søndag 30. november 2008

Nå har eg papir på det...

Denne helga var det siste samling på hundeinstruktørkurset. Altså eksamenshelg. Helsa har spela meg eit puss i det siste så eg var spent.
Laurdagen starta med å gjennomgå ei oppgåve vi ikkje blei ferdig med på forrige samling, nemlig forslag til korleis vi ville lage eit opplegg for eit kvelpekurs. Dei meir erfarne, Christin og Siri, var på same gruppe og kom med eit forslag som eg verkeleg håper Arne prøver ut.

Så var det skriftleg eksamen. Eg hugsa ikkje kor lenge den varte, 2-3 timar?, men det var i alle fall ein del å skrive og tenke på. Etter det var det å trekke i hatten ei oppgåve eg skulle skrive undervisningsopplegg til. Eg fekk i oppdrag å undervise i "ligg - legge seg". Ingen av oss rakk å undervise på laurdagen, men opplegget blei skrive ferdig.

I dag var det praksis, praksis, praksis heile dagen. Så fekk hundane lite å bruke hjernen på i går så har dei tatt det igjen i dag. Ekko var populær demonstrasjonshund så han var stadig i ilden. Sjefen sjøl syntes vi var flinke både i teorien, til å undervise og å vise ka hundane våre kunne så alle smilte då dagen var omme :-).

Nå er den tobeinte heilt utslitt og den firbeinte syns hjernen har vore mykje påskrudd så begge har tenkt å kvile i kveld. Nå skal vi nyte at vi greidde det!!

6 kommentarer:

Anonym sa...

Gratulera med fantastisk resultat i helgen. Du gjorde ein utrolig god jobb. Og kurset var velfortjent bestått. Du e goe :-)

Gro sa...

Gratulerer så masse Aud Venke!! : ) Eg visste det ville gå fint. Dette var et velfortjent resultat.
Klem fra Gro

Anonym sa...

Gratulerer så mye Aud Venke!!! Dette fortjente du virkelig!!! jeg visste du ville klare det:) Jeg kjenner deg og vet hva du står for og det er mye BRA!!!
Klem fra Marit

Trofast sa...

Gratulerer så masse fra Tjeltagjengen!!

Anonym sa...

JIPPI!!!!
GRATULERER Aud Venke!!!! Gratulerer med bestått kurs! Kjempebra og vel fortjent!!!
Stor hilsen fra Anne og Thelma

Aud Venke sa...

Takk, takk! Så mykje ros. Det er mest så eg trur det :-).