søndag 16. desember 2007

På førjulsbesøk

Så har vi vore runden med pakkar. Det er veldig kjekt, men eg trur matmor blir litt frustrert. Ho har lyst på ein litt strigla Ekko. Du veit alle kan fortelje om ein hund som ligg stille på kommando og blir der til neste kommando. Tja eg la meg jo ned, men altså, kem ligg stille i lang tid når huset vi kom til var fullt av nye lukter og folka var det enklaste eg har lokka godbitar ut av? Den hunden må vere dum. Og dum er eg i alle fall ikkje. Så kan bare desse hundane dei prøver å fortelje oss om, ha det så godt. Eg greidde å få godbitar, kos og mykje klapp ved å bevege meg heile tida. Men eg har ein mistanke om at matmor drøymer om at vi skal imponere dei ein gong. Ta meg ut i runderingsløypa så skal dei nå få sjå, seier eg.

Den eine plassen vi var, skulle eg meir enn gjerne budd. Tenk eg fekk springe fritt i skogen, på vegen og ned til vatnet. Vi hadde tenkt oss at eg skulle ta julebadet, men det blei det ikkje noko av. Det var jo så rart vatn. Då eg trødde på det, sklei eg og brått kom det ein lyd og beina mine blei våte. Rare greier. Mor lo. Fy så feigt.

På runden vår var vi innom Alpha òg. Ho er den ekta mor mi. Men kven skulle tru det? Ho oppfører seg som ein unge. Eg blir sjokkert over henne. Straks matmor kom skulle ho sitje på fanget hennar og kose. Til og med eg har forstått at det er eg for stor til. Men ikkje ho. Tenk dykk ein curly i fanget på eit menneskedyr?! Eg prøvde å hjelpe matmor, men det var tydeleg at Alpha syns eg skulle komme meg vekk. Akkurat som om ho skal eige matmor mi. Ser mor blir litt lei seg for at ho ikkje kan vere med heim. Eg veit ikkje om eg er lei meg for det, for ho er ganske masete.

Men det Alpha har som eg ikkje har, er at ho bur i eit hus der det blir baka mykje. Eg nytta høvet og tok meg litt deig. Den låg jo bare der. Etterpå snakka dei noko om peppar. Kanskje difor eg blei så tørst?

Eg har sjekka gåvene - ingen med namnet mitt på. Hm. Har mor gøymt dei vekk, eller er det noko skummelt på gang? Får ho så skal vel eg òg få?

1 kommentar:

Anonym sa...

Den deigen hørtes god ut. Det va nok smart av deg å spisa den. Eg og har funnet ut at det går an å ta mat fra mordet når menneskene ikkje e hjemma. Kjempegodt altså. Og kaker spesielt. Eg elske kaker. Krumkaker e det besta eg vett. Men Elisabeth har ikkje lagt noen sånne og ikkje ska hu laga heller. Hu seie hu ikkje har krumkakegjern. Men det har mormor. Og eg og mormor pleie å laga krumkaker kvart år. Det virke sånn at eg hu lage dei, og teste dei om dei e goe nok. Og det må testas ein del kaker for å varra på den sikra siå. Men den gleden har Elisabeth tatt i fra meg i år. Hu seie me ikkje ska reisa te veldetun nå i jule. For det julen den kalles denna tiden her. Denna tidå når menneskene blir så rare og drar inn trer og pynte dei og greier. Eg vett Faya ikkje e heilt vant med sånn. Men det e noe spesielt med jula. Den innebærer masse besøk og kaker. Så nyt den.

Chico