tirsdag 6. august 2013

Tre rare damer på asfalten

Vi gjev ikkje opp. Asfalten skal sigrast over.
Måndagskvelden var det lettare regn så Kari m/Nicole, Lise m/ Scott og Tammie og eg m/Ekko gøymte oss så godt vi kunne på ein parkeringsplass på Ullandhaug.

Her skulle det foregå ting og tang som vi var redde for ville kome i notatene om vår normalitet.

Lise var først ute (eg skuldar på ho). Då eg kom hadde ho alt hatt mjuk gange og lagt 2 spor til Scott og eit til Tammie.
Eg tok fram utstyret og gjorde meg klar.Halta bort til utgangspunktet og begynte å gå sporet. Her er resultatet:
Spor 1: Våt asfalt. Gått med sko med baconsåle og nylonstrømpe.
Baconet la god fert (og til tider synleg fert) i asfalten. Eg gjekk over to parkeringslommar.
Så var det Ekko. Litt meir fokusert denne gongen (det låg baconost i startgropa). Hadde nasen nedi mesteparten av parkeringslomme 1. Då premierte eg.

Spor 2: likt spor 1
På og av trur eg at eg skal kalle det. Han har betre fokus enn på sundag, men dett fort ut. Deler av sporet gjekk fint.

Spor 3: Våt asfalt. Same fertsmarkering som over. 1.parkeringslomme beint, 2. parkeringslomme skrått.
Denne gongen fulgte han sporet greit, men nasen er høgare enn eg vil ha han. Dette pirkearbeidet.

Sidan eg syns det var eit lite håp etter desse tre spora, stoppa eg der.
Etter litt prat gjekk vi tur saman med Kari og Nicole.

Tysdag morgon vakna eg av vekkeklokka, registrerte at det plaskregna før eg høyrte eit smell. Sekundet etterpå låg skuggen i senga. klistra inntil meg. Her var det ikkje snakk om å spørje om lov. I krig... osv.
Altså måtte alle rutiner snuast på. Det var frukost og jobbantrekk. Ingen vits med tur.
Ekko fekk bli med på jobb.
Generalmajoren tok for seg alle kontora for å sjekke at alle var på jobb og at det ikkje låg dyrebare saker lett tilgjengeleg for innbrotstjuvar.
For det meste sov han under skrivebordet, men han tok i mot gjester på finaste måten (ikkje hopping - dei ringte jo ikkje på). Ein av elevane fekk sin store siger for dagen då han turde klappe den store kalven. Kry som ein hane, ville han ha Ekko med ned til SFO for å vise dei andre (det går fort frå reddhare til kongen på haugen der i garden).

Det pinligaste var då han ville spele biljard midt under eit møte. At han skulle røpe oss så grundig....
Det nest pinligaste må vel vere då søppelet blei undersøkt og eg blei tatt i å ha søppel, avis, matpapir og yoghurtkartong i same dunk. Slikt går jo ikkje ann. Eg burde jo vite at vi har eigne dunkar for plastikk og papir.

I morgon satsar eg på solskin for ryktet mitt toler ikkje for mange pinlege avsløringar.

søndag 4. august 2013

Asfaltspor? Tullar du?

No er det august og tid for trening...

På måndag avtalte Silje, Lise og eg trening på laurdag. Spor av ulike slag. Laurdagen kom med styrtregn, torden og lyn. I staden for sportrening, trente Ekko på skuggeleiken. Målet var å gå tettast inntil matmor heile tida. Han blei ganske god.

Ny sporavtale kl 10 i dag. Området rundt OD.
Spor 1: Asfalt: Baconost under skoa. Og avstanden var like lang som det er mellom to lyktestolpar.
Ekko tenke jippi, vi skal ut og ha det gøy.
Ivrig bort til sporet. Snuste på starten og lurte etterpå om vi heller skulle hoppe på den murkolossen som stod der. Eller springe inn mellom nokre søyler lenger borte.
Eg prøvde å få fokuset hans ned på sporet, men det var totalt uinteressant. Viss eg absolutt skulle spore, kunne han visst godt gå med nasen nedi bakken litt lenger borte.

Gjekk rett over på spor 2.
Spor 2:  Asfalt. To karbonadebitar i starten. Resten baconost skrapt ned i asfalten med skoa. Like langt som spor 1.
Framleis like lukkeleg. Full fart mot sporet (og hekken i nærleiken). Åt dei to karbonadebitane. Snuste 30 cm fram,  svingte mot hekken og snuste full fart nedover den.

