mandag 31. august 2009

Litt meir spor

Inspirert av laurdagen, la eg ut eit vel 300m langt spor til Ekko i dag. Det gjekk i variert terreng. Eg gjekk med GPSen på meg for å trene på å bruke den. Eg la ut godbitar ved starten, nokre få undervegs og ein boks med godbitar på slutten. To sløyfer blei brukt. Ei i starten og ei på slutten. Sporet fekk ligge ein time før eg gjekk det.

Ekko tok fort sporopptak, han gjekk i passe tempo og var lett å lese. Når nasen var i bakken, var han på sporet. I blant var nasen i veret. Då rota han som regel og prøvde seg på overvêr. Greidde som regel å plukke det opp igjen. Sleit litt der eg hadde gått langs vegen i staden for å krysse, men fann til slutt krysspunktet. Ser det er vanskeleg å gå sitt eige spor for eg trør fort ei ferskare lukt der eg ikkje skulle trødd. Slutten fann han greit, men det var faktisk med nasen i veret. Kan det vere at boksen med karbonadebitar gav frå seg ei godlukt?

Konklusjon på sporet er at eg med fordel kan arbeide med å få han meir nøyaktig. Han er veldig flink når nasen er i bakken, men dei der pausane opp for å bruke oververet må eg gjere noko med.

Medan vi venta på at sporet skulle eldast, trente vi på fellesdekk (6 hundar). Det gjekk veldig bra. Litt fri ved foten og eit par meldingar. Dei gjekk òg fint.

Heilt til slutt eit stort JIPPI! Då Ekko var ferdig med sporet, gjekk han med langlina på til vi kom inn på området. Der ser eg Silje og Pia eit stykke nede på området. Vel å ta av Ekko langlina og begynner å gå. Ikkje direkte mot dei, men nedover. Ekko og Pia stopper og måler kvarandre. Pia hadde visst full punk i følge Silje. Ekko spring bort til henne, demper litt og inviterer til å springe med. Og Pia blir med. Kjeftar litt på han, men spring etter. Slik leiker dei litt, så går dei litt og et gras, spring litt til og tuslar til slutt ved sida av kvarandre. Gjett om Silje og eg var glade?

1 kommentar:

Marit sa...

Så moro å lese at Ecco har blitt så flink, både på det ene og det andre. Hurra for Ecco!!