søndag 28. desember 2008

Det avslappande og gode julelivet

Denne veka har eg ikkje rundert, gått spor eller sprunge gode turar, men eg har storkost meg for det. Til dømes har dei beste venene mine budd her mange dagar. Det er så kjekt å vente på lydar frå gjesterommet kvar morgon! Og så har det vore masse gjester på besøk. Eg held på å gå bananas kvar gong det ringjer på. Matmor er så treig. Eg syns vi skal springe dei i møte, men ho masar om "sitt". Akkurat som det går ann når beina kriblar og eg gler meg nesten i hel! Ho har brukt ei veke på å prøve å roe meg litt ned. Og eg syns eg har blitt ganske flink. Eg blir ganske vill akkurat når klokka ringjer, men greier faktisk å helse pent når dei har kome inn i stova. Trur matmor er ganske nøgd. I alle fall lot ho det kome fleire og fleire gjester.

Veslejulaftan fekk vi besøk av nokre gutar som var redd meg og nokre vaksne som ikkje liker hundar (rare vener matmor har...). Eg hadde fått julepresang av Silje & Pia og den fekk eg lov til å opne dagen før dagen. Takk Pia, det beinet gjorde at eg roa meg ned sjøl om eg allerhelst ville vise dei at eg er verdas kjekkaste hund. Eg greidde det så bra at då eg fulgte dei heim om kvelden prøvde den eine guten å klappe meg og så sa han: "Eg trur Ekko liker det når eg klappar han". Hallo! Eg kunne lagt meg ned på asfalten for deg - eg elskar å bli klappa! Og kanskje eg har vore så kjekke no at dei tør å kome på besøk oftare?

På julaftan trudde eg at eg skulle bli heilt gal ei stund. Det lukta SÅ godt! Eg la meg fint ned på golvet under middagen og var veldig grei syns eg. Fekk litt som premie.
Under treet matmor hadde dradd i hus, låg det pakkar. Radarnasen min tok eit overvêrssøk, men fann ut at det var ingen vits å prøve seg på dei pakkane. Dei lukta ikkje interessant i det heile. Blei litt bekymra. Skulle eg bare få den pakken eg åt opp i går? Eg som hadde vore så grei.

Heldigvis var det pakkar til meg òg. Då dei tobeinte skulle begynne å pakke opp sine kjedelege pakkar, sa matmor: "Søk, Ekko!" Det viste seg at dei hadde planlagt pakkeleiken til meg. Kjempekjekt! Eg søkte rundt overalt unntatt i stova for der hadde eg jo allereie snust meg fram til at det var lite å hente. Eg fann to kjempegode og godt innpakka pakkar (det tok litt tid å få av papiret). Den eine var ein kong fylt med fiskekaker, den andre var griseøyra. Eg er skråsikker på at eg fekk dei beste presangane!


Når vi ikkje har hatt besøk og eg har jobba hardt for å vere snill, har eg kost med bestevenen min.

Forresten. Matmor har ikkje bare dradd eit tre inn i huset, ho har invitert to skjeggete typar som bare står der og glor. Eg liker dei ikkje, men har akseptert at dei kan vere der. Og eg syns jammen dei burde la meg og vere i fred. Men veit du ka dei gjorde? Dei stal kongen min! Eg trilta den bortover golvet for å få tak i dei siste godbitane og brått fanga dei den mellom seg. Eg blei heilt fortvila og begynte å kjefte på dei, men trur du dei gav seg? Nei, matmor skjønte at eg var fortvila, så ho kom og det var ho som måtte ta den i frå dei. Fy så dumme dei er. Eg som ikkje har gjort dei noko vondt.

Kvart år prøver dei å ta bilete av meg ved sida av det der rare treet. Eg liker det ikkje og når eg ser resultatet, ser eg jo at det ikkje blir neste års julekort heller. He. he. Nei, eg liker helst at det skal vere bilete av meg i aktivitet. Sånne der eg skal sitje i ro og sjå grei ut, er dumme.

Men no må eg kvile litt igjen. Hardt å ha juleferie. Kos dykk vidare i romjula.

Romjulssleik frå Ekko

1 kommentar:

Gro sa...

Så godt det blei et par pakkar te deg og Ekko.

Eg måtte i "bingen" mange ganger eg på julaften, men det var litt godt og, for der fekk eg slappa av litt uten at både Safi og Isi kapptes om å ri på meg heile veien.

Rare folk egentlig så var der for de drog et rart tre midt ut på golvet å så både gjekk og sprang de rundt og rundt og rundt det??? Kor sko de egentlig hen?? Det kom någen rare lydar ud av munnen på de og......

Jule hilsen fra Maja