Altså to totalt mislukka asfaltspor. Ekko ser ut som om dette er heilt uinteressant.

Spor 3: Gras, grus, skogsbotn. Fleire kryssingar av ukjente folk og hundar (+kanin)
Dette sporet låg kanskje 30 minutt?. Starta på gras. Vips var sporhunden slik eg kjenner han. Nasen ned. Skjønte fort om han kom utanfor sporet. Retta seg opp. Kryssa grus fint. Blei litt forstyrra av ferske hundespor, men kom seg innpå igjen. Eit lite stykke der grus og gras var blanda. Gjekk fint. Så kom vi til ein grusveg. Her gjekk han automatisk i graset som var nærmast der eg hadde gått. Lot seg fort avlede av andre interessante lukter. Men ved påminning var han inne på sporet igjen. Visste akkurat kor eg hadde slutta å gå på grus og hamna i skogen. Her jobba han bra og fann slutten (tennisball).

Eg har tenkt litt på det lengste grusstrekket. Det kan vere at sekundærferten min låg i graset. Det begynte å blåse medan eg gjekk det.

Dette siste sporet var sånn vi-koser-oss-begge-spor. Eg ser at han godt kan arbeide meir med å vere nøye, men ser òg at han er påkobla om nasen er høgare enn eg vil ha den.

Området vi trente i i dag, blei fort fullt av menneskespor av ukjente. så der må vi kanskje starte tidlegare enn 10.

Eg må finne ein nøkkel til å gjere asfalten like interessant som skogen. Tenke.. tenke.

Vi prøver igjen på måndag.

torsdag 1. august 2013

Juli er annleis.

Før eg tok meg ein liten svipptur til Spania, trente vi på asfaltspor. På slutten såg det ut til at nøtta til Ekko kobla seg på.
Men så kom juli med ferie og det late liv. Eller kanskje heller, det alternative liv.

Dagen etter at eg var komen frå Spania og Ekko frå kennelen, var vi invitert på fjelltur. Det einaste eg visste var at eg skulle kjøre til Vatnamo. Der møtte eg turfølget + ein gjeng som skulle bli med til hestane på Øksnevad vidaregåande skole sitt sommarbeite. I det følget var det ein irsk ulvehund og ein spaniel.
Vel framme på sommarbeite dukka det opp tre hestar som fottøyet skulle sjekkast på. Fredelege hestar tykte Ekko så han brydde seg ikkje om dei.

Etter det sa vi farvel til dei andre hundane og folka. Ekko og eg vandra lukkeleg avgarde saman med drevne turfolk med gps og sans for stilause turar.

Det var høgt gras (eg tenkte på orm og hantikker..), klatring på bare fjellknausar (høyrte kor klørne blei slipte). Opp og ned. Målet var å finne den høgaste. Den med best utsyn over Jæren, heiene og havet.

Vi måtte klatre over ein gjerdeklyvar som absolutt ikkje var tenkt på for hundar. Trinna var laga av rettståande plankar (altså utan stor flate å trø på). Ekko var så ivrig og glad for at vi var på tur at han klatra opp.. og ramla ned på andre sida. Uups, tenkte eg. Koss gjekk det med hoftene? Men han rista det bare av seg og venta glad på oss andre.

Litt seinare måtte vi over eit gjerde utan klyvar. Vi tobeinte kunne greie det, men å løfte 55kg.. Heldigvis greidde vi å finne ein liten opning. Ekko begynte friskt, men trekte seg då han såg kor flat han måtte vere. Heldigvis er han glad i mat så han kom seg til slutt gjennom. Neste gong han skulle gjere det same, var det ikkje eit problem, la seg flat og kraup under.

Etter ei god stund møtte vi 4 islandshestar. Ekko begynte å bjeffe på dei. Han var tydeleg redd. Eg prøvde å roe han ned. Ei i turfølget er godt kjent med hest og opna porten. Ho rekna med at dei ville trekkje seg litt tilbake eller bare stå i ro. Men for første gong opplevde ho at hestane ville angripe hunden. Heldigvis var ho rask og klok. Tok Ekko frå meg og fekk han med opp på ein knaus. Eg var bare forfjamsa og halvredd heile dyra, men kom meg heldigvis opp i høgda eg òg. Vi gjekk vidare derifrå medan tredjemann gjekk på grusvegen.
Det viste seg at hestane fulgte etter på grusvegen. Då var det bare å finne ein kjepp og to gjekk mot hestane for å få dei til å gå bakover medan Ekko og eg sprang framover vegen. Heldigvis kom vi oss unna.

