lørdag 21. november 2009

God treningsøkt på nytt område

Balder har funne Kari.

I dag skulle vi prøve skytebanen på Madla. Vi hadde fått avtale med Madlaleiren om bruk av området (takk, Anne Lise. Utan din sjarm og innsats hadde vi aldri vore her).
Ekko var andre hund ut. Vi har i det siste vore flinke til å få tid til å gjere hundane klar før det er vår tur. Det ser eg er ein fordel for Ekko. Han blir meir gira når han og eg har hatt ein liten lufting, litt leik og kos før han skal i ilden.

I dag var det spennande då det var nytt område. Ekko arbeidde ivrig. Kryssa meg fint. Men vi kan med fordel arbeide endå meir med å springe beint ut. Han ville leike med Gro Anita på dei aller fleste slaga. Det var eit pluss. Blir ellers fort lei leik og sparar energi ved å stå i ro. Trur Kari bare var glad for at han ikkje ville leike hjå henne. Det krever jo litt å gå inn i leik med han :).  Hadde planar om å ha eit par enkeltslag med lausbitt, men såg at nytt område var utfordring nok.

Balder var hund nr 3. Han var meir uthaldande i dag og imponerer. 5 1/2 månad og begynner skikkeleg å skjøne teikninga
Balder: Hm. Hu ville ikkje gje meg meir mat. Ka var det eg skulle no? Jo over til andre sida!

Det var fleire hundar som brukte ein del tid på snusing og ekstra rundar i dag. Tydeleg at nytt område krev at vi må gjere oppgåvene enklare for dei då. I staden for å bli irriterte og få nederlagskjensle når hunden byrjar å rote, kanskje vi skulle tenkje at vi gjer det for vanskeleg? Sjølv om vi meiner at hunden kan det. Hunden viser tydeleg at han/ ho ikkje kan det. Så for blodtrykket, hundegleda osb gjer det litt enklare enn vi hadde tenkt. Det gjeld like mykje meg sjølv. Eg vil jo så gjerne at han kan det.
Sita i godt driv

Siste hund ut i dag var Maja. Eg må innrømme at eg tenkjer på Maja då ho var redd for å springe ut til figurant, då Gro bare måtte ha to slag og det måtte vere enkle slag. Ingen skulle tru det no når Maja er i farta. Her var det fart, fine kryssingar og ein ivrig hale! Så dei to siste hundebileta er Maja i farta.



Vêret var nydeleg. Etter 2 dagar med skikkeleg regnver, fekk vi strålande sol ogblå himmel!

Etter kaffipausen var vi 4 igjen som trente melding. Ekko jobba godt, men hadde ikkje verdas høgaste fart. Ut til Gro gjekk det fort. Ho er kjempeflink til å leike med han så det er tydeleg at gevinsten er verd å jobbe for! No må eg prøve melding i skogen neste gong.



2 kommentarer:

Gro sa...

Tror nok Ekko er klar for å flytte meldingen ut i skogen ja.
Han er utrolig kjapp i jakten på leiken under belønningen, så det er ikke lenge jeg klarer å holde ham unna. : )

Det er så kjekt når du tar så flotte bilder av hundene "in action". Kjempeflotte de to av Maja!! Spesielt det siste var utrolig bra.
Kanskje jeg kan få kopiert dem rett fra bloggen? Eg prøve på det.

Aud Venke sa...

Kopier i veg du :). Ja han er kjapp i leiken, men eg syns du gjer ein kjempejobb