torsdag 4. desember 2008

Frustrert rygging

I dag har eg skikkeleg testa ut kor frustrert Ekko kan bli. På treninga i kveld skulle Elisabeth og eg trene på det som etterkvart skal bli bråstopp under kommando. Elisabeth hadde lært det av Thomas og no forstod eg òg det litt betre.
Vi startar med at førar står stille og hunden tilbyr rygging. Etterkvart skal dei rygge lenger bakover enn 2-3 steg medan førar står stille. Ekko rygga i "bolkar". Dvs 2-3 steg og stopp for å sjekke om eg var nøgd, så 2-3 nye steg. Vi bestemte oss for merker i bakken dei skulle rygge forbi. Det blei i ein periode skikkeleg frustrerande for Ekko. Han tilbaud det meste unnateke å rygge langt nok. Då begynte han å bjeffe. Elisabeth stod og moralsk støtta meg i å oversjå og vente. Og jammen kom det nokre ekstra steg bakover til slutt ;-).

Etterkvart begynte eg så vidt å lee på beina medan han rygga. Eg skal til slutt kunne rygge medan han rygger. Altså at vi går frå kvarandre. Dette skal altså hjelpe til at det blir bråstopp når kommandoen "Stå" kjem under marsj.

Vi hadde òg ei økt med meldetrening. Den første skulle vere i litt skog. Ekko stiller seg fint opp, spring ut til Elisabeth, set nasen høgt og der forsvann han! Kaninjakt! Då er han på billigsalg og eg må ta meg saman for å vere blid når han omsider dukkar opp igjen.
Dei andre lausbittmeldingane er med langline.... Dei gjekk veldig fint.

I morgon satsar eg på meir meldetrening og spor før det blir målplanlegging og fest.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Ecco! Ikkje ver lei deg eg ska få mor mi te å ta med kaka te deg i mårå.Eg synes at du va gysla flinke på treningen i kveld. Kaniner e gøy !!!!! Eg begynte på de røde jula lyså i kveld, han far blei fykanes sinte :) Klem Scotty
p.s me guttane må holda samen! :) :)

Anonym sa...

Å det va godt. Eg gler meg alt. Ja, kaniner e tingen. Trur eg snart må ta med meg ei heim. Hold deg unna lys, Scotty. Det bler bare mas av sånt. Ler litt av ein vaksen. Eg har greidd å få lov te å sova i sofaen når mor legge eit teppe der. De e så deiligt at eg gidde ikkje gjera någe når eg kjem heim om kvelden. Prøver bare å lokka hu med rødvinsglasset til å sette seg ned i sofaen òg. Då bler det kos på begge :-)

Anonym sa...

Om det e noen så lika kaniner, så må dåkke komma å ta ein titt i hagen te naboen min. Der e det 9 saftige deilige kaniner. Har ennå ikkje klart å ta noen, men med litt hjelp så klare me det :-)

Faya