søndag 21. september 2008

Instruktørhelg

Så var det ny arbeidshelg igjen....

I går var eg så trøytt at eg så vidt orka å trene Ekko. Tilbakemeldingane eg fekk, forsvann inn i alt bomullet som var i hovudet mitt.

Teorien var spennande. Meir om ulv, ulv/hund og hundespråk. Eg måtte ha ei førelesing om curlyen. Elisabeth instruerte i "spring vekk". Det var veldig kjekt. Vi fekk til og med brukt det i praksis for "Aron" (kvit gjetarhund) kom springande mot oss og Ekko og eg var heilt i giret på spring vekk så det gjekk så det suste.

Både i går og i dag trente Christin, Elisabeth og eg saman. Vi skulle vise framgang på øvinga vi hadde hatt sist kurshelg (det låg lagt bak i hjernen...). Christin: Bakpartskontroll, Elisabeth: kjappe dekk og eg avlevering av godbitar ved lineføring.
Eg strevde med oppgåva mi på laurdagen. Ikkje premierte eg fint nok, Ekko såg ned, eg gjekk for seint osv. konkluderte med at hund og eigar ikkje hadde fokus.

I dag var det betre. Eg fekk oppfarten (etter påminning), greidde å avlevere godbit fint og då vi skulle finpusse på at Ekko såg altfor mykje ein annan veg, fiksa han det på ein to tre.

Elisabeth skulle ha raske dekk, men måtte kutte ut kommandoen. Då tenkte Faya lenge... I dag hadde Arne med stoppeklokke og konkurransedyret Faya slo til. Etterkvart kom dekkane ganske så kjapt. På kort tid gjekk det frå sakte (med ekstra fotbevegelse) til rett ned.

Først ein forsiktig.., Så ka syns du om denne, mor?
Denne då?





Ser du meg, Christin? Eg kan sitje Bamse. Lacy syns ikkje det var vits med pausar. Ho tilbaud all slags då.

Christin ville i andre økta prøve å få Lacy til å bevege på bakbeina. Til dette prøvde ho targetstick. Dette er starten. Kanskje Lacy til slutt klatra med bakbeina opp på veggen? Vi minna henne om at Canis hadde ei slik utfordring for eit nummer eller to sidan.


I siste økta trente eg med Annett og den skjønne kvelpen, Kalo. Ho var så ivrig på musematte-treninga at det var ein fryd. Vi prøvde òg targetstick. Den trengte ho litt lenger tid på.

Ekko storkoste seg då eg lot han få prøve seg på target med musematte og targetstick. Med musematta på stubben var det frambeina som skulle opp. Her kom snute og begge frambeina. Heilt topp så sjå iveren då vi flytta frå asfalten til stubben.

Med targetsticken fekk eg han opp på stubben, til å sitje og til å hoppe ned. Kjempekjekt å sjå han hoppe opp for å touche targeten.

Det eg syns var vanskeleg denne helga (i tillegg til å ha bomull i hovudet), er å instruere og veilede andre. Dei kan jo så mykje så ka skal eg seie? Må trene på dei andre på torsdag trur eg.... Så bare pass dykk!

tirsdag 16. september 2008

Eg er hekta....

Eg er hekta på klossen. Veit ikkje kvifor, men eg må bare stå på den. Blir heilt i hundre når matmor legg den på golvet. Det er SÅÅÅÅÅÅ kjekt å trene med den.

I dag har eg flytta bakbeina i full fart inntil matmor. Men så fekk eg ikkje godbit. Ka var det? Eg grein og trødde henne på foten (ho hadde ikkje sko he, he), men hjelpte det? Nei. Blei så sur at eg sette meg. Og vips der kom det godbitar og mykje godord. Rare greier. Det skjedde om igjen og om igjen. Eg er framleis litt usikker på om eg skal sette meg eller om det er like greit å stå. Syns eg kunne fått kost meg litt med reserfart med bakbeina, dunke i foten til matmor og så godbit. Det er jo superkjekt.

