onsdag 9. september 2009

Ein dag på stranda

Ei strand heilt for oss sjølve ein laurdag. Det er ikkje kvardagskost. Og når vi til og med finn ein ball som er så lett at til og med vinden blir med og triltar den. Kan vi ha det betre?
Ekko fann fort ut at om han gjekk opp i sanddynene og dytta ballen litt med nasen så trilta den avgarde. Kjempekjekt! Det einaste minuset var all sanden øyrer, augo og munn.

Ingen kommentarer: