mandag 28. september 2009
På sporet.
Eg gjekk sporet sjøl. Starta ved porten til området, opp sida mot hovudvegen, kryssa denne og inn i skogen. Vandra rundt der slik at det blei både barnålsbotn og høgt gras. Godbitane blei plassert i ein pose og hengt opp i eit lite tre.
Vi trente litt før vi gjekk sporet. Ekko var tydeleg klar over ka han skulle. eg hadde lagt litt godbitar i sporet. Då vi kom til hovudvegen, sette han nasen i veret og fekk tydeleg fert av meg på den andre sida for over skulle han.
Sporet gjekk han veldig bra. Var sikrare enn meg. Eg holdt han igjen ein plass og ville ha han tilbake til meg. Då protesterte han. Og jommen hadde han rett. Det var eg som var på feilspor. Slutten fann han enkelt. Eit veldig bra spor, men eg lurer stadig på om han går ved sida av sporet. Sporet var ca 1 time gamalt så det kan ligge ein del i fert spreidd rundt.
tirsdag 15. september 2009
Dramatisk trening...
Ekko trente litt slalom. Det gjekk sånn passe. Så kontkatrening. Det gjekk bra. Han har så lett for å ha fokus på handa mi når eg går frå rygging til framover på høgre side.
Meldetreninga er eg nøgd med. Han sprang fint ut på første forsøk, men rota det til på veg inn til meg. Blei stoppa og gjekk sjøl til Silje og leverte lausbittet. Dei to neste forsøka gjekk så det suste. Flott ut, henta og leverte. Ut igjen på kommando, men stoppa opp då eg ikkje fulgte med. Han veit visst meir enn meg om den øvinga :). Silje var skjult figurant. Det var visst meir spennande enn synleg.
Foto: Dea trener melding. Spring fint ut, hentar bittet og på veg tilbake ser ho Era..... Så er det Silje og Homer. Torhild trener fri ved foten på høgre side.
lørdag 12. september 2009
Kursstart og rundering
Eg trente saman med Silje og skulle ha fokus på å gå bakover og vende mot høgre, dvs at hunden kom opp på høgre side. Dette for å lære han å gå fot på både venstre og høgre side. Ekko jobba godt. Eg starta godt. Gjekk beint til stor overrasking for tilskodarane (og litt skuffelse òg, kanskje..). Det eg fekk problem med denne gongen, var å snu meg effektivt. Eg lagde nokre ekstrasteg som gjorde hunden forvirra. Heimeleksa mi er å tørrtrene utan hund. På slutten av kvelden var det tydeleg at Ekko var trøytt for han kom seg opp på venstre side av meg ganske fort.
Gler meg til torsdagane framover. Det er mykje latter og Arne er flink til å sjå detaljar og tar oss på fersken.
I dag har det vore rundering på Sviland. Vi var 6 ekvipasjar. Det var sol og det var regn. 5 av ekvipasjane ville vere i valpeskogen. Ekko og eg tok løypa der vegen var midtlina. Eg var spent på koss det ville gå med Ekko. Han er ikkje heilt pigg enno og er prega av at han går på kraftig pencillin, Kari og Gro Anita var figurantar. Gro på midtlina.
Først tok vi ei klapperekke. Stiller han opp mot figurant 2. Ekko er klar til å springe, men blir halden tilbake. Vi går tilbake til der figurant 1 skal vere ein stad i skogen. Ekko høyrer eit klapp her òg. No vil han i alle fall avgarde, men blir geleida mot bilen. Nede på parkeringsplassen snur vi, går tilbake til der vi stod då klappet frå figurant 1 kom. Nå var ikkje hunden vanskeleg å be. Straks kommandoen "runder" kom, sprang han ut i eit vanskeleg terreng. Då figurant 1 fekk melding om å bli passiv, kom Ekko i full fart og kryssa linja fint over til figurant 2. Den gjorde det same og Ekko hadde fin framdrift i neste kryssing òg. På tredje kryssing kjem han inn på midtlina litt for langt nede. Det kan vere på grunn av at terrenget er svært vanskeleg (tett skog, myr, store hol), men eg vel på dei neste å rope når han er på veg inn slik at han får framdrift.
På eit av slaga slit han med å finne Kari, kjem nesten tilbake, men er tydeleg i arbeid. Finn henne. På eit slag krysser han fint, men akkurat då han krysser kjem det ein mann med hund. Og då stopper jo Ekko og blir opphengt i det. Heldigvis løyste det seg greit og han kunne fortsetje.
