tirsdag 15. september 2009

Dramatisk trening...

Nydeleg sommarkveld på området. Vi var 6 ekvipasjar som ville trene bruks denne kvelden. 4 av oss la spor som skulle godgjere seg ei stund.

Ekko trente litt slalom. Det gjekk sånn passe. Så kontkatrening. Det gjekk bra. Han har så lett for å ha fokus på handa mi når eg går frå rygging til framover på høgre side.

Meldetreninga er eg nøgd med. Han sprang fint ut på første forsøk, men rota det til på veg inn til meg. Blei stoppa og gjekk sjøl til Silje og leverte lausbittet. Dei to neste forsøka gjekk så det suste. Flott ut, henta og leverte. Ut igjen på kommando, men stoppa opp då eg ikkje fulgte med. Han veit visst meir enn meg om den øvinga :). Silje var skjult figurant. Det var visst meir spennande enn synleg.

Så blei det pause. Eg tok ikkje Ekko inn i bilen. Han skulle børstast. Pia blei òg etterkvar teken ut då vi skulle begynne. Det blei litt liv og røre rundt dei to. Pia kjefta på ein hoppande Ekko. Så sprang Ekko bort til Silje siin bil og der var Homer (buldog). Og vips så var han ute av bilen og full krig mellom dei to gutane med Pia bjeffande rundt. Vi fekk heldigvis roa dei etterkvart.

Så skulle eg vere figurant på Pia under meldetrening. Silje hadde ikkje med dei rosa veskene, men eg skulle leike med godbitane så det skulle gå greit. Midt i leiken, sette eg i eit hyl. Blodet rant frå fingeren min. Pia hadde hevna seg... Nei, det som skjedde var at i iveren etter å få tak i godbitane, tok ho likesågodt ein finger. For nokre kvasse og spisse tenner den dama har! Eg blødde og blødde. Silje begynte å snakke om stivkrampesprøyte. forgiftning osv. Snakk om å skremme vitet av folk. Eg begynte faktisk å tru på at eg burde dra på legevakta. Men gjorde altså ikkje det. Gjekk heller rundt med papir rundt fingeren. Dumme meg, eg har jo førstehjelpsutstyr i bilen (det som er viss det skjer ei ulukke..), men dette var jo ingen bilulukke så eg tenkte jo ikkje at det kunne eg brukt.

Etter dette skulle vi gå spor. Eg skulle gå eit spor Silje hadde lagt for meg. Rota det til i starten for eg såg ei blå sløyfe og sette hunden i gang. Rett etterpå kom vi til ei ny blå sløyfe. Her rota vi rundt. Fekk tak i Silje og ho forklarte at det var det siste blå merket. No hadde altså både eg og Ekko vimsa rundt i sporet. Men Ekko tok eit spor, spora fint, i eit brukandes tempo, kryssa vegen (som eg hadde fått beskjed om), men så kryssa han ein bekk (den sa Silje ikkje noko om) og gjekk ivrig vidare. Eg såg tydelege spor. Vi gjekk og gjekk. Men fann aldri slutten. Då gav eg opp. Hadde heldigvis med meg kjemepgod premie i lommen så Ekko var glad han.

I ettertid har eg forstått at han gjekk Silje sitt spor heilt til vi kryssa vegen. Då han virra litt der, begynte han altså på eit anna spor og fulgte det vidare. Det kan vere sopp-plukkarar som hadde lagt igjen gode lukter. Det kryr jo av dei for tida. Altså eit spor som ikkje var heilt vellukka. No ligg det ein boks med godbitar ein stad på Sviland ;)

Foto: Dea trener melding. Spring fint ut, hentar bittet og på veg tilbake ser ho Era..... Så er det Silje og Homer. Torhild trener fri ved foten på høgre side.

3 kommentarer:

Elisabeth sa...

Off da... det var mye action på ei trening. E det alltid sånn når eg e vekke ??

Aud Venke sa...

Ja, det er godt du er tilbake og passe på oss igjen :)

Marit sa...

Hm, jeg skjønner jeg stadig går glipp av noe. Det høres nokså heftig ut:)
Dere skal allikevel ha honnør for at dere stadig finner noe å belønne. Og bra er det slik at Ecco selv trenger å ta det ansvaret:)