Etter mange oppturar og nedturar kom vi fram til den høgste toppen. Her var det vind og utsyn ove rminst 7 kyrkjesokn og sikkert til England (om ikkje jordkloden var rund).

Men så skulle vi ned. Det var bratt. vi kom halvveges, då sa Ekko stopp. Dette var for bratt. Så einige vi to er! Eg var ikkje høge i hatten der eg stod. Opp igjen med oss. Vi vandra vidare. Der såg vi eit vatn, men gjekk fjellkjeden rett i vatnet eller var det noko å gå på der nede. Til vår store glede var det lett å kome seg ned frå den sida vi no var på. Det var ein liten grunne vi kunne gå på slik at vi kom over på den sida vi ville. OG det beste av alt. Ekko kunne få bade!
Siste delen av turen var bare barnematen. Då vi kom til bilen, forlangte Ekko at eg opna slik at han fekk hoppe inni. Han skulle ikkje gå ein meter til!
Turleiaren sjekka GPSen sin og fortalte at vi hadde gått 7,5 km. Det meste i ulendt terreng utan stiar.

Vi trengte to dagars kvil etter det... Men då kom sola og austlendingane. Til Orrestranda med oss. Badeliv, tenkte Ekko. I tillegg var det ein del graving ned til kald sand før han kunne legge seg og nyte det vakre landskapet.

Alt er vakkert og kjekt på jærstrendene. Unntatt: all sanden vi får med oss heim. I sekken, i kleda, i pelsen, i skoa....

Veka etter var det sol og sommar. Vi var på Tau opptil fleire gonger. Kjempekjekt! Bading. Ungar som gadd å kaste ball i sjøen. Og symjing. Ekko og ungane dreiv på og dreiv på. Det var visst himmel på jord. Og at dei etter badelivet hadde lyst til å halde gøymeleiken med han, var toppen. Han var totalt utsliten då han kom heim.

Og torsdagen i same veka, hang halen. Vasshale. Til veterinær og i gang med litt medisin. Han kom seg fort.

Og endeleg fekk vi begynt  å spore igjen. Asfaltspor har vi ikkje gitt opp. Eller har ikkje eg gitt opp. Ekko og eg var ikkje på same trening i alle fall. Han var på her-var-det-mange-kjekke-folk-og-lukter-trening. Eg var på asfaltsportrening. Konklusjon etter 3 spor: Eg prøvde i alle fall. Ekko gjorde ikkje det ein gong. Han snuste kun i asfalten der det var rester av godbit. At han kunne snuse seg fram til ein ny rest, var bare tull. Mykje smartare å løfte nasen og ta overvêr.
Og konklusjon to: vi trener litt på grus og anna neste gong slik at hundane får litt glede tilbake. Så lurer vi dei over på asfalten igjen. Dei andre på treninga var: Lise med to ville flatar og Silje med dei to sære damene sine. ;).

I går hausta han to nye tennisballar. Han har skikkeleg teft. Hoppar inn i hekkar og kjem lukkeleg ut med ein ball. Eg er så glad for at han har slutta å samle på fotballar. Tennisballar tar ikkje så mykje plass på gangen, terrassen, stova, kjøkkenet. Men HMSansvarlege i heimen burde kanskje innføre oppryddingskrav overfor eigaren. Alle ballar som ikkje er i bruk, skal vere i kassen.... Dei er livsfarlege å snofle i.

søndag 16. juni 2013

Asfalt, grus, skog, myr... vi sporer


Selma på første spor
Sist måndag fekk vi med oss Lise og Silje med hundane for å trene på asfaltspor. Er jo irriterande at det er noko vi ikkje får til så då må det gjerast noko med den saka.
Eg hadde ordna meg med ei sprutflaske med vatn med leverposteispor i. Dette måtte vel gjere susen?

Silje hadde med seg Pia og Selma. Dei var heilt elleville då dei skjønte at det endeleg var litt trening på gang. Lise og eg er meir betenkt over at Selma viste seg. Våre hundar kan få skikkelege komplekser. Selma gjekk nemleg bare ut av bile, sette nasen i asfalten og gjekk sporet som om det var det mest naturlege på jord. Kan det vere fordi nasen i utgangspunktet er så nær bakken? ;).

