tirsdag 16. desember 2008

Det aller første blodsporet!

I dag møtte vi Jan Inge og Marit på området. Jan Inge la ut ein langt blodspor med nokre utfordringar i til Punky og eit enklare med ein vinkel til Ekko. Ekko fekk lukte på ein dyreskank (litt av foten). Det var spennande. Han tok den i munnen og holdt godt.
Mens spora låg og godgjorde seg ein times tid, trente vi på andre ting.

Bråstopp
Ekko er no blitt ein reser i å rygge. Han reagerer litt når eg byrjar å rygge, men fortset med sitt. Veldig bra.

Apportering
Eg ville prøve apportering med dummien. Denne er til vanleg ganske sterk for Ekko så eg har lagt den bort ei stund. Han greidde ikkje å levere når den var ein av gjenstandane. Nå stod vi på grusen. Dummien blei lagt ut. Han spring kjapt ut, hentar og kjem inn. Så forlangar eg utgangsstilling og då byrjar han å bite i dummien på vegen. Vi blir einig om at skal kun ha springe ut, hente og levere utan å bite i dummien som mål. Då hadde han fleire fine. Veldig bra.

I neste økt, går vi til det området der vi ofte har trent felt (grasunderlag). Spring flott ut og så byrjar sirkuset: Han må tisse, lukte osv. Blir henta inn og vi fortset på grusunderlaget som i første del. Det går mykje betre sjøl om farten og giret frå første omgang ikkje er det same.

Blodsporet
Nå var eg spent. Han hadde altså lukta og var interessert i både skank og blod tidlegare på dagen. Tok på han langline. Då vi nærma oss oppsparket (eit tydeleg markert område som skal likne på at her har dyret sparka frå og sprunge etter skadeskotet), blei han ivrig. Ved sjølve oppsparket lukta han veldig og så begynte vandringa. Nasen i bakken og roleg tempo. Somme stader stoppa han opp og lukta ekstra før han gjekk vidare. Vinkelen tok han fint og gjekk rett på skanken. Der låg det ein del pølsebitar. Etter å ha spist dei opp, gjekk han tilbake med skanken i munnen. Eg venta på at han skulle bli lei (for det pleier han når han ber på noko), men ikkje denne gongen. Den skulle berast heilt fram. Jan Inge hadde lagt nokre få pølsebitar i sporet (vi tenkte at det skulle senke tempoet, men det var tydeleg at blodet gjorde det).

Dette var kjekt. Eg hadde aldri trudd eg skulle få eit så godt førstespor. Nå skal vi jammen arbeide med blodspor i tillegg til dei andre spora framover.

Punky gjekk eit spennande og langt spor. Det var tydeleg ho visste ka ho skulle og at dette var kjekt.

Ei god treningsøkt, så no må eg kanskje begynne på julebaksten....

3 kommentarer:

Anonym sa...

Ja du har all grunn til å være stolt av Ecco på blodsporet i dag! Han var helt rå!!
Tenker julebaksten går som en "lek" nå:)

Gro sa...

Wow, så tøft!! Det er tydelig en god sporhund du har. : )
Så kjekt Aud Venke, det har eg og lyst te å prøve ein eller annen gang.

Anonym sa...

Eg har liksom i det siste følt meg trygg på at det e trygt å gå seg vill når ein kjenne Ekko. Og detta gjør meg ennå tryggare på det. Så nå e det rett før eg går ut dørå for å gå meg vill. Og lage eg et lite hål i fingen og dryppe ut noen røde spor så e eg i hvertfall trygge. Takk Ekko for at du gir meg denna tryggheten :-)