onsdag 10. september 2008

Litt om læring

Eg sit og arbeider med leksene til neste kurshelg på instruktørkurset. Då blir det jo litt repetisjon frå sist økt. Mellom anna arbeidde vi med læring. Og medan eg las, tenkte eg at dette er noko for gjengen, så her kjem litt visdom frå Siddis hundeskole:

LÆRINGSNIVÅER:

"Klikkerklok"
- kan tilby åtferder spontant, kan skifte mellom åtferder og leite etter nye måtar å få klikket
"Repetisjonsklok"
- hunden repeterer åtferd som det blir klikka for og skiftar enkelt mellom åtferder i same treningsøkt.
"Signalklok"
- hunden kan vente på signal før den utfører ei åtferd.

"Feil-klok"
- Skifter åtferd med ein gong den får "feilmelding"

"Target-klok"
- kan enkelt target på nye objekter.
- kan target med fleire kroppsdelar
- beherkse targetoverføring

"Kjede-klok"
- hunden kjenner igjen ein kjedeprosess og tillet trenaren å gå hurtig gjennom kjedinga.

Ein hund med desse ferdigheitene vil raskt kunne gå gjennom ein læringsprosess. Den vil ha større potensiale for læring enn andre hundar.

---
Og no gjorde du vel som meg, tenkte: Kor er hunden min i dette? Ikkje dumt spørsmål.
Litt til for oss som har bestemt oss for å trene meir målmedvite:

Problemløysarens 4 punkt (som blei fem i løpet av forelesinga):
  1. Timing. Ka er det du forsterkar?
  2. Kriterier. Går det bra, auk vanskegraden. Går det dårleg, senk krava
  3. Forsterkningsfrekvens. Kor ofte får du forsterka? Senk/ auk krava (jmf punkt 2 og 4)
  4. Forsterkningskvalitet. Kor intens er hunden i jobbsituasjonen?
  5. Trenaren(eigaren) må vere fokusert!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Nei eg tenkte ikkje kor hunden blei av i alt dette. Eg tenkt hadde me noe om detta i leksa???? Oi... ka e det eg ikkje har skrevet om????

Aud Venke sa...

Ikkje eg heller tenkte kkor hunden blei av, men kor er hunden min i dette. Dvs er han klikkerklok, kjedeklok, repetisjonsklok?????

Og slapp av. Det e ikkje leksa.

Gro sa...

He he, vett kje om Maja e klok på någe i det heila tatt eg...... jo kanskje pittelitt då....

Men interessant lesning uansett!;)