Vi ventar på at spora skal bli klar
Men over til Ekko. Første spor var på 2 meter. Spraya med leverposteivatnet. Han gjekk som ein gud. Og eg var jo ovanpå i 2 sekund. Neste spor er like langt. Då ville Ekko leike, springe til grøftekanten for å tisse, sjå  på dei andre... Eg la nytt spor. Denne gongen på sokkeleisten. Like uinteressant. Så eit med pølse skrapt langs lina. Jo, no gjekk han nokre centimeter med nasen ned. Så eit siste spor før eg gav opp for kvelden. Det var på 5 meter og eg brukte sprayflaska ca annankvar fot. Det gjekk betre. Han gjekk ca 4 meter greit.

Det verkar som om asfaltspor er heilt uinteressant. Ka er vitsen, lyser heile han av. Hm.
Lise går inn for saka
 På laurdag var det tid for siste sportrening med bruksgruppa før ferien. Det var kun Lise og eg som hadde tid til slikt. Ja, og dei to flotte svarte vi har med oss.

Vi starta med å legge kvar vårt lange spor. Mitt blei på 700 meter. Det gjekk på skogbotn, myr, hopp over bekk og litt steinrøys. Eg merka av 5 stader der eg tenkte eg kom til å trenge ein sjekk om vi er på rett veg, men elles var det ingen godbitar undervegs, kun litt frolic ved oppstart.

Medan sporet godgjorde seg tenkte vi at det var tid for meir asfaltspor. Og til duren av eit eller anna bråkete klippemaskineri, sette vi i gang. Dei to firbeinte var på ingen måte einig i at det var asfaltspor vi skulle drive med. Leik stod på programmet i følge dei. Eg la ut to asfaltspor. Det eine 1 meter og neste 2 meter. Eg burde visst at dette ikkje var planen til Ekko for han hoppa rundt meg for å få tak i leika han visste var i ein lomme. Men ok, han kunne setje nasen i bakken. Eg klikka. Jippi, tenkte Ekko. Godbit og etter det utruleg mange tilbod på dekk, hi five, bukk.... Og frustrasjon over at det ikkje kom eit nytt klikk. Men asfalten? Kvifor peika eg på den? Skulle han setje labben der? Til slutt var eg så frustrert at eg slutta det av. Klikker gav altså andre signal enn eg tenkte på.

700m solid søk
Vi fekk heller gå det lange sporet. No forsvann frustrasjonen min. For eit spor! Frolic i starten var heilt uinteressant (mauren hadde overtatt dei), men frå "Søk spor"-kommandoen var nasen i bakken og til tider høg fart. Han var lett å lese så det var bare å stoppe opp då eg såg at nasen gjekk litt opp. Det tok eit par sekund så var han sikker igjen. Alle vinklane gjekk som smurt og alle merkene mine møtte vi. I planen min hadde eg tenkt at han nok ville stoppe ved dei vasspostane som var langs løypa, men nei, han var på sporet. Og kanskje temperaturen var perfekt den òg?
Det er lenge sidan han har vore så lett å lese at eg får stoppa i tide og vente på at han finn ut av det før eg har begynt å rote meg ut på feilsporet. Dette var ei kjekk oppleving!
Kunstinstallasjon i skogen? 

Etterpå var det kake på oss tobeinte og frolic på firbeinte. Takk for kaka, Lise!

Men det var det asfaltsporet... vi får nok trene litt igjen til veka for dette irriterer meg.


flott turområde.



søndag 2. juni 2013

Kan asfaltspor vere noko?

Oj, eg skal visst ned her..
Siste laurdagen i mai var det sportrening på Dale. Lise, Kristin og eg var klare som egg. Sola skein og livet var bra. Jo, her skulle det sporast. Og Lise hadde vore på sporkurs og Kristin hadde lest. Asfaltspor måtte jo testast.
Men først spor i skogen.
Eg la eit på eit par hundre meter for å varme opp Ekko.

Så drog eg ut på tur. Og klatra oppover. Det går jo greit å gå spor oppover. Men ojsann, brått hadde eg bare eit val - bratt nedover. Dette kan blir spennande....
Sporet blei til slutt vel 1km.


På veg tilbake til bilane fekk eg SMS: "Må vi lete etter deg?". Det tok visst litt tid dette.

