lørdag 8. november 2008

Ei god runderingsøkt

I dag har vi rundert.
Medan vi venta på at det skulle bli vår tur, trente Marit og eg med Punky og Ekko på lausbittmelding. Ekko held bittet godt. Han får til baklengskjedinga. MEN det er så kjekt med figuranten at han set seg framfor meg når han kjem på plass (altså nærmare figuranten). Eg må trene det som ei eiga øving. Vi trener det synleg med liten avstand til figurant. Skal auke lengde, men må få inn utgangsstillingen. Det vi gjer no er at han blir sendt ut, plukker opp meldingsbittet, kjem inn på plass, får på seg lina (når matmor hugsar det) og spring ut for å bli premiert.

1. runderingsøkt.
Eg kjørte flying. Trur det er like mykje for at eg skal nyte synet av ein vakker hund som spring målmedviten mellom figurantar som at han elskar det, at eg held på flyingen lenge.
Han er flink her. Held eit godt tempo, men er av og til ikkje tett nok inntil meg. I dag måtte han tre av for "nødvendig ærend" undervegs, men det tok ikkje bort fokuset. Han fortsette løpet straks han var ferdig. Bra. Han skal vel ikkje gjere slikt undervegs...... Men slikt blir det når ikkje matmor lufta han skikkeleg på morgonen ;-).

2. økt.
I pausen kom det ein del vind. Eg blei frista til å utnytte den. Veit det er eit sjansespel for vinden har ein tendens til å variere veldig her inne i skogen. Men eg ville nå prøve eit overvêrssøk. Vi var fem personar igjen så eg la alle fire figurantane ut. Straks eg tok av Ekko lina, var det i fullt firsprang. Rett på figurant nr 2. Vi gjekk litt tilbake for å la han søke mot figurant nr 1, men her strevde han. Det var lite vind, men etter ei stund fekk han henne i nasen. Ho låg nede i ein dump.
Vi gjekk vidare. Han verka veldig lite interessert i anna enn å gå med nasen i bakken. Verkar som om han ikkje er med i det heile. Vinden har skifta såpass retning at eg går forbi siste figurant for å snu slik at han kan få ferten i nasen. Då viste det seg at den nasen som var i bakken, hadde ein luktesans sikta oppover òg. Figurant fire var funnen. Figurant tre fann han greit, men han måtte på motsett side av elva for å få ferten av henne. Godt jobba i svært varierande vind. Trur eg skal prøve dette på Bore neste gong. Det er litt for mykje eit sjansespel på Sviland.

----
I går gjekk eg gjennom måla for denne hausten. Og eg grublar på ka som skal ha fokus til våren. Ser at det er brukshunden eg koser meg med, så eg må tenkje ein del på ka som må til for å ha ein stabil brukshund og ka som må til for å få han kvardagslydig på dei områda eg treng.
----
I dag kom "Hundtränaren 2009"! Spennande.

4 kommentarer:

Marit sa...

Så bra at han fikk jobbe fritt på overvær! han er jo kjempeflink blitt! mener det ikke fristende å trene på det vi vet de kan?

Aud Venke sa...

Fristande? Nei, kossen kan du tru det??? Jo det er veldig fristande. Og eg tar meg i det. Skal etter mine eigne planar, kjøre både flying og enkeltslag for tida, men som du såg eg tok noko anna... Ikkje det, overvêr er han ikkje stødig på så det treng han òg. Men hold meg litt i øyrene - eg treng det.

Gro sa...

Kjekt å se Ekko på flyingen i dag. Det er veldig greit å få inn passerings treningen på denne måten. Kanskje han vil passere nærmere hvis han av og til underveis blir ropt inn til deg på midtlinja eller at du bare setter deg ned slik at han kommer innom deg.

Akkurat å trene overvær tror jeg faktisk er lurt sånn litt innimellom, men han trenger det nok ikke så ofte som Maja, fordi han er mer giret og motivert enn henne.

Aud Venke sa...

Ja, det er eg einig i Gro. Eg kan med fordel kalle han inn på midten før han flyr vidare. Men han har så flott ein fart ;-)