lørdag 6. september 2008

Eg trur eg har gjort eit lite gjennombrot

Eg er på ferie. Vi kjørte lenge og vel. Trur matmor blei litt hekta på at ho slapp å vente på ferjene, så eg fekk ingen av dei pausane ho hadde lova meg. Var litt sur på henne for det. Men då vi parkerte ved huset til dei kjekkaste tobeinte venene eg har, blei eg heilt vill i buret. Jippi! Nå skulle det bli kos og fest! Sidan eg var så tissetrengt, sa eg ja til ein tur. Men eg nekta å gå langt. Trass alt var tenåringen igjen i huset. Eg kunne ikkje gå frå han når eg nettopp hadde kome. Mor lo då eg protesterte i eit vegkryss, og så gjekk vi rett til huset igjen.

Så her er eg og nyt livet. Det er sol, eg har ein liten hage, gamle Kvakkien har eg funne igjen og stadig er det nokon som vil kose med meg. Tenkte eg skulle gjere nytte for meg og ruske opp i alle den mosen som var i plenen, men forstår dei tobeinte seg på sånt? Eg som kom springande inne på kjøkken direkte frå gravinga, for å fortelje kor flink eg har vore. Som takk skulle eg liksom sette labbane i ei bøtte med vatn. Hallo! Eg er jo ikkje vaskefille! Eg forhandla meg fram til fotvask med fille og håndklede.

Vi har gått gode turar i terreng med SPENNANDE lukter. Trur matmor blei ganske frustrert ein gong eg bare måtte sjekke ut lukta. Var visst vått der.....

Nå ligg eg sjeldan på latsida sjølv om det er ferie. Prøver å få matmor opp kl 0530. Skjønar ikkje at ho kan ligge der og snorke når huset er fullt av menneske som sikkert snart skal stå opp. Eg må jo vere ferdig lufta og klar for å ønske dei andre velkomne til ein ny flott dag.
Så prøver eg å få henne i treningsform. Det er ikkje alltid like lett. Ho burde vore klikkartrent så hadde ho forstått kor kjekt (og frustrerande) det er å trene. Men heldigvis skjønte ho teikninga i dag.

Ho stilte seg opp og la den minste klossen eg har sett (hadde sjølvsagt gløymt vår), framfor meg. Eg fekk såvidt labbane på. Det førte til at ho aksepterte at den ein labben kom litt utanfor. Ho gjorde som sist. Stilte seg framfor meg og venta. Eg prøvde meg og brått kom det eit klikk. Forstod ikkje heilt kvifor. Prøvde meg igjen. Flytta venstre foten til venstre. Ingen respons. Flytta høgre bakfot. Klikk! Sånn holdt eg på. Trengte litt tid før det seig inn kor klikket kom. Prøvde meg med sitt og dekk òg. Ingen klikk. Grein litt. Ingen klikk. Akkurat når vi held på slik, syns eg at matmor er kjempedum. Ho må jo sjå at eg prøver så godt eg kan. Syns eg kunne fått ein godbit for det.

Men så skjedde det noko. Akkurat som om det sa klikk i hjernen. Eg flytta meg mot høgre og heilt inn til matmors venstre side. Gjett om ho blei glad?! Prøvde ein gong til. Like glad blei ho. Hm. Kanskje det er dette som er sånn eit gjennombrot som dei snakkar om? Då eg hadde fått det til 3 gonger sa matmor at no måtte vi gå tur. Trur ho var redd for at ho skulle rote det til igjen. Håper eg hugsar ka det var som gjorde henne så glad i morgon òg.

Nå må eg sove litt, eg skal trass alt tidleg opp i morgon.

Ein slikk på snuten frå Ekko

2 kommentarer:

Anonym sa...

Eg må nå sei det eg Ekko at du har forstått mye mer enn ka eg har når det gjelde detta klosse greiene. Den gong når mor mi sko prøva på noe sånn så fant mor ut at den klossen va bare bortkasta tid på meg. Hu la den vekk og lærte meg venstre piruett i utgangstilling heller. Og vips så fekk eg styring på rauå :-) Så eg e ganske så imponert at du i det heile tatt holde ut den klossen. Det må jo te tider varra ei mara.

Eg e stolt over utholdenheten din Ekko.

Faya

Anonym sa...

Du kunne det der med utgangsstilling før det. Eg får det ikkje te på den måten som du lærte det inn. Kan jo vera det at eg e litt større enn deg og det er langt til bakbeina.... Men elles så e eg jo jysla utholdande (he, he)