Kristin og Hera på asfaltspor
Etter litt soling ville vi prøve asfaltspor. Eg trur jo at Ekko er litt Pippi: "Det har eg aldri prøvd før så det kan eg"..

Først ut var Scott. Lise hadde trass alt vore på kurs. Vi fann ei bein linje ho kunne vandre langs. Litt pølselukt på skoa og Lise vandra beint fram. Så var det Scott sin tur. Han beviste tydeleg korleis det går når ho går på kurs utan han. Ingen hadde fortalt han at det var spennande å lukte på asfalt. Matmor burde vite betre. Tenk på luktene i nærmaste busk.

Kristin hadde ikkje vore på kurs, men ho og Hera hadde prøvde seg bittelitt. Kristin tok pølsebiten og gnei den litt nedi asfalten. Hera strevde litt med å forstå at dette liksom skulle vere eit spor å følge. Men etter litt vimsing så slo ho til. Ikkje langt, men tydeleg at ho hadde fert av noko. Dagens flinkaste!

Ekko blei vill då eg tok på han sporutstyret. Endeleg skulle det skje noko. Eg hadde lagt sporet på ei linje eg såg nære vegkanten. Hadde gjort som Kristin og gnidd pølsebiten langs linja.
"Søk spor". Og Ekko plasserte nasen i grøfta... Nytt forsøk. Hunden såg forvirra ut. Brått gjekk han eit par steg med nasen nedi. Dei andre brølte: Premiér! Eg var altfor sein i reaksjonen. Det same skjedde eit par gonger til. Då forstod til og med matmora at ho måtte ha premien så klar at det blei premie på sekundet. Kanskje klikkaren må fram på denne treninga?

Ekko ventar på at matmor skal klatre opp
Læring til neste økt: Markere rett straks han har nasen nedi. Bruk klikkaren. Og hald deg unna grøfta. Den var for fristande.

Etter matpausen, var det tid for spor i skogen.
Starten var bra, så litt forvirring før han er inne på sporet igjen. Ei god stund går det fint. Kryssar veg/sti to gonger. Byrjar rote litt igjen, men kjem inn på sporet igjen (får i ettertid vite at Lise og eg har kryssa kvarandre i dette området). Klatringa oppover fjellsida går veldig bra. Eg må be om ein liten pause då eg må klatre litt og er varm. Det same er han.
Kor blei sporet av?
Medan vi klatrar, høyrer eg stemmer. Trudde vi var langt frå turstien så dette var rart. På toppen oppdagar eg kvifor. Den fjellveggen som gjorde at eg måtte legge sporet bratt nedover, er ein klatrevegg. Sporet mitt var altså fullt av ferske menneskespor og eit hundespor. Klatrarane hadde med seg ein hund som ville helse.
Etter både helsing på hund og menneske, var Ekko klar for nedstigning. Eg måtte jamnt minne han på at eg kom sakte bak, men han gjekk fint.

Neste utfordring var ei steinrøys eg strevde med å kome meg ut av. Mellom anna måtte eg snu og gå litt tilbake. Då Ekko kom dit, stoppa han brått og lurte veldig kor sporet var blitt av. Etter litt leiting, kom han tilbake og prøvde nye utvegar. Han tok ein eg trudde var feil for den var så vanskeleg å forsere, men han trefte i alle fall eit merke eg hadde sett lenger framme.
Bileta av spora lyg litt for eg gjekk ikkje alltid heilt ut der Ekko gjekk, men viser i alle fall kor han rota litt.


Endeleg var vi ferdig med utfordringane. No var det bare skog og myr igjen. Denne delen gjekk greit og eg var glad for at eg hadde lagt slutten ved ein liten bekk for hunden var skikkeleg tørst.

Lagt spor
gått spor
Konklusjon: Ekko var ikkje påkobla heile tida. Han rota ein del i periodar og såg ut som han ville velge dyrespor i staden i blant. Men han gav aldri opp då han blei minna på å søke spor igjen. Han imponerte då han så kjapt greidde å finne tilbake til sporet vårt då vi trefte fjellklatrarane.




Etterpå måtte kongen på haugen vise den nye kompisen sin kor fin utsikt han hadde. Tok kanina i munnen og sette ho ved sida av seg... Søten. Han er forresten blitt billig i leiker. Denne er funnen langs vegen. Tennisballane hentar han i krattet rundt tennisbanen. Eg likar hundar som ordnar slikt sjølv.