mandag 10. november 2008

Beine sitt, kloklipp og anna slit

I går sat matmor over papira, las og skreiv. Dette gjer ho ofte så eg slappa av. Men brått såg ho på meg og sa: " Dette må me fiksa. Det er jo flaut å ikkje få det til." Me i sånne samanhengar, plar vere meg. Eg blei litt nervøs for ka var det nå ho skulle finne på. Det viste seg at det var målet om å ha utgangsstillingen på plass som hadde irritert henne. Har prøvd å forklare henne at det ikkje er viktig. Kan vel sitja på skrått, eg, bare eg ser beundrande på henne?

Nei, her skulle det arbeidast. Med blokka på bordet, klikkaren i handa og godbitar i skåla sette vi igang. Om igjen og om igjen. Trudde eg skulle bli galen. Stadig vekk sa ho feil, men heldigvis klikka ho òg. På blokka står det 6/10, 7/10, 5/10, 8/10 osv. Eg blei heilt susen i hovudet.

Snuste eg i lufta og hadde lyst på egg, fekk eg det mot at eg presterte ein del beine sitt. Middagsrestene måtte eg arbeide knallhardt for. Eg syns at det er så vanskeleg å sitje beint når det er mat i matskåla. Vil helst sjå rett på maten. Bare på hekkan stilte ho seg sånn at eg ikkje kunne få "versegod" utan å snu meg halvveges vekk frå maten. Trengte tid på den.
---
I dag har det vore heilt likt. Eg sit og eg sit. Av og til kjem det godbit, andre gonger seier ho "feil" og eg må lee på rompa for å komme akkurat dit ho vil ha meg. Vanskeleg dette. Til og med ute på tur styrte ho med dette maset.

Det blei så mykje av denne treninga at eg sprang inn i buret og ba om burtrening. Ho tok teikninga.....

Forresten så har ho kjøpt ny draleike. Ho testar ut om den er brukandes på sterke hundar. Det er få leiker som tåler at matmor og eg legg alle krefter til og drar. Men førebels verkar den. Ho har kjøpt den av noen vi skal på kurs med til helga. Den andre draleika som fungerer er knuten. De skulle sett i dag då eg la knuten i fanget hennar og ho, sikkert ikkje heilt klar i tankane, tok eit tak. Eg drog. Og både stolen og matmor kom mot meg! Kjempekult med stolar på hjul! Det var så kjekt at vi tok det to gonger.

Sist sjefen klipte klørne mine, hylte eg. Og etter det har eg nekta henne å klippe dei. Men no lurer eg på om eg skal la ho få lov likevel for alternativet var forferdeleg. Det viste seg at ho hadde bestemt seg for at veterinæren skulle få gjere det denne gongen. Så råttent gjort. Eg visste at det var noko på gang med ein gong eg kom dit. Det lukta hundar som har hatt det vondt. Og kvifor skal eg på vekta? Noko så teit. Eg begynte å hoppe på matmor og bjeffe. Få meg ut. Men eg måtte inn på eit rom som òg lukta medisiner. Eg laga eit lite sirkus sjølv om veterinæren var ganske grei. Ho klappa og koste med meg. Brått kjente eg meg så trøytt. Greidde nesten ikkje å stå på beina. Det neste eg hugsar er at matmor sit og flirer av meg. Eg prøver å reise meg, men ramlar saman. Etter ei stund går vi til bilen, men beina sviktar meg og eg treng hjelp til å gå. Nå har eg greidd å kome meg heim. Klørne burde hatt neglelakk på så fine er dei og håra mellom putene er nyklipte (noko måtte ho vel ha å gjer på medan ho venta på at eg skulle vakne). Men neste gong, får vi greie det sjøl for dette vil eg ikkje meir.


Slik er tilstanden:
Snork frå Ekko.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Off... e ikkje gøy når me plutselig blir trøtt hos dyrlegen. Det har skjedd ein gong med meg og. Og då tok dei noen rare bilder av meg. Men heldigvis har det vært den eine gongen. Sikkert lurt å la mor klippa neglene dine neste gong. Då slepp du det. Bare gjør så meg. Legg deg ner på siå og slapp av. Du får masse godbitar av sånn. Prøv det neste gong. For om du ikkje gjør det så kan det faktisk hende du får neglelakk på neste gang. Mor kan bli frista. Og neglelakk på ein mann så deg. Stemme ikkje det Ekko. Nesten det samme som om du sko komt med ein rosa gris i munnen..... :-)

Faya

Anonym sa...

Pøh! Eg e mann nok til å bere rosa griser og neglelakk med verdighet! Bare så det er sagt!
Emn elles e eg enige med deg, Faya. Eg sko ha våga å slappe av, men eg syns det er ganske nervepirrande. Men eg vågde jo før, så kanskje...