Men trur du ho har sansen for sånt. Nei, ho fekk det for seg at eg skulle gjere eit eller anna eit stykke frå klossen. Då sa eg stopp. Eg stilte meg opp på klossen. Her skal det jobbast, ikkje slik tull og tøys, takk! Eg fekk viljen min mot at ho fekk eit par superflotte på plass utan klossen (ho sa ikkje kommandoen, men eg skjønte jo at her kunne eg kanskje innkassere ein godbit eller to sidan ho bare stod der rett opp og ned).

I kveld har eg spist ei heil pølse. Måtte jobbe for den, men det var gjer ingenting. Matmor hadde pakka pølsebitar inn i matpapir og gøymt dei rundt ikring. Måtte leite voldsomt så nå må eg kvile.

Ein sleik frå Ekko

mandag 15. september 2008

Nå er det haust

I dag var det ikkje vind på Sola. Utruleg. Men det var haust i lufta i staden. Faktisk litt kaldt å sitte på stolen... Og eg må nok tenkje på å ha meir klede på meg neste gong.

Vi var 5 tobeinte og 5 firbeinte.

I dag var målet:
  1. Håndtering
  2. Klossen. Her skulle han kome heilt inn til meg utan å nøle.
  3. Veggen. Vi skal stå 180 grader frå veggen og snu oss slik at han set seg inn til veggen.
  4. Lineføring

Eg arbeidde saman med Anne Lise og Elisabeth.

Håndtering. I første økt blei hundane håndtert. Vi starta med tannvisning og gjekk vidare til at dei blei tatt på. et gjekk veldig fint. Men vi kan nok vere hardare i håndteringa.

Faya skulle arbeide med fri ved foten i ulikt tempo og pangdekk. Scotty trengte fokus og ro.

Utgangsstilling/klossen. Ekko elskar klossen. Han blir heilt gira når han skal stå på den. Og jammen hadde han sove godt og tenkt glupe tankar for det var bare å stille seg opp så var han tett inntil meg. Så målet for dagen på klossen var nådd før eg fekk tenkt meg om. Då prøvde vi med å vente å sjå om det kom eit sitt. Det blei frustrerande. Eg må innrømme at det kom litt hjelp frå meg. Den må vi øve på her heime. Eg vil jo beholde så tette sitt som det eg fekk på å stå inntil.

Utgangsstilling/veggen. Første runde var rar. Han forstod ikkje ka han skulle, ville bare leike. Han hadde tatt med seg Kvakki ut og den forstyrra tankane voldsomt. Elisabeth prøvde å dytte han inn til veggen. Det var visst ikkje slik Ekko ville ha det i livet så då var det ein som hoppa på matmor og sette seg så det suste bare han fekk vere ved sida av meg ;-). Etter fleire fine sitt hamna han i bilen. Vi kom aldri så langt som det eg hadde tenkt. Får nok ha det målet til neste veke.

Etter dette tok vi ein pause. Det hadde vore intens for fleire av oss og hundane i gruppa mi strevde med konsentrasjonen (til og med Faya). Av og til er det godt å ha dei andre til å snakke om treningsfrustrasjon med. Det kjem gode råd og ein del latter som hjelper.

I dag har vi vel konkludert med at Ekko er og forblir kvelp om han er aldri så stor. Han hopper og spretter som ein kvelp. Han må ha med seg kosedyr i buret og går rundt og viser kosedyra sine til andre. Kvakkien som hadde budd i Bergen sidan mai, måtte til dømes ligge i senga hans i fleire dagar.

Åtferd. Lufteturen i dag var med ein gira hund. Han skulle anten gå perfekt å få premie heile tida eller leike med bandet. Og på grusbanen skulle han leike. Dermed basta. ( Kor var Pia - ho er jo like gira akkurat der...) Faya fekk snuse på han, det same fekk Era. Dei to stod til og med og snuste på same grasstrå utan at det såg ut til å bry dei. Like kjekt kvar gong når eg ser at snutane er rett ved sida av kvarandre og kroppen er heilt roleg.

Lineføring. Det blei det ikkje tid til i dag.

---

Når det gjeld treninga og målfokus generelt, ser er at eg må jobbe heile tida. Det er så lett å miste fokus og kaste seg på det dei andre trener på.

Her er ein filmsnutt av Elisabeth og Faya. Elisabeth ville sjå kva som er galt og rett under fri ved foten. Eg ser mykje bra, men òg saker og ting som må arbeidast med. Dei har kome langt og det er herleg å sjå kor ivrig Faya er etter å jobbe.


søndag 14. september 2008

Brukstrening

Denne laurdagen var det spor og runderingstrening på Ekko.

Spor
Eg hadde litt lita tid så eg la eit langt spor straks eg kom opp til Sviland. Bestemte meg at han skulle få gå det medan det var ferskt. Eg la karbonadebitar i ein del av sporet og ein stor premie på slutten. Grunnen til at eg la mat i sporet, var at han i det siste har hatt det vel travelt fram til målet. Tenkte godbitane skulle gjere at han senka tempo. Det såg strålande ut i starten, då gjekk han roleg og tok seg tid til godbitane. Men så var det som om sjølve sporet blei mykje viktigare enn godbitane. Farten auka og godbitane var ikkje alltid like viktige. Sjølve sporet gjekk han kjempebra. Eg greidde ikkje å lure han ein einaste gong ;-).

Rundering.
Målet mitt denne hausten er å få bringkobbelmeldingen på plass. Det har eg ikkje fåt begynt på ennå....
Sist vi runderte, trengte Ekko tid før han kobla ka han skulle gjere. Eg bestemte meg difor at det blei flying i dag òg. Kanskje med enkeltslag i siste økt (det blei det ikkje noko av). Denne gongen kobla han flott. Drivet framover var godt. Han kryssa nær meg og holdt eit strålande tempo. I første runde hjå Kari DM tok han med seg leika over til Gro. Eg lot det skje for han holdt flyten direkte til Gro og der blei den lagt igjen.

Nå må eg bare få begynt skikkeleg på meldingstreninga for han er eigentleg veldig klar for steget vidare.

Det gode med å pese han ut i dag, var jo at huset var fullt av gjester og han skulle vere aleine heime i mange timar på kvelden....

Atferdstrening
Seinare på dagen gjekk eg tur med Ekko. Brått kom det ein Cavalier ut av buskane. Den var flink i helsinga si og fekk lukte på Ekko. Ekko oppførte seg eksemplarisk.
I helsinga på gjester og når det ringer på døra, er han framleis vill, men landar fort (særleg på gjester som kjem inn - dørklokka er verre).

onsdag 10. september 2008

Litt om læring

Eg sit og arbeider med leksene til neste kurshelg på instruktørkurset. Då blir det jo litt repetisjon frå sist økt. Mellom anna arbeidde vi med læring. Og medan eg las, tenkte eg at dette er noko for gjengen, så her kjem litt visdom frå Siddis hundeskole:

LÆRINGSNIVÅER:

"Klikkerklok"
- kan tilby åtferder spontant, kan skifte mellom åtferder og leite etter nye måtar å få klikket
"Repetisjonsklok"
- hunden repeterer åtferd som det blir klikka for og skiftar enkelt mellom åtferder i same treningsøkt.
"Signalklok"
- hunden kan vente på signal før den utfører ei åtferd.

"Feil-klok"
- Skifter åtferd med ein gong den får "feilmelding"

"Target-klok"
- kan enkelt target på nye objekter.
- kan target med fleire kroppsdelar
- beherkse targetoverføring

"Kjede-klok"
- hunden kjenner igjen ein kjedeprosess og tillet trenaren å gå hurtig gjennom kjedinga.

Ein hund med desse ferdigheitene vil raskt kunne gå gjennom ein læringsprosess. Den vil ha større potensiale for læring enn andre hundar.

---
Og no gjorde du vel som meg, tenkte: Kor er hunden min i dette? Ikkje dumt spørsmål.
Litt til for oss som har bestemt oss for å trene meir målmedvite:

Problemløysarens 4 punkt (som blei fem i løpet av forelesinga):
  1. Timing. Ka er det du forsterkar?
  2. Kriterier. Går det bra, auk vanskegraden. Går det dårleg, senk krava
  3. Forsterkningsfrekvens. Kor ofte får du forsterka? Senk/ auk krava (jmf punkt 2 og 4)
  4. Forsterkningskvalitet. Kor intens er hunden i jobbsituasjonen?
  5. Trenaren(eigaren) må vere fokusert!