mandag 8. desember 2008

Eg har visst begynt å trene på dei nye måla

Eg er ute og går i mørkret. Ser du meg? Har fått sånn lykt som Maja har. Ganske tøft. I tillegg har eg refleks på selen, men det vises bare når det kjem lys på. Lykta lyser heile tida. Lykta kosta 9,90 på Biltema.

I dag har eg vore i skogen. Eg har vore flink og kome kvar gong matmor har fløyta. Etter ei stund ville ho vi skulle gå på vegen og då måtte eg i band. Då blei visst den tobeinte sur. Ho haldt i bandet slik at eg ikkje kom fram. Eg skjønte ka som var gale, men eg greidde ikkje å stoppe. Det er så vanskeleg å gå fint i band rett etter eg har sprunge og kost meg. Det er som om luktene er i nasen enno og eg må skunde meg til dei. Men etterkvart så greidde eg å dempe meg og gå fint. Men eg drar opp bakkane. Då får eg ikkje kjeft. Eg trur ho liker å få hjelp oppover.

Eg har sjekka litt ut dei måla matmor har skrive ned. Hjelpe meg. Er ikkje heilt sikker på om eg har lyst til å lære alt det der. Men nokre mål har eg fiksa ganske greit i desse dagane. Eg har vore grei sjølv om vi er på besøk. Då kompisen min kom heim frå skolen, tok eg bare ein ball i munnen og logra. Eg hoppa ikkje. Og det syns eg var imponerande for eg syns han er verdas kjekkaste tenåring.

Så har eg vore grei kvar gong vi skulle i bilen. Matmor sit forresten med dataen og ser på bilbur. Eg skal visst få eit nytt og fint. Eg syns både "Herkules" (http://www.morene.no/) og "Bonzobur" frå Gann blikk(http://www.bonzobur.no/) ser fine ut. Men aller helst ville eg hatt ein deilig madrass som dekka heile bakparten av bilen. Er det noen som kan anbefale det eine eller det andre?

Vi har trent på rygging. Stova her er større enn vår så eg måtte rygge lengre. Veit ikkje om eg likte det: Matmor begynte å rygge ho òg. Ka var poenget? Eg blei litt forvirra då, men skulle visst fortsetje å rygge. Så har vi trent litt på at eg skal bli liggande. Litt vanskeleg når dei begynte å friste meg, men eg har greidd det fleire gonger.

Akkurat no ligg eg og sløver under salongbordet. Eg gav opp då dei begynte å trene til matteprøven i morgon. Kjente eg blei trøytt då dei begynte med 5(x-7)-4(x-1)= 8(x+3)-12x og sånn fortsatte dei med meir og meir tal. Blei heilt tullete i hovudet. For meg er matematikk sånn: Anten har eg det eg vil ha, ellers så har eg det ikkje. Lite x-ar her.

Lurer på om dei andre sakna meg på treninga i dag? Hadde tenkt eg skulle kviskre til Era at matmor har begynt å gje meg meir mat. Eg var visst blitt for tynn. Det har eg prøvd å fortelje henne mange gonger, men det var ikkje før ho omtrent såg ribbeina mine at ho forstod alvoret. Er ikkje heilt mett enno, men det hjelper på.
Sleik på snuten frå Ekko.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Heldige du e så får mer mat. Eg og vil ha. Me savna deg masse på treninga. Det va ei dama så kom mysande veldigt. Og så: E ikkje Aud Venke og Ekko her? Tror hu hadde ein god kos te deg fordi du va så snill på fredag. Håpa i hvertfall du komme hjem te torsdag, for då e det ny trening.

Aud Venke sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Anonym sa...

Eg komme på torsdag. Gler me te treninga, men eg har ikkje lyst te å reisa herifrå. Det e så kjekt å vere her.
Det e glatt på begane og det snør her. Eg syns bare det e kjekt, men matmor syns det e litt nifst å gå. Pysa.

Anonym sa...

Ja hu e litt pysete :-) Hu får kjøpa seg piggar å ha unna skonå. Då går det så bra så. Då kan du ta ut mot alle katter og hannhunder du vil uten at hu dette så hardt :-)