tirsdag 16. desember 2008

Rygging og meldetrening

Denne måndagen hadde vi først ei god økt med utgangsstillingen heime i stova (hadde ein ostesnitzel som visst var veldig god..). Eg syns han framleis litt for ofte må rette seg opp, men det kjem og mange fine og når han må rette seg opp, går det fort.

På måndagstreninga jobba eg saman med Ingeborg, Marit og Jan Inge. Først er det rygging. Her er Ekko blitt veldig flink. Han rygger ganske langt. Han blir litt usikker når eg òg begynner å gå bakover. Nå treng eg ei oppskrift på vegen vidare av Elisabeth. Eg var ikkje der då Thomas forklarte, så kjære Elisabeth, legg du inn ei lita oppskrift til meg? ....

Eg ville tilbake til meldingstrening utanfor runderingsløypa. Ekko gjer alt riktig på dei to første slaga. Han plukker til og med opp lausbittet frå bakken. Men så kjem tredje slaget. Spring fint ut, hentar og i full fart tilbake for så å ta seg ein tur bak ein konteiner. Eg bryt meldinga. Han må ut igjen. No blir det bare tull. Får til slutt til eit passe ok slag der han hentar og leverer greit, men tempoet er ikkje som i dei to første. Lurer på ka som gjer at brytaren så brått blir skrudd av?

Då vi kom heim, tykte Ekko det var på tide med litt julereingjering så hundeteppe, hundeseng og leiker fòr vegg i mellom. Dei skulle ristast skikkeleg. Det foregjekk i stort tempo. Brått var det slutt og han la seg ned for å sove. Var det den energien han sparte på dei siste slaga i meldetreninga??

2 kommentarer:

Gro sa...

He he, ja av og til hadde det vært kjekt å vite ka så skjer inni håvene te våre kjære firbeinte....

Konsentrasjonssvikt??
En utrolig spennende lukt....?
For lang økt? Er to slag nok før pause?
Er det for kjedelig eller for vanskelig?
Hva med motivasjonen/forsterkeren, kan den bli enda bedre?

Ikke godt å si, vi kan bare spekulere??

Aud Venke sa...

Kloke ord, Gro. Skal seie den hjernen din fungerer godt sjøl om du er sylta. Det kan vere at det er nok med to økter. Premien ute hjå figurant verkar kjekk, det er alltid på veg inn til meg tullet kjem. Men eg skal tenke og jobbe vidare med den der.