Marit og eg på Sviland for å legge spor til hundane og trene apport. Det er varmt i dag og det var tydeleg på hundane.
Ekko starta fint med snutetarget på hånda mi. Det var for å minne han om at flat hånd betyr levere i hånda. Så kasta eg ein ball. Han henta og leverte fint. Det var fart på han. Etterkvart la eg ut fleire gjenstandar. Då tok han opp og la i frå seg. Det vil seie han tok den første, men fann på vegen ein han likte betre. Altså slapp han den første og tok den neste. Det var tydeleg at prioriteringa var ballen, kongen og kanskje siste gjenstand som var ein ødelagt fotball. Ballen blei fint levert, likeeins kongen. Men den siste var ikkje interessant å hente.
I neste treningsrunde skulle eg bruke apportbukken. Kjekt ved første kast, men deretter uinteressant. Han ville heller snuse og vimse. Tok ut ball med lyd. Veldig kjekt, men den ville han ikkje inn med.
Konkluderte med at avleveringa ikkje er i boks. Den må trenast ein god del på. Eg må altså ha fokus på snute i håndflata og levering av alle typer ting. Dei kjekke og dei mindre kjekke.
Han ville heller ikkje sitje på kommando etter som varmen tok på i dag. Ikkje hadde eg tolmod til å vente på det heller. Fy meg.
Sporet var ganske langt. Det var 40-50 minutt gamalt. Skogsbotn. I motsetnad til treninga tidlegare der alt gjekk i sakte tempo, gjekk dette fort. Han måtte stoppast fleire gonger. Ikkje fordi han var på villspor. Nei, på grunn av farten. Han fekk godbit i starten av sporet. Deretter var det bare lukta av meg. Det gjekk på sti utanfor sti, i mange vinklar. Han rota i ein vinkel. Då stoppa eg opp og lot lina vere slakk til han var innpå sporet igjen.
Konklusjonen her må vere å gå litt tilbake slik at han set ned farten igjen. Altså må eg tilbake til litt pølsespor, dvs pølser undervegs i sporet slik at han går seinare for å få med seg dei. Men elles verkar han ganske sikker på jobben sin når han reser avgarde. Skulle eg henge meg opp i noko anna enn farten, er det jo at han er flink på overvèret. Det såg eg i dag, der det viste seg at slutten ikkje var så langt unna ein stad vi svingte innom tidleg i løypa. Då var det ein som hadde nasen i i veret og var klar til å ta snarvegen. Heldigvis ante det meg at det var det som var på ferde så han blei stoppa i tide.
Elles går burtreninga sakte framover. Det nye buret er bare litt større enn det andre. Ekko syns det er tryggast å legge frambeina utanfor. I dag stilte eg med birkebeinerskinke og frista verre. Stilte meg framfor inngangen då han var på veg til å legge seg med beina utanfor. Då stakk han ut. Dette var for nifst. Men så var det den der skinka. Til slutt var labbane innanfor. Ein gong var bare litt utanfor. Då tillot han at eg dytta dei inn.
Nettet framfor opningen har eg fått lov til å ta på, til å legge laust ned, men då er det ikkje snakk om mange sekunda mellom kvar godbit. Den som hadde lært gullguten det då han var liten :-). Vi har nok ei god stund enno før buret kan takast med på trening og bli brukt der.

Chico 1997-2008
Det siste halve året har han strevd med foten som aldri ville bli heilt god etter at han skada den. Vi trudde jo ei stund at han kom til å fikse det òg som så mykje anna i livet sitt. Men nå tok nok alderen på.
Takk til deg Chico for at du kunne vise oss perfekte "dekk". Ingen av dei andre hundane kunne smelle i bakken som du. Og ingen andre er vel så gira på bilkjøring som deg heller. Då gjekk det høglydt for seg!
Kos deg i hundehimmelen, Chico. Du får garantert jobb som sidemann på bil ;-)
Her på jorda må Faya greie seg utan broren og leikekameraten sin. Og Elisabeth får setje musikken høgt på slik at det ikkje blir heilt stille i bilen....
tirsdag 22. juli 2008
Tur til Orre
I dag skulle eg skaffe reisebur til Ekko. Hadde høyrt at det var på Tropehuset på Pollestad eg skulle undersøke saka. Eg tenkte at flittige jærbuar har ope om dagen og tidleg stengt. Men der tok eg feil. Kl 1130 var det ingen der. Dei opna ikkje før klokka 14. Ja, ja, då fekk vi finne oss ei strand og nyte dei 2,5 timane til opningstid.
Vi drog til Orrestranda. Kvar gong eg er på ei jærsk strand blir eg fasinert av lyset og fargane på himmelen og havet. Eg, dummen, hadde reist utan fotoapparat og ikkje tok eg med meg vatn til dyret heller. Mobilen fekk vere fotoapparat.
Turen gjekk frå friluftshuset til Revtangen(?) og tilbake og vidare til vi kom til ei elv (Orre-elva?). Vi var omtrent aleine då vi begynte på turen, men etterkvart dukka det opp folk som la seg til rett i sanden. Brått gjekk eg på ein solbrun, naken mann òg. Eg kom jo ikkje på at det var nudiststrand deler av Orre. Ja, ja, han kvikka i alle fall opp i dagen. Og Ekko gjekk pent i band og viste lite interesse for nakne menn i sanddynene.
Eg hadde fått med meg at det var båndtvang heile året så eg var skikkeleg flink. Han fekk kun springe ut i bølgene eit par gonger. Elles gjekk han fint med meg. Men gjett om eg hadde lyst på dei aude områda (men heldigvis styrte eg lysta for det var jo sjølvsagt då det var mest aude naken mann dukka opp...). Undervegs tygde Ekko på mykje rart og han drakk av lite friske vasskjelder. Eg lurer på korleis den magen er i løpet av dagen.
Det er eit fantastisk lys ved havet. Og det er deilig å kunne gå og kjenne lukta av sjø, kjenne vinden blåse akkurat å friskt at det er deilig. Det var varmt nok i sola og utan vinden ville det vore i varmaste laget for oss to.
Etter 2 1/2 time var vi tilbake i bilen. Ekko fekk friskt vatn og vi kunne dra av garde og kjøpe reisebur. Det er litt større enn det andre vi har. Eg er no spent på om det fungerer. Vi skal trene seinare i kveld.mandag 21. juli 2008
Idear og inspirerande trening
Marit hadde kome seg laus frå kvelpane og var framleis inspirert etter kurset med Fanny Gott. Og glad er vi for det, for ho inspirerte oss i treninga i kveld. Eg fekk gode tips og fekk prøvd noko av det dei hadde lært.
Dette var kjekt. Eg må prøve det igjen.
Neste var helse på folk.
I tredje økt var det klossen for Ekko sin del. Han fiksa fint det å stå på den (er litt trang for dei store labbane hans, men det går). Han har begynt å flytte bakparten etterkvart som eg snur meg. Må jobbe meir med den òg.
Inn og ut av bilen var like dumt som før. No må eg bare skaffe meg eit større bur slik at eg slepp det maset og kan plassere han i bur ute.
Abonner på:
Innlegg (Atom)