søndag 30. desember 2007

Det nærmar seg skrekkens kveld


Eg lever eit fredeleg liv med god julemat, griseøyrer, kaker, kosestunder med menneska og turar i det fri. Juleferie er verkeleg ei ferieform eg liker! Bare det ville vare lenge.... Men no har dei første signala på at freden er slutt, begynt. Eg skulle ein tur ut i kveld. Var bare komen rett utanfor døra, så smalt det. Brått måtte eg ikkje tisse lenger, eg ville inn. Koffor gjer dei sånt? Og dette er bare starten, seier mor. Hallo politikarar! Ikkje ver så feige, forby alt det der tullet!


Når eg ikkje er skremd, trener eg bittelitt. Mor greier ikkje å få meg til å forstå det der med teipen. Men vi gjer ikkje opp.

Matmor har funne dyreklinikken her vi er og har kjøpt ny klotang. Eg var spent på det der, men med ribbebitar som premie, blei alle klørne klipt. Slå den!


Nå skal dei tobeinte spele "oilboom". Det tar eg som eit signal på at eg snart skal begynne å vandre kvilelaust rundt. Då må mor gå frå spelebordet og gå tur med meg (he, he).

3 kommentarer:

Anonym sa...

Oilboom har eg aldri hørt om. Ka det går ut på? Innebærer det mat?

Har hørt noen sånne smell eg og Ekko. Men eg forstår ikkje heilt koffer det e så skummelt. Når me har gått tur på kveldene så får eg masse leverpostei og makrel i tomat kvar gong det smelle. Så eg forstår ikkje heilt ka så e så skummelt, men eg tror Chico syns det e litt skummelt. Tror du må fortella meg ka så e så skummelt med dei smellå. Det ska vist komme masse av dei i kveld.Då blir det nok masse godt å få :-)

Faya

Anonym sa...

God nytt år

Hilsen Faya, Chico, Fiskene, Victoria, Andy og Elisabeth

Anonym sa...

"Oilboom" er eit brettspel. Det tar lang tid syns eg. Menneska har godbitar til seg sjøl mens dei spelar... eg fiksar alltid litt til meg òg.
Godbitar hjelper litt, men eg vil helst legge meg under bordet og gøyme meg. Eg liker ikkje lyden av smella. Kanskje eg har vore i krigen i tidlegare liv??

Fiskane? Har dokke fått fisk? Her er det sol og vinterkaldt. Mor snakke om at ho ska gje seg sjøl støvsugd bil til bursdagen så eg trur eg skal bruke litt tid til å sjekke ut om ho gjer det skikkeleg. Og så har ho lova meg litt slalomtrening i bakhagen.

Godt nytt år til alle dokke! Gler meg til trening igjen. Matmor helsar òg.