Gro gjorde ein kjempejobb på midtlina, Gro Anita hadde ein spesielt utfordrande jobb med å kome seg framover i eit vanskeleg terreng. Ho løyste det med glans. Kari måtte stadig vandre frå den eine sida til den andre sida av elva, noko ho tok med eit smil. Ekko har nok fått inn at figurantar skal ligge lengre ute så vi såg fleire slag der han sprang forbi for så å snu. Han kommer inn mot midtlina straks figurant blir passiv. Kjempebra. Det var ingen systematikk i at han sprang baksporet tilbake, verka heller som ei praktisk løysing i terrenget av og til. Men det er eg ikkje sikker på, så det må eg følge med på framover.
Etter pausen gjekk dei andre heim. Gro og eg ville gå spor. Eg trengte å trene på bruk av GPS i tillegg. Vi la ut spora for kvarandre. Det er spennande å gå eit spor som ikkje er merka. Det einaste svaret du har på at du har gått rett veg, er at hunden finn sluttpremien. I dag gjekk Ekko med nasen vel høgt syntes eg. Var stadig usikker på om han gjekk feil. Men kunen eg rette han opp? Nei, eg visst jo ikkje kor vi skulle. Måtte bare stole på den firbeinte. Midt inni skogen forsvinn satelittkontakten så eg er usikker på om GPS tar opp sporet mitt. Vi gjekk i alle fall litt feil på slutten, men Ekko tok baksporet og fann premien.
Nasen var meir i bakken då vi kom inn i skogen. Var ferten meir konsentrert der? Gro syntes Maja og hadde gått med nasen høgt. Kanskje det at sporet er ferskt gjer at luktene ligg høgt oppe?
No søv Ekko som ein arbeidskar så det har tydeleg vore ein arbeidsdag for han.
Pia på jakt etter rosa vesker.
Det er spennande å følge Pia. Ho har gått frå å vere ein hund som sprang i vilden sky til i dag å jobbe systematisk i søket. Kjempebra jobba Pia og matmor Silje. Det er topp å sjå ka premien "steling frå rosa vesker" gjer med ein matglad hund.
onsdag 9. september 2009
Ein dag på stranda
.jpg)
.jpg)
mandag 7. september 2009
Innkallingstrening, strandtur og veterinæren
Laurdag skulle vi rundere, men det blei det sett ein stoppar for. Eg kom litt seint og møtte Marina som kunne melde at vi ikkje fekk lov til å bruke Bore meir. Det var til skade for naturen. No må vi arbeide for å finne nye stader ser eg. Sidan eg hadde kjørt så langt, kjørte eg litt til og kom til ei strand som Ekko og eg hadde heilt aleine. Deilig. Vind, sol, hav og sand! Ekko fann ein ball som var kjempelett. Han brukte valnøtthjernen og fann fort ut at visss han gjekk litt opp i sandynene og la frå seg ballen der, begynte den å trille. Kjempekjekt!
Måndag var tid for nytt veterinærbesøk. Han skulle ha den årlege sprøyta og sjekke analkjertlane igjen. Ikkje kjekt syns Ekko, men det gjekk nå det òg. Det var mindre å tøme denne gongen, men han hadde feber så vi bestemte at han skulle på ny antibiotika-kur. Resten av kvelden har han vore svært så pjusk. Satsar på at dette er siste runde med medisiner i denne omgang. No vil eg ha han heilt frisk.
onsdag 2. september 2009
Kvardagsvanar
- Nasen
- Balansen
- Problemløysing
- Innlæring
Nasen er vi jo klar over at er god. Spor, smått og stort (godbitsøk ute og inne, korte og lange spor i skogen, jakt etter eit menneske som har gøymt seg osv)
Balansen. Det er viktig at vi trener den opp på hunden. Den er skapt til å røre på seg (slik som oss). Her kan den lære kroppskontroll.
Problemløysing. Det er viktig at dei får løyse problem som dukkar opp. Til dømes: hunden må sjølv løyse problemt at han går på feil side av stolpen. Legge leiker slik at hunden må bruke hjernen for å få tak i den...
Innlæring. Å lære noko nytt er ganske slitande på hjernen (nokre som kjenner seg igjen?). Bruk tid på å lære hunden triks, nye oppgåver osb.
Å jobbe med hovudet er utviklande for hjernecellene. Hunden blir rett og slett smartare :). Ein bør aktivisere hunden med fleire av desse elementa kvar dag.
Artikkelen endte opp med eit skjema:
Fem saker som jag ska lära min hund att balansera på:__________
Fem nyttosaker som jag ska lära min hund att apportera på kommando:________
Två nya trix som jag ska lära min hund:______
Treningsplan for trixinlärningen:________
Så sett i gang, tenk. Kom gjerne med tips.