mandag 8. september 2008

bilen-klossen-veggen-avlevering av godbit-tur

Lang biltur heim. Gruer meg i blant til å ta Ekko ut av bilen mens eg ventar på ferjene, for han kan slå seg vrang når han skal inn. Men i dag har han vist seg frå godsida. Han liker ikkje å gå bort til bilen, men hopper greit inni buret. Så kanskje det er strekket bort til bilen som må arbeidast med nå.

Så var det treninga.
Vi var flinke i dag òg. Folk kom tidleg for å skravle slik at vi fekk begynt å trene i rett tid. Vi hadde til og med tenkt gjennom ka vi ville trene på.

Torhild og eg jobba saman sidan begge skulle halde på med det som etterkvart blir ein perfekt utgangsstilling ;-). Først var det klossen. Nå har Ekko begynt å ta teikninga. Han kjem nærmare og nærmare. Sidan han er så lang, vil eg nok trenge litt hjelp til å kontrollere om bakparten er skikkeleg inntil. Eg kjenner at framparten er det, men så var det der bak.... Kjekt når det løysna.
Eg hadde to økter på klossen. Ekko greidde seg godt, men skal nok ha nokre økter til før eg seier at dette er i boks.

Neste arbeidsområde var sitt inntil vegg. Her gjekk Torhild bak og sjekka at han sat beint. Det gjekk veldig fint, men straks veggen var borte, kom skeive sitt. Så her trengs det bakpartskontroll og forståelse for ka utgangsstilling er. Men sidan dei skal bli perfekte, må eg nok fortsetje ei stund med denne. Her hadde eg òg to økter.

Tredje område var mest trening av matmor. Leksa mi var å premiere Ekko medan vi går fri ved fot. Måten eg premierer på, gjer at han stadig set bakparten rett ut. Dermed var det å vandre langs ei bein linje. Det viktigste her var ikkje at hunden gjekk nære, men at han gjekk beint og at eg greidde å premiere slik at han var i rett stilling. Det gjekk faktisk ganske bra når eg var kjapp med premien. Den må ikkje vere i venstre lomme og den må leverast frå venstre side. Ganske utfordrande for meg. Torhild passa på. Eg fekk skryt, men ingen godbitar....

Siste økt var tur. Ekko begynner å bli ganske så trygg på denne gjengen. Sander inviterte til leik og då var Ekko klar. Men så var dei i band og Ekko greidde å ta seg inn og ta kontakt med meg. Kjempebra!

Litt meir skryt. Han har gått frivillig inn i buret i heile dag. Premien er ein godbit med leverpostei på. Det var visst topp. Det er bare strekket mot bilen som var tung, jmfr det som står i første avsnitt.

Nå ligg eleven min og snorkar i sakkosenga si. Trur han sakna den på ferien. Eg registrerte at han la seg under spisebordet og salongbordet stadig vekk der vi var (det er umuleg her heime), men om natta måtte han ligge på eit teppe midt på golvet på det rommet vi hadde. Han var uroleg syns eg. Etter to netter (eg er litt treig av meg), tenkte eg at eg jo kunne prøve reiseburet (stoffburet) på soverommet. Eg la teppene inni buret og sette det klart. Då vi la oss, tenkte eg at han kunne velge sjølv kor han ville sove. Første natta gjekk han rett i buret og sov som ein stein heile natta. Neste natt starta han utanfor, men ut på natta hadde han lagt seg inni. Det var tydeleg at det var godt meg ei hule å sove i.

2 kommentarer:

Gro sa...

Ser ut som en veldig bra treningsøkt.
Når det gjelder skjeve sitt lurer jeg på om jeg skal prøve å ta med en stokk eller pinne eller noe for å få Maja til å skjønne at det ikke bare er inntil vegg/hekk/kant hun skal sitte beint??
Har aldri prøvd det, og det blir kanskje å gi for mye "hjelp"??? Er usikker. Kan jo være at det med bakpartskontrollen mer inne vil hjelpe og....

Aud Venke sa...

Jo, det er kanskje ein idè å prøve targetpinnen som "vegg". Men eg trur nok at mykje arbeid med bakparten vil gje meir bevissthet. Hundane våre er blitt litt store og vi har premiert altfor mange skeive dekk, så eg reknar med at det tek tid å få inn at bakparten skal vere på plass i tillegg. Ekko presterte i går å setje seg etter at han hadde kome inntil på klossen. Då sat han beint. Så kanskje eg får det til